Erfaringsbasert master i undervisning med fordjupning i matematikk
Programmet tilbys av
Oppstart
Haust
Mål og innhald
Masterstudiet i undervisning med fordjuping i matematikk er eit toårig studium der målet er å vidareutdanne lærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen.
Gjennom masterstudiet skal studentane tileigne seg teoretisk og erfaringsbasert kunnskap og dugleik som kan bidra til å utvikle deira kompetanse for å undervise i matematikk i skulen. Studiet har ei innretning som er relatert til praksis i skulen, og det er ei overordna målsetjing å kunne byggje bru mellom erfaringskunnskap frå matematikkfaget i skulen, den forskingsbaserte disiplinkunnskapen i matematikkfaget og den fagdidaktiske kunnskapen. Alle emne i studiet skal bidra til auka dugleik og refleksjon i høve til å undervise faget og kunne leggje til rette for at elevar kan lære i faget.
Studiet er praksisnært og masteroppgåva skal vere fagdidaktisk.
Programmet har tre delar: fellesemne, fag/ fagdidaktiske emne og masteroppgåve.
1. Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling, fellesseminar, del av masteroppgåva
2. Faglige og fagdidaktiske emne på 200- og 300-nivå, 45 studiepoeng
3. Vitskapleg metode og vurderingsteori, fellesemne 15 studiepoeng
4. Forskingsbasert masteroppgåve 60 studiepoeng
Studiet vil gi ei innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar knytte til masterfaget, og inneheld trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av matematikkfaget i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.
I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at studentane kan bidra til å vidareutvikle matematikkfaget. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.
Studentane skal gjennom det faglege innhaldet få møte fordjupingsemne innanfor matematikk og matematikkhistorie slik at dei kan få eit teoretisk grunnlag for å gå vidare med masteroppgåvene.
Studiestart
Haust
Opptakskrav
Søkjarane må ha
Omfang
Studiet er organisert som eit deltidsstudium på til sammen 120 studiepoeng der ein føreset at det vert avlagt eksamen i 15 studiepoeng pr. semester. Normert studietid er 3,5-4 år. Undervisninga er organisert som kombinasjon av nettkommunikasjon og samlingar. Sjå elles opplegg for einskilde emne i studiet.
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Masterstudiet i undervisning med fordjuping i matematikk er eit toårig studium der målet er å vidareutdanne lærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen.
Gjennom masterstudiet skal studentane tileigne seg teoretisk og erfaringsbasert kunnskap og dugleik som kan bidra til å utvikle deira kompetanse for å undervise i matematikk i skulen. Studiet har ei innretning som er relatert til praksis i skulen, og det er ei overordna målsetjing å kunne byggje bru mellom erfaringskunnskap frå matematikkfaget i skulen, den forskingsbaserte disiplinkunnskapen i matematikkfaget og den fagdidaktiske kunnskapen. Alle emne i studiet skal bidra til auka dugleik og refleksjon i høve til å undervise faget og kunne leggje til rette for at elevar kan lære i faget.
Studiet er praksisnært og masteroppgåva skal vere fagdidaktisk.
Programmet har tre delar: fellesemne, fag/ fagdidaktiske emne og masteroppgåve.
1. Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling, fellesseminar, del av masteroppgåva
2. Faglige og fagdidaktiske emne på 200- og 300-nivå, 45 studiepoeng
3. Vitskapleg metode og vurderingsteori, fellesemne 15 studiepoeng
4. Forskingsbasert masteroppgåve 60 studiepoeng
Studiet vil gi ei innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar knytte til masterfaget, og inneheld trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av matematikkfaget i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.
I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at studentane kan bidra til å vidareutvikle matematikkfaget. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.
Studentane skal gjennom det faglege innhaldet få møte fordjupingsemne innanfor matematikk og matematikkhistorie slik at dei kan få eit teoretisk grunnlag for å gå vidare med masteroppgåvene.
Læringsutbyte/resultat
A) Fagleg kunnskap
Studentane skal
- ha tileigna seg den matematikkunnskapen som gjeld i studiet og kunne relatere denne til skulematematikken
- ha utvikla ei sjølvstendig og kritisk haldning til innhaldet i skulematematikken og til den rolla faget spelar i skulen og i samfunnet
- kunne gjere greie for og drøfte grunnlagsspørsmål og teoriar i matematikkdidaktikk, og bruke det som grunnlag for kritisk refleksjon over eigen undervisningspraksis og tilrettelegging for elevars læring
- kunne planleggje og gjennomføre eit matematikkdidaktisk masterprosjekt på ein sjølvstendig og systematisk måte i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
B) Tilrettelegging for elevars læring i faget
Studentane skal
- kunne undersøke læring i eige klasserom i matematikkundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori og presentere refleksjon over dette
- kunne vurdere læremiddel og arbeidsformer i matematikk i høve til dei ulike emna i skulefaget, og kunne grunngi val og vurderingar i høve til kunnskap om fag og fagdidaktikk, og eige fagsyn.
Opptakskrav
Søkjarane må ha
- lærarutdanning; allmennlærarutdanning eller bachelor/cand.mag+PPU (eller tilsvarende).
- Minst 60 studiepoeng matematikk på universitetsnivå. Dei 60 studiepoenga må dekke fagstoff tilsvarande MAT111, MAT112, MAT121 og deler av MAT131.
- Minimum 2 års relevant undervisningserfaring
Obligatoriske emne / spesialisering
I kursdelen i programmet inngår sju obligatoriske emne:
- Matematikkens historie - matematikken i oldtida (5 sp)
- Matematikkens historie - matematikken i nyare tid (5 sp)
- Diskret matematikk (10 sp)
- Algebra (10 sp)
- Differensiallikningar II (10 sp)
- Analyse og numeriske metodar (5 sp)
- Metodekurs i utdanningsforskning (15 sp)
I tillegg kjem masteroppgåva på 60 studiepoeng. Seminaret Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling er eit obligatorisk seminar som strekkjer seg over fleire semester av studiet. Seminaret utgjer undervisningsdelen av arbeidet med masteroppgåva og skal munne ut i ei prosjektskisse til masteroppgåva. Prosjektskissa for masteroppgåva skal vere godkjent før sjølve arbeidet med masteroppgåva tek til.
Rekkefølje for emne i studiet
Studiet er organisert som eit deltidsstudium der føresetnaden er at studentane tek 15 studiepoeng kvart semester.
Masterstudiet med fordjuping i matematikk har følgjande emne:
1. semester ( haust):
- Matematikkens historie - matematikken i oldtida (5 sp)
- Diskret matematikk (10 sp)
2. semester( vår):
- Matematikkens historie - matematikken i nyare tid (5 sp)
- Algebra (10 sp)
3. semester( haust)
- Differensiallikningar II (10 sp)
- Analyse og numeriske metodar (5 sp)
4. semester ( vår) fellesemne:
- Metodekurs i utdanningsforskning (15 sp)
5. - 8. semester
Masteroppgåve (60 sp)
Krav til progresjon i studiet
Emna i kursdelen må avleggjast og gjennomsnittleg karakter på emna i kursdelen må ikkje vere dårlegare enn C for å ta til med skriving av sjølve masteroppgåva i femte semester av studiet.
Prosjektskissa knytt til fellesseminaret "Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling" må også vere godkjent før arbeidet med sjølve masteroppgåva tek til.
Undervisningsmetodar
Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåve, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verkty. For nærmare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane. Ein viktig del av arbeidet i studiet vil skje gjennom nettbasert kommunikasjon.
Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling.
I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om også sjølve å organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.
Yrkesvegar
Fullført og greidd studium kvalifiserer som lektor i matematikk med høve til å undervise i 5.-10. trinnet i grunnskulen og i vidaregåande skule.
Evaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem. Det kan nyttast ulike evalueringsformer.
Fagansvarleg
Matematisk institutt, Det matematisk-naturvitskaplige fakultetet, Universitetet i Bergen
Adminstrativ ansvarleg
Senter for etter- og videreutdanning, via.uib.no og Matematisk institutt, www.uib.no/math
Dersom du har spørsmål om programmet, ta gjerne kontakt med studieveileder for programmet, studieveileder@math.uib.no, 55 58 28 41.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| MAUMAT641 | Diskret matematikk | 10 | - | 1 | ||||||||
| MAUMAT642 | Matematikkens historie - matematikken i oldtida | 5 | - | 1 | ||||||||
| MAUMAT643 | Matematikkens historie- matematikken i nyare tid | 5 | - | 2 | ||||||||
| MAUMAT644 | Algebra | 10 | - | 2 | ||||||||
| MAUMAT645 | Differensiallikningar II | 10 | - | 3 | ||||||||
| MAUMAT646 | Matematisk problemløysing og presentasjon | 5 | - | 3 | ||||||||
| METMAU660 | Vitenskapeleg metode og delinga av erfaring | 15 | - | 4 | ||||||||
| MAUMAT650 | Masteroppgåve i matematikkdidatikk | 60 | - | |||||||||