Hjem

Kunsthistorie, årsstudium

Årsstudiet i kunsthistorie passar for deg som har studert før, og som er interessert i kunst og visuelle uttrykk. Du lærer om vestleg visuell kultur, kunst og arkitektur i eit historisk, sosialt, retorisk og estetisk perspektiv.  Hovudfokus er på den visuelle kulturen i Europa frå antikken til i dag.
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartVår

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

På studiet diskuterer vi kva for rolle kunsten har i samfunnet, kva forhold kunsten har til politikk og makt, og korleis kunsten kan bli forstått og tolka.  

Kunsthistoriefaget stiller spørsmål som:   

  • Kva rolle har bilete i religion, og på kva grunnlag har ein villa forby dei?   
  • Er pressefotografiet ei spegling av røynda eller ein konstruksjon?   
  • Når blir noko kunst: er ikonet i kyrkja kunst, eller blir det kunst først når det heng i galleriet, og kva kan eit urinal seie oss når det blir kunst?   

Med eit årsstudium i kunsthistorie   

  • har du brei kunnskap om sentrale utviklingstrekk innan biletkunst, arkitektur og visuell kultur frå antikken til i dag
  • kan du analysere, tolke og drøfte ulike verk i ein kunsthistorisk samanheng, og sjå kva for geografisk tilknyting, datering og opphav ulike kunstverk har 
  • kan du presentere problemstillingar og argumentere for ulike løysingar både skriftleg, munnleg

Studiekvardag 

Årsstudium i kunsthistorie er eit fulltidsstudium. Ei veke kan innehalde forelesingar, seminar, praktiske øvingar, ekskursjonar og sjølvstudium. I mange av kursa går vi på museum, kunstutstillingar og på byvandring for å utforske faget, i ein av dei aller mest aktive kunstbyane i Noreg. 

Som student hos oss vil det meste av undervisninga vere på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. Det aktive studentmiljøet på kunsthistorie arrangerer dessutan  filmkveldar, lesegrupper og mykje anna. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet. 

Meir om studiekvardagen på HF-fakultetet

Kva kan du jobbe som? 

Kunnskap om kunsten si historie, om visuell kultur og arkitekturhistorie er etterspurt i museum og etatar som arbeider med bevaring og vern av historiske bygningar og kulturmiljø, eller med byutvikling.   

Turistnæringa treng òg folk med kunst- og kulturkunnskap, så vel som evne til god språkleg og munnleg formidling. Vi lever i ei visuell tid, og det å kunne sjå kritisk på og reflektere over visuelle medium i historisk perspektiv er nyttig innan alt frå marknadsføring og reklame til undervisning eller kulturforvaltning.    

Med årsstudium i kunsthistorie er dette aktuelle bransjar:    

  • museum  
  • galleri  
  • kulturadministrasjonen i kommunen  
  • journalistikk  
  • kommunikasjonsarbeid

Kunnskap om visuell kommunikasjon og kunsthistorie er òg viktig i kombinasjon med andre fag dersom du vil arbeide i skolen.   

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Du har to emne kvart semester.   

1. semester 

2. semester 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudiet i kunsthistorie. 

Vidare studiemoglegheiter 

Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelorprogrammet i kunsthistorie. Årsstudiet i kunsthistorie kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar.lle@uib.no  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument som fungerer som en kontrakt mellom universitetet og deg som student.Den skal gjere det tydeleg kva for rammer som gjeld for studiet, dei læringsmåla du skal oppnå og beskrive ein plan for korleis dette skal gjerast. 

Les heile studieplanen

Søk her