Hjem
Click

Utdanning

Integrert master/Profesjonsstudium

Medisinstudiet

Introduksjon

Introduksjon

På medisinstudiet lærer du korleis kroppen er sett saman, frå dei minste byggesteinane til skjelett, musklar og livsviktige organ. Du lærer også korleis organa fungerer, kva som skjer i kroppen når ein blir sjuk, og om dei ulike faktorane som verkar inn på helsa vår.

Som medisinstudent ved UiB kan du vente deg ein variert studiekvardag med både praktisk og teoretisk undervisning, i tillegg til lengre periodar med praksisutplassering på sjukehus og legekontor.

Allereie første studieår får du bli med ut på sjukehuset og sjå korleis kvardagen som lege kan sjå ut. Du vil møte pasientar tidleg i undervisninga, og i valfrie periodar kan du fordjupe deg i tema du er spesielt interessert i. Du vil også møte engasjerte mentorar, som rettleier deg i rolleforståing og forventningar til legeyrket du utdannar deg til.

Undervisninga skjer i hovudsak på, eller i nærleiken av Haukeland universitetssjukehus. Ved dei lengre praksisperiodane seinare i studiet kan du bli utplassert ved sjukehus både i Bergen, Førde, Stavanger og Haugesund.

Medisinstudiet er krevjande, og som student må du førebu deg på lange dagar på lesesalen eller på laboratoriet. Men studiet er òg spennande og utviklande, og du vil lære mykje om deg sjølv i tillegg til kropp og helse.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Fullført seksårig profesjonsstudium gir autorisasjon som lege. Som lege kan du arbeide på sjukehus, som fastlege i primærhelsetenesta eller på andre område som krev medisinsk kompetanse.

Du kan også spesialisere deg innanfor eit fagfelt som til dømes kirurgi, barnesjukdomar, allmennmedisin eller hjartesjukdomar. Medisinstudiet kvalifiserer deg for forskarutdanning som fører fram til doktorgrad.

Er du interessert i forsking, kan du søke forskarlinja etter det første studieåret. Forskarlinjestudentar følger ordinært studieløp, men studietida blir forlenga med eitt år som blir brukt til forsking. Etter studiet kan forskingsoppgåva brukast som utgangspunkt for ein doktorgrad.

Vidare studium

Forsking

Kunne du tenkje deg å forske mens du studerer? På UiB får studentar som er interesserte i medisinsk forsking tilbod om forskaropplæring på eit særskilt forskarlinjeprogram. Som forskarlinjestudent får du jobbe med eit eige forskingsprosjekt under rettleiing av erfarne forskarar, og blir del av eit aktivt forskingsmiljø. For mange forskarlinjestudentar er forskingsprosjektet byrjinga på ein ph.d.-grad og ein vidare forskarkarriere.

Deltaking på forskarlinjeprogrammet forlenger medisinstudiet med eitt år og gir 120 studiepoeng. Forskarlinjestudentar som etter fullført medisinstudium får opptak til ph.d-programmet, vil kunne fullføre vidare utdanning på kortare tid.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført studium skal kandidatane kunne:

  • Gjere greie for dei ulike biologiske, psykiske, miljømessige, sosiale og kulturelle faktorane som ligg til grunn for mennesket si helse, for utvikling av sjukdom og skade, og for samspelet mellom desse faktorane (også) i behandling og førebygging.
  • Gjere greie for korleis helsevesenet er organisert og kva offentlege og private helsetilbod som er tilgjengelege i pasientbehandlinga.
  • Gjere greie for samspelet mellom dei ulike medisinske fagdisiplinar.
  • Gjere greie for menneskerettar, lover og etiske prinsipp som skal verne pasienten i møte med helsetenesta.


Praktiske evner/Ferdigheiter

Etter fullført studium skal kandidatane kunne:

  • Bruke vitskapleg baserte og formålstenlege metodar for diagnostikk, behandling og førebygging av sjukdom innan det medisinske fagområdet for å avhjelpe liding, sjukdom og/eller skade hos pasienten.
  • Samspele med pasienten om førebygging, helsefremjande tiltak, diagnostikk, samt planlegging og gjennomføring av behandling på ein respektfull og empatisk måte.
  • Gjennomføre rasjonelle og effektive arbeidsrutinar.
  • Samarbeide i tverrfaglege grupper.
  • Kritisk vurdere det vitskapelege grunnlaget for fagkunnskap og faglege avgjerder.
  • Bruke ressursane samfunnet har allokert til helsevesenet på ein mest mogleg rettferdig måte, også ved prioriteringar på individnivå.
  • Tolke og kommunisere avgrensingane i legevitskaplege metodar, samt forholdet mellom det som er teknisk mogleg, samfunnsgagnleg og ønskeleg frå ein menneskeleg ståstad.

Generell kompetanse

Etter fullført studium skal kandidatane kunne:

  • Skape kontakt, tryggleik og tillit i lege-pasient-forholdet.
  • Reflektere over etiske problemstillingar og ha ei systematisk tilnærming til pasienttryggleik, og kunne møte menneske som treng råd og tenester på ein ansvarleg og respektfull måte.
  • Skape god samhandling og gode samarbeidsrelasjonar til andre kollegaer og medarbeidarar i helsevesenet.
  • Utøve ein vitskapleg tenkemåte, og ha ei kritisk tilnærming til forskingsresultat.
  • Vise evne til refleksjon over eiga åtferd og læring, og ta eit sjølvstendig ansvar for vidare- og etterutdanning gjennom yrkeslivet.

Oppbygging

Oppbygging

I løpet av dei tre første åra får du omfattande kunnskap om korleis kroppen er bygd opp og fungerer, og du lærer om samanhengen mellom helse og sjukdom i møte med pasientar. Du blir introdusert for ulike sider av legeyrket, og vil etter tre år vere i stand til å undersøke pasientar sjølvstendig.

Etter dei tre første åra blir kullet delt i to jamstore delar, for å få ein god storleik på studentgruppene som har praktisk undervising på sjukehus samstundes. Den eine delen av kullet held fram på studiet utan opphald, og den andre delen av kullet tar ein «valtermin» på eitt semester før dei fortset studiet. Studentar kan i valterminen reise på utveksling, ta eit kurs i global helse med feltopphald i Asia eller Afrika, studere andre fag eller ta ein pause frå studiet. Studentar med valtermin fullfører medisinstudiet etter 6,5 år

I løpet av dei tre siste åra av studiet blir kunnskapane og ferdigheitene ein treng for å utføre legeyrket vidareutvikla. I undervisinga er praksis og teori tett integrerte, og det er lengre periodar med praksis på sjukehus, legekontor og distriktspsykiatriske senter.

Rekkefølga på faga i medisinstudiet følger ein fastlagt plan som skal sikre den faglege utviklinga mot ferdig utdanna lege. Det er normalt ein eksamen ved avslutninga av kvart semester, og i valfrie periodar mellom semestera kan du fordjupe deg i tema du er spesielt interessert i.

Medisinstudiet. Dette studieløpet gjeld for studentar f.o.m haust 2015 (krav 360 SP)
Medisin 1. studieår (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MEDOD1Første semester medisin- og odontologistudiet171
MED2Andre semester medisinstudiet81–21
MEDOD2Andre semester medisin- og odontologistudiet252
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-MOSEMExamen philosophicum - seminarmodell101
EXPHIL-MOEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101
Medisin 2. studieår (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MED3Tredje semester medisinstudiet273
MED4Fjerde semester medisinstudiet334
Medisin 3. studieår (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MED5Femte semester medisinstudiet275
MED6Sjette semester medisinstudiet276
Elektiv periode 1 - valfrie emne. Første fire vekene av vårsemesteret (krav 6 SP)
Kullet deles til høst- og vårkull
Vegval vert tatt i 3. studieår
Medisin høstkull
Medisin 4. studieår høstkull (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MED7Sjuande semester medisinstudiet277
MED8Åttande semester medisinstudiet278
MEDOVERG4.ÅROvergangsemne mellom st.plan 2005 og plan 201567–88
Elektiv periode 2 - valfrie emne/hovedop Første fire vekene av vårsem. (krav 6 SP)
Medisin 5. studieår høstkull (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MED9Niande semester medisinstudiet279
MED10Tiande semester medisinstudiet1410
MEDOVERGSÆRSæroppgåve1310
Elektiv periode 3 - Valfrie emne/hovedog. Første fire vekene av vårsem (krav 6 SP)
Medisin 6. studieår høstkull (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MED11Ellevte semester medisinstudiet2711
MED12Tolvte semester medisinstudiet2712
Elektiv periode 4 - valfrie emne. Første fire vekene av vårsemesteret (krav 6 SP)
Første fire vekene av vårsemesteret
Medisin vårkull
Medisin 4. studieår vårkull (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MED7Sjuande semester medisinstudiet278
MED8Åttande semester medisinstudiet279
MEDOVERG4.ÅROvergangsemne mellom st.plan 2005 og plan 201568
Elektiv periode 2 - valfrie emne/hovedop Første fire vekene av vårsem. (krav 6 SP)
Medisin 5. studieår vårkull (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MED9Niande semester medisinstudiet2710
MED10Tiande semester medisinstudiet1411
MEDOVERGSÆRSæroppgåve1311
Elektiv periode 3 - Valfrie emne/hovedog. Første fire vekene av vårsem (krav 6 SP)
Medisin 6. studieår vårkull (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MED11Ellevte semester medisinstudiet2712
MED12Tolvte semester medisinstudiet2713
Elektiv periode 4 - valfrie emne. Første fire vekene av vårsemesteret (krav 6 SP)
Første fire vekene av vårsemesteret
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

På medisinstudiet i Bergen blir det lagt til rette for at studentar skal kunne reise på utveksling og få erfaring med legeutdanninga og organseringa av helsevesenet i andre land. UiB har samarbeid med velrennomerte medisinske fakultet i mange land, og tar kvart år i mot studentar som kjem på utvekslingsopphold til Bergen.

Les meir om utveksling her:
Informasjon om utveksling

Anbefalte utvekslingsavtalar

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er fristen for å søke 15. april.
For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO).

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og MEROD: Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og Fysikk 1 og Kjemi 1 og 2.

mof_medisin.jpg

Kvinnelig doktor og baby
Foto:
Ingrid E. Hildrum

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Søk her

Søkerkode i Samordna opptak

184740

Kontakt

Meir informasjon

info@mofa.uib.no
55 58 64 00
(man-fre: 12.00 - 14.00)