Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i miljø- og ressursfag

Studieretningar:

Bachelorprogram i miljø- og ressursfag, samfunnsvitskapelig retning

Studievegar

  • Bachelor

Det treårige studiet kombinerer miljø- og ressursemne frå både naturvitskapane og frå faga økonomi, historie, geografi og psykologi.

  • Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i naturgeografi, samfunnsgeografi, samfunnsøkonomi, biologi eller miljøkjemi.

  • Forsking

Forskinga på fagfeltet kombinerer fag som biologi, kjemi, geografi og økonomi, ein kombinasjon som vil være nødvendig for løysing av viktige miljø- og ressursutfordringar både i et lokalt, regional, nasjonalt og globalt perspektiv.

  • Sjå også desse studia

Geografi, biologi, kjemi, samfunnsøkonomi, utviklingsstudiar.

Visste du at ...

Du kan velje å ta delar av studiet ved University of Makerere (Uganda), James Cook University (Australia) eller University of Kwazulu Natal (Sør-Afrika).

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna examen philosophicum (ex.phil.), og 90 studie¬poeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor miljø- og ressursfag. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Programmet er bygd opp kring 5 obligatoriske emne (kvart på 10 studiepoeng)

- Naturvitskaplege perspektiv på berekraftig utvikling

- Kjemi i naturen

- Marine økosystem

- Ressursforvalting og miljø i endring

- Grunnkurs i økonomi

Dette er grunnstamma på totalt 50 obligatoriske studiepoeng.

I tillegg skal du velje 2 av dei følgjande 4 tverrfakultære emna:

- Marin historie

- Miljø- og risikopersepsjon

- Miljø- og ressursøkonomi

- Miljø, klima og historia til mennesket

I tillegg vel du 20 studiepoeng med spesifiserte miljø- og ressursemne frå ei vald spesialisering. Valfridommen er altså stor og vil kunne gi kombinasjonar som oppfyller krav til opptak på ulike masterstudium. Det er viktig at du vel emne du kan trenge til eit masterstudium blant dei 60 valfrie studiepoenga.

Semestra for valfrie emne blir tilpassa eigne ønske og kva studieplassar som er tilgjengelege. Dersom du skal gå vidare på eit masterprogram, må du fylle opptakskrava for det aktuelle programmet, og gjerne bruke dei som rettleiing når du vel dei valfrie emna dine. Miljø- og ressursstudium inngår i dei fleste faga ved universitetet og kan derfor kombinerast med ei rekkje fag innanfor naturvitskap, samfunnsvitskap, historisk-filosofiske fag, jus og psykologi. Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, seminar og skriving for læring.

Bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag vil da sjå slik ut:

Siste semester

Spesialiseringsemne + andre val

2.-5. semester

Obligatoriske fagemne:

Kjemi i naturen (KJEM100)

Marine økosystem (BIO202)

Innføring i samfunnsøkonomi (ECON100)

Ressursforvalting og miljø i endring (GEO281)

Tverrfakultære og valfrie emne: sjå ovanfor

1. semester

Ex.phil.

Naturfagleg perspektiv på berekraftig utvikling (MNF115), eventuelt eit innføringsemne i matematikk/statistikk for realfagleg studieretning

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga di i eit anna land. Vi har i dag avtaler med University of Makerere (Uganda), James Cook University (Australia) og University of Kwazulu Natal (Sør-Afrika), og du vel reisemål for delstudiet ut ifrå av kva for ein mastergrad du eventuelt tek sikte på.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag legg vekt på auka samfunnsorientering og erkjenning av kor viktig det er å ha ein tverrfagleg bakgrunn. Tverrfagleg utdanning gir eit godt grunnlag for å utvikle den kompetansen som dei enkelte verksemdene treng. Dermed er din kompetanse ein ressurs i næringsliv og forvalting. Dersom du siktar deg inn mot ein forskarkarriere, er det også nyttig med ein tverrfagleg bakgrunn.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 46,3
Førstegangsvitnemål: 44,2

Antall studieplasser

9 (Talet på studieplassar kan bli justert)

Meir informasjon

Ta kontakt med studierettleiar på:

studierettleiar.mnfa@uib.no

eller på telefon 55 58 30 30

BATF-MIRE/Bachelorprogram i miljø- og ressurssstudier
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Bachelorprogram i miljø- og ressursfag, samfunnsvitskapleg retning (krav: 180 SP)
Innføringsemne (krav: 10 SP)
Seminarmodellen på ex.phil er primært eitt tilbod til 1.semesterstudentane
    Vel eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-MNEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
EXPHIL-MNSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1
Spesialisering (krav: 50 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MNF115 Naturfagleg perspektiv på berekraftig utvikling 10 1-6 1
BIO202 Marine økosystem 10 1-6 2
KJEM100 Kjemi i naturen 10 1-6 3
ECON100 Examen facultatum - Innføring i samfunnsøkonomi 10 1-6 3
GEO281 Miljøforvaltning og planlegging 10 1-6 5
Tverrfaglig emne (krav: 20 SP)
Vel to tverrfaglige emne som skal inngå i di spesialisering.
    Vel minst to emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ECON216 Miljø- og ressursøkonomi I 10 1-6 4
MNF110 Miljø, klima og menneskets historie 10 1-6 4
Fordypning i spesialiseringen (krav: 20 SP)
Emne på til saman 20 SP skal veljast som fordypning. Råd om kombinasjon av emne (og evt andre alternativ) får du hos studiekonsulenten på programmet.
    Vel minst to emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsøkonomi 10 1-6 4
ECON210 Velferd og økonomisk politikk 10 1-6 5
GEO131 Ressursforvaltning og utvikling i Den tredje verden 10 1-6 3
GEO215 Geografiske informasjonssystem: Teori og praksis 10 1-6 4
GEO282 Kulturlandskapets geografi 10 1-6 6
Valfritt emne (krav: 80 SP)
Vel fritt emnar som til saman utgjer 80 studiepoeng