Hjem

Naturvitskaplege fag, årsstudium

Årsstudiet er for deg som vil supplere tidlegare utdanning eller fordjupe deg innanfor eit fagområde? Du kan også kvalifisere deg for opptaksgrunnlaget til Praktisk-pedagogisk utdanning? Eit årsstudium er først og fremst retta mot deg som allereie har tatt eit studium på høgskole- eller universitetsnivå tidlegare. Årsstudiet gir deg studierett i eitt år. Velg mellom biologi, kjemi, molekylærbiologi, fysikk, geofysikk, geologi, datavitskap, data­teknologi, matematikk, meteorologi og oseanografi, reservoar og geoenergi.
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar90
  • Studiepoeng60

Hovedinnhold

Kva kan eg bli

På årsstudiet i naturvitskapelege fag kan du velje å konsentrere deg om berre eitt fag, eller du kan kombinere emne frå fleire fagområde.

Innanfor dei ulike faga er det mange spennande emne å velje mellom. Men ver merksam på at studentar på bachelorprogram vil ha prioritet for opptak på emne med avgrensa kapasitet knytt til eksempelvis laboratorieøvingar, tokt og feltkurs.

Årsstudium i naturvitskapelege fag er eit søknadsalternativ for deg som berre skal studere ved UiB i eitt år, og som ikkje har planar om å ta ein grad. 

Årsstudiet er for deg som: 

ønsker å ta emne som gir deg opptaksgrunnlag til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

ønsker å supplere tidlegare utdanning eller fordjupe deg innanfor eit fagområde

Oppbygging

Opptak til årsstudium i naturvitskapelege fag gir studierett til opne emne i realfag for to semester.

Du set sjølv saman studieplanen din med emne frå dei naturvitskapelege faga ut frå forkunnskapane dine. Emna du vel mellom er altså ein del av det ordinære emnetilbodet. 

Du treng ikkje ta ex.phil. eller andre førstesemesteremne dersom du berre skal studere eitt år ved universitetet. 

Det er fleire måtar å fylle eit årsstudium på: 

1. Fagstudium 

I eit eittårig fagstudium kan du velje eitt fag i begge semestra som utgjer til saman 60 studiepoeng. Du står da fritt til å sette saman emne innanfor faget.

2. Fritt valde emne 

I løpet av studieåret set du saman emne sjølv. Du kan velje om du vil inkludere ex.phil. og andre førstesemesteremne, du kan ta med emne frå berre eitt av dei naturvitskapelege faga, eller du kan kombinere emne frå fleire fag. Innanfor visse rammer kan du også velje blant andre opne emne ved UiB. 

3. Opptaksgrunnlag til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Eit årsstudium i naturvitskapelege fag kan gi deg noko av grunnlaget for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). For eksempel kan du følge ein anbefalt emnekombinasjon, som kvalifiserer deg til å følge to av fagdidaktikkemna UiB tilbyr. Men, vi må gjere deg merksam på, at i mange tilfelle kan det ta meir enn eitt år å gjennomføre den anbefalte emnekombinasjonen. 

Studiekvardag

Du vil ha det meste av undervisninga på Realfagbygget som ligger på Nygårdshøyden, midt i Bergen sentrum.

Kva lærer eg

Du kan supplere tidlegare utdanning eller fordjupe deg innanfor eit fagområde. Du kan også ta emne som gir deg opptaksgrunnlag til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og REALFA:

Matematikk R1 (eller S1+S2) og i tillegg anten:

Matematikk R2 eller

Fysikk 1 + 2 eller

Kjemi 1 + 2 eller

Biologi 1 + 2 eller

Informasjonsteknologi 1 + 2 eller

Geofag 1 + 2 eller

Teknologi og forskningslære 1 + 2

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår. På nettsidene våre får du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.

Korleis søke

For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på: http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i naturvitskaplege fag, studiekode i Samordna opptak: 184670.