Hjem

Utdanning

Master

Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i engelsk

Presentasjon

Mål og innhald

Masterstudiet i undervisning med fordjuping i engelsk er eit deltidsstudium over fire år der målet er å vidareutdanne allmennlærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for oppgåver i den vidaregåande skulen.

Sidan studentane har praksis frå skulen, og studiet har ei innretning som er relatert til undervisning og læring, vil det vere ei overordna målsetning for studiet å kunne byggje bru mellom erfaringskunnskap frå skulen, den forskingsbaserte disiplinkunnskapen i engelsk og den fagdidaktiske kunnskapen.

Gjennom masterstudiet skal studentane tileigne seg teoretisk og erfaringsbasert kunnskap og dugleikar som er med på å utvikle deira kompetanse for å undervise i engelsk i grunnskulen. Studiet vil gi ei innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar knytte til masterfaget, og inneheld trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver. Gjennom studiet skal studentane få høve til å utvikle ei meir sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldematerialet og til vitskaplege framstillingar. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av masterfaget og skulen i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at studentane kan bidra til å vidareutvikle engelsk som fag. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.

Studieprogrammet har tre delar: fellesemne, fag/fagdidaktiske emne og masteroppgåve.

1. Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling. Fellesemne som inngår i masteroppgåva utan studiepoeng. Emnet skal undervisast i fellesseminar frå 2. - 4. semester.

2. Faglege og fagdidaktiske emne, 45 studiepoeng.

3. Vitskapeleg metode og vurderingsteori, fellesemne 15 studiepoeng.

4. Forskingsbasert masteroppgåve, 60 studiepoeng.

Fordjupingsfaget engelsk er kjenneteikna av breidde i aktuelle forskingsemne og er ope i høve til metodar og tilnærmingsmåtar. Masterstudentane tek eit kurs i engelskspråkleg litteratur, eit i engelsk språk, eit i engelsk fagdidaktikk og eit teori- og metodekurs. Det er eit mål for instituttet at fordjupingsemna på masterprogrammet i stor grad skal reflektere interessefelta til lærarane og vere forskingsbaserte.

Studiestart - semester

Haust

Kva lærer eg

Læringsutbyte

A) Fagleg kunnskap

- ha tileigna seg høg fagkompetanse innanfor språk og litteratur

-ha tileigna seg fagdidaktisk kompetanse som gir innsikt i engelskfaglege problemstillingar relevante for arbeid som engelsklærar

- kunne orientere seg i og vurdere kritisk teori og metodar på fagområdet

- kunne finne fram til, bruke, og utvikle kunnskap på nye område innanfor faget

- kunne planleggje og gjennomføre eit arbeid med ei fagdidaktisk masteroppgåve frå skisse til ferdig oppgåve på ein sjølvstendig og systematisk måte i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

- ha tileigna seg normene for akademisk skriving i fordjupingsfaget

- kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk innan fagfeltet

B) Tilrettelegging for elevar si læring i faget

- kunne uforske og evaluere eigen undervisningspraksis og vurdere og rettleie elevar i deira læringsprosessar på grunnlag av teori

- kunne vurdere læremiddel og arbeidsformer i engelskfaget i relasjon til dei ulike emna i skulefaget, og kunne grunngi val og vurderingar i høve til eige fagsyn

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust

Opptakskrav

Søkjarane må ha allmennlærarutdanning med minst 60 studiepoeng i engelsk, eventuelt ein bachelorgrad der det inngår minst 60 studiepoeng i engelsk, samt praktisk pedagogisk utdanning eller tilsvarande.

Sidan studiet er eit vidareutdanningstilbod, er krav til opptak minst 2 års relevant undervisningserfaring frå skulen.

Oppbygging

Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i engelsk (krav 120 SP)
Emne (krav 120 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
ENGMAU641Engelsk språk151–82
ENGMAU642Engelskspråkleg litteratur151–81
METMAU660Vitenskapeleg metode og delinga av erfaring151–84
ENGMAU643Engelsk fagdidaktikk (i Erfaringbasert master i undervisning med fordjupning i engelsk)151–83
ENGMAU651Fellesemne: Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling01–82
ENGMAU650Erfaringsbasert masteroppgåve i undervisning med fordjupning i engelsk601–85
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett