Geologi
Studievegar
- Bachelor
Primærfaga i det treårige studiet er geofysikk, geologi og matematikk.
- Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i geovitskap.
- Forsking
Fagmiljøet ved UiB er sterkt involvert i forsking innan petroleum, klima og geobiologi, og bidreg i fleire internasjonale forskingsmiljø.
- Sjå også desse studia
Matematiske fag, petroleum- og prosessteknologi, lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk, adjunktutdanning i matematikk og naturfag.
Visste du at ...
Eit semester ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) gir moglegheiter for å studere i unike geologiske omgjevnader.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no.
Oppbygging
Krav til bachelorgraden i geovitskap er ei spesialisering på til saman 90 studiepoeng. Med ei hovudretning i geologi vil studiet ha følgjande oppbygging:
Geologi:
1. semester: Examen Philosophicum, matematikk og kjemi
2. semester: Geologi (innføring, ekskursjon) og geofysikk
3. semester: Geologi (mineralogi) og valemne
4. semester: Geologi (tektonikk, paleontologi) og valemne
5. semester: Geologi (sedimentologi, marin- og/eller kvartærgeologi) og/eller valemne
6. semester: Geoglogi (geokjemi) eller valemne
Utveksling
Det er i dag muligheiter for delstudiar i ulike deler av verden; Vi anbefaler ERASMUS-utveksling til mellom anna København (Danmark), Utrecht (Nederland), Southampton (Storbritannia) eller Aachen (Tyskland ). Ein kan også nytte ei av UiB sine generelle bilaterale avtaler utafor Europa. Studentar vert anbefalt å reise ut i 6.semester. Studium i utlandet krev ein del planlegging, ta derfor kontakt med studierettleiaren på programmet ditt så tidleg som mogleg. Verdt å nemne er Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), som gir mogligheit for studiar i unike geologiske omgivingar. For innpassing av eit eller to semester ved UNIS, ta kontakt med studierettleiar.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Yrkesvegar
Studiet gir kunnskap og kompetanse som kvalifiserer for ulike yrke. Sentrale arbeidsområde er ressursforvaltning, leiting og utvinning av olje og gass. Ein kan også jobbe med klima og miljø. Geovitskaplege kandidatar er etterspurde innan forsking (private og offentlege institusjonar), petroleumsindustrien, private bedrifter, konsulentverksemder, offentleg forvalting (kommune, fylke, stat) og skoleverket.
Se link for jobbintervju med geolog:
http://utdanning.no/yrke_og_karriere/yrkesintervjuer/geolog_yrkesintervju
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i geovitenskap, studieretning Geologi
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir om opptakskravet. http://kortlink.no/U1
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 44,2
Førstegangsvitnemål: 42,8
Antall studieplasser
Samla på bachelorprogrammet : 65
(Talet på studieplassar kan bli justeret)
Meir informasjon
Ta kontakt med studierettleiar på:
studierettleiar.mnfa@uib.no
55 58 30 30
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, høst | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, vår | - | - | ||||||||||
| Studieretning i geologi (krav: 180 SP) | ||||||||||||
| Innføringesemne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MAT101 | Brukarkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering i geologi (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GEOV101 | Innføring i geologi | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| GEOV102 | Ekskursjoner og øvelser i geologi | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| GEOV111 | Geofysiske metodar | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| GEOV103 | Innføring i mineralogi og petrografi | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| GEOV104 | Innføring i strukturgeologi og tektonikk | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| GEOV105 | Innføring i historisk geologi og paleontologi | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| GEOV107 | Innføring i sedimentologi | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Vel minst to emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GEOV106 | Innføring i kvartærgeologi | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| GEOV108 | Innføring i maringeologi og geofysikk | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| GEOV109 | Innføring i geokjemi | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 70 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt emne som til saman utgjer 70 studiepoeng | ||||||||||||