Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i medisinsk biologi

Studieretningar:

Medisinsk cellebiologi

Mål og innhald

Masterstudiet i medisinsk cellebiologi fokuserer på grensesnittet mellom cellebiologisk og medisinsk vitskap. Dette er eit studium for deg som ønskjer inngåande kunnskap om cellulære biokjemiske og molekylærbiologiske prosessar, om korleis slik vitskap gir informasjon om sjukdomsprosessar og dermed bidreg til utvikling av terapeutiske behandling. Studieretninga har som mål å gje studenten ei heilskapleg forståing av moderne medisinsk cellebiologi, samt å gje studenten trening i eksperimentelt laboratoriearbeid og vitskapeleg tenking.

Første semester tek til med eit kurs i vitskapsteori og etikk, fulgt av eit omfattande metodekurs der studentane utfører praktisk laboratoriearbeid integrert i forskingsgrupper. Andre semester startar med eit kurs i cellekommunikasjon og intracellulær signalering. Alle desse tre emna er obligatoriske og gjev til saman 40 studiepoeng. Studenten vel sjølv emne på til saman 20 studiepoeng.

Når det gjeld sjølve masteroppgåveprosjektet (60 studiepoeng), kan studenten bli del av ei forskingsgruppe som driv med grunnforsking eller translasjonell forsking, avhengig av interesse. Studenten vert lært opp i eit aktivt fagleg miljø gjennom dagleg kontakt med forskarar og andre studentar.

Læremiddelomtale: Mange av emna nyttar "Molecular Biology of the Cell", Alberts et al. som ein del av pensum. I tillegg kjem andre bøker, review-artiklar og originalartiklar.

Graden

Mastergrad i medisinsk biologi - studieretning medisinsk cellebiologi

Utveksling

Det er mogeleg å ta delar av studiet ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon. Vi har utvekslingsavtalar med fleire universitet i Europa. Det er også mogleg å dra på utveksling på masteroppgåva (siste året) til Karolinska Institutet i Stockholm.

Yrkesvegar

Ein mastergrad i medisinsk biologi opnar for mange ulike yrkesvegar:

Forsking

Etter endt mastergradsstudium kan ein gå vidare med doktorgrad (PhD). Dette er ei løna stilling over tre eller fire år som involverer sjølvstendig forsking. Ein doktorgrad opnar for ei akademisk karriere, men gjev også utsikter innan industri, administrasjon og privat næringsliv.

Laboratoriearbeid

Mange av våre studentar får jobb som avdelingsingeniørar, forskningsteknikarar eller forskarar etter endt studium. Det kan vere ved laboratorium tilknytta universitet, høgskular, forskingsinstitutt, sjukehus, fiskerinæring, matproduksjon og liknande.

Undervisning og offentleg sakshandsaming

Mogelegheitane er store for å jobbe utanfor laboratoriet også, til dømes som konsulent for Mattilsynet eller som førelesar i biologiske fag. Det er også mogeleg å jobbe med utvikling og rådgjeving i ein offentleg etat.

Privat næringsliv

Innan det private næringslivet finst det mange mogelegheitar innan HMS, næringsmiddelindustri, legemiddelindustri, analysearbeid og forsking og utvikling. Utdanninga gjev deg sjansen til å arbeide kvar som helst i verda.

**************************************************************************************

Intervju med tidligare student

Forskar i Bionor Pharma: http://www.uib.no/biomedisin/Vitnesbyrd/rett-i-jobb

Karrierearrangement

Rapport frå karrieredag 2010:

http://www.uib.no/biomedisin/nyheter/2010/03/paa-jakt-etter-mulighetene

Rapport frå alumnusdag 2011:

http://www.uib.no/biomedisin/nyheter/2011/05/dette-ble-vi

Studiestart

Kvar haust

Opptakskrav

Studiet er retta mot deg som har ein bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi, nanovitskap, human ernæring, bioteknologi, bioingeniørstudiet eller tilsvarande.

Opptak krev minimum 80 studiepoeng relevante emner hvorav minimum 20 sp kjemi/biokjemi og minimum 20 sp celle/molekylærbiologi. Andre relevante emne som kan inngå er mellom anna: anatomi, fysiologi, biologi, medisinske laboratorieemner, statistikk og nanoteknologi.

Alle søknader vert behandla individuelt.

Om du ikkje har bachelorgrad, kan du likevel søkje opptak dersom du har minimum 180 studiepoeng med ei fagleg fordjuping innan kjemi, biokjemi, biologi e.l. Minstekrav for opptak er at gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget er C eller betre. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget og tidspunkt for avlagt grad.

Relevant yrkesbakgrunn kan kompensere for inntil 60 studiepoeng. Søknad vert behandla individuelt i programutvalet¿. 

Du søkjer opptak via søknadsweb. Søknadsfrist er 15. april med studiestart i august.

Meir informasjon om søknadsprosedyren finn du her: http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Vidare studium

Med avlagt mastergradseksamen er du kvalifisert for opptak til PhD-studiet (doktorgrad). Merk at enkelte doktorgradstipend krev at karakteren på endeleg mastereksamen er på eit høgt nivå.

Meir informasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no / +47 55 58 64 40

Graden

Mastergrad i medisinsk biologi - studieretning medisinsk cellebiologi

Omfang

To år (120 studiepoeng)

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Studiestart

Kvar haust

Mål / Innhald

Masterstudiet i medisinsk cellebiologi fokuserer på grensesnittet mellom cellebiologisk og medisinsk vitskap. Dette er eit studium for deg som ønskjer inngåande kunnskap om cellulære biokjemiske og molekylærbiologiske prosessar, om korleis slik vitskap gir informasjon om sjukdomsprosessar og dermed bidreg til utvikling av terapeutiske behandling. Studieretninga har som mål å gje studenten ei heilskapleg forståing av moderne medisinsk cellebiologi, samt å gje studenten trening i eksperimentelt laboratoriearbeid og vitskapeleg tenking.

Første semester tek til med eit kurs i vitskapsteori og etikk, fulgt av eit omfattande metodekurs der studentane utfører praktisk laboratoriearbeid integrert i forskingsgrupper. Andre semester startar med eit kurs i cellekommunikasjon og intracellulær signalering. Alle desse tre emna er obligatoriske og gjev til saman 40 studiepoeng. Studenten vel sjølv emne på til saman 20 studiepoeng.

Når det gjeld sjølve masteroppgåveprosjektet (60 studiepoeng), kan studenten bli del av ei forskingsgruppe som driv med grunnforsking eller translasjonell forsking, avhengig av interesse. Studenten vert lært opp i eit aktivt fagleg miljø gjennom dagleg kontakt med forskarar og andre studentar.

Læremiddelomtale: Mange av emna nyttar "Molecular Biology of the Cell", Alberts et al. som ein del av pensum. I tillegg kjem andre bøker, review-artiklar og originalartiklar.

Læringsutbyte/resultat

Etter avslutta masterstudium i medisinsk cellebiologi skal studentane kunne:

Kunnskapar

  • Vise avansert kunnskap innenfor/om sentrale cellulære prosessar i eukaryote celler, samt om fagområdets metodar
  • Vise spesialkunnskapar innanfor et avgrensa område (jfr. masteroppgåva)

Ferdigheiter/generell kompetanse

  • Kritisk analysere sentrale teoriar, metodar og resultat innanfor medisinsk cellebiologi, og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing.
  • Gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskningsetiske normer.
  • Anvende kunnskapar og ferdigheiter tileigna under masterstudiet på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt.
  • Skriftleg og munnleg kommunisere medisinsk cellebiologiske problemstillingar, analysar og konklusjonar på en vitskapeleg måte.
  • Forklare grunnforskinga si rolle i moderne medisin.

Opptakskrav

Studiet er retta mot deg som har ein bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi, nanovitskap, human ernæring, bioteknologi, bioingeniørstudiet eller tilsvarande.

Opptak krev minimum 80 studiepoeng relevante emner hvorav minimum 20 sp kjemi/biokjemi og minimum 20 sp celle/molekylærbiologi. Andre relevante emne som kan inngå er mellom anna: anatomi, fysiologi, biologi, medisinske laboratorieemner, statistikk og nanoteknologi.

Alle søknader vert behandla individuelt.

Om du ikkje har bachelorgrad, kan du likevel søkje opptak dersom du har minimum 180 studiepoeng med ei fagleg fordjuping innan kjemi, biokjemi, biologi e.l. Minstekrav for opptak er at gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget er C eller betre. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget og tidspunkt for avlagt grad.

Relevant yrkesbakgrunn kan kompensere for inntil 60 studiepoeng. Søknad vert behandla individuelt i programutvalet¿. 

Du søkjer opptak via søknadsweb. Søknadsfrist er 15. april med studiestart i august.

Meir informasjon om søknadsprosedyren finn du her: http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Obligatoriske emne / spesialisering

Følgjande emne er obligatoriske:

  • BMED310 - Vitskapsteori og forskingsetikk (5 sp)
  • BMED320 - Metodar i medisinsk cellebiologi (25 sp)
  • BMED330 - Cellekommunikasjon og intracellulær signalering (10 sp)
  • BMED395 - Masteroppgåve i medisinsk biologi (60 sp)

Tilrådde valemne

Studentane må ta 20 sp valfrie emne. Minst 10 av desse må vere tilrådde valemne:

 

 

Dei siste 10 valfrie studiepoenga kan takast ved eit anna institutt, fakultet eller høgare utdanningsinstitusjon (universitet/høgskule). Merk at emnet må vere relevant for studiet og godkjennast av programutvalet. Søknad til programutvalet må skje i god tid før emnet startar.

Døme på emne kan vere:

HUCEL350A - Evaluering, kvalitetsovervaking og tolking av biokjemiske analysar (10 sp)

INF282 - Bioinformatiske metodar I (10 sp)

MOL310 - Strukturell Molekylærbiologi (10 sp)

HUIMM306 - Molecular and Cellular Methods in Immunology (5 sp - overlapper 5 sp med BMED320)

Pharmaceutical Bioinformatics (7,5 sp), internett basert kurs ved Uppsala Universitet, Sverige

BMED205 - Skriveteknikk og dataanalyse (5 sp)

BMED380 - seminarserie (5 sp)

NUCLI361 - Proteiner, peptider og aminosyrer - biokjemi og metabolisme (5 sp)

NUCLI362 - Genetic disorders in nutrient metabolism (5 sp)

Omfang masteroppgåva

Kort tid etter studiestart vil studentane bli informert om kva for oppgåver som er tilgjengelege. Studentane oppfordras sterkt til å velje oppgåve innan 1. februar, og heilt unntaksvis innan slutten av andre semester.

Studenten vil normalt vere tilknytt ei forskingsgruppe ved Institutt for biomedisin, men kan og vel prosjekt ved andre institutt ved Det medisinsk-odontologiske fakultet. Alle oppgåver skal godkjennast av programutvalet. Den skriftlege masteroppgåva består av ein introduksjon, skildring av materiale og metodar, ein presentasjon og ein diskusjon av oppnådde resultat (totalt 60-80 sider).

Rekkefølje for emne i studiet

Masterprogrammet inneheld to hovuddelar: Det første året er samansett av obligatoriske og valfrie emne på til saman 60 studiepoeng. I løpet av andre året arbeidar studenten på eit praktisk forskingsprosjekt/masteroppgåve (60 studiepoeng).

1. semester

BMED310 - Vitskapsteori og forskingsetikk (5 sp)

BMED320 - Metodar i medisinsk cellebiologi (25 sp)

2. semester

BMED330 - Cellekommunikasjon og intracellulær signalering (10 sp)

Valfrie emne (20 sp)

3. og 4. semester

Masteroppgåve (60 sp)

Krav til progresjon i studiet

Alle obligatoriske emne i programmet, samt 20 valfrie sp som er godkjent av programutvalet, må vere bestått før ein kan avlegge endelig mastergradseksamen. Studentane må gjennomføre to progress-rapportar (munnleg presentasjon) i løpet av studiet. Masteroppgåva må leverast seinast 1. juni i fjerde semester. Studiet vert regulert av ein mastergradsavtale.

Delstudium i utlandet

Det er mogeleg å ta delar av studiet ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon. Vi har utvekslingsavtalar med fleire universitet i Europa. Det er også mogleg å dra på utveksling på masteroppgåva (siste året) til Karolinska Institutet i Stockholm.

Undervisningsmetodar

Førelesingar, demonstrasjonar, sjølvstudium, gruppearbeid, laboratoriearbeid.

Vurderingsformer

Skriftleg og munnleg eksamen, skriftlege og munnlege presentasjonar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått eller karakterskala A-F.

Kompetanse for vidare studium

Med avlagt mastergradseksamen er du kvalifisert for opptak til PhD-studiet (doktorgrad). Merk at enkelte doktorgradstipend krev at karakteren på endeleg mastereksamen er på eit høgt nivå.

Yrkesvegar

Ein mastergrad i medisinsk biologi opnar for mange ulike yrkesvegar:

Forsking

Etter endt mastergradsstudium kan ein gå vidare med doktorgrad (PhD). Dette er ei løna stilling over tre eller fire år som involverer sjølvstendig forsking. Ein doktorgrad opnar for ei akademisk karriere, men gjev også utsikter innan industri, administrasjon og privat næringsliv.

Laboratoriearbeid

Mange av våre studentar får jobb som avdelingsingeniørar, forskningsteknikarar eller forskarar etter endt studium. Det kan vere ved laboratorium tilknytta universitet, høgskular, forskingsinstitutt, sjukehus, fiskerinæring, matproduksjon og liknande.

Undervisning og offentleg sakshandsaming

Mogelegheitane er store for å jobbe utanfor laboratoriet også, til dømes som konsulent for Mattilsynet eller som førelesar i biologiske fag. Det er også mogeleg å jobbe med utvikling og rådgjeving i ein offentleg etat.

Privat næringsliv

Innan det private næringslivet finst det mange mogelegheitar innan HMS, næringsmiddelindustri, legemiddelindustri, analysearbeid og forsking og utvikling. Utdanninga gjev deg sjansen til å arbeide kvar som helst i verda.

**************************************************************************************

Intervju med tidligare student

Forskar i Bionor Pharma: http://www.uib.no/biomedisin/Vitnesbyrd/rett-i-jobb

Karrierearrangement

Rapport frå karrieredag 2010:

http://www.uib.no/biomedisin/nyheter/2010/03/paa-jakt-etter-mulighetene

Rapport frå alumnusdag 2011:

http://www.uib.no/biomedisin/nyheter/2011/05/dette-ble-vi

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.

Fagansvarleg

Det medisinsk-odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen ved programutvalet for medisinsk biologi.

MAMD-MEDBI/Masterprogram i medisinsk biologi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Medisinsk cellebiologi (krav: 120 SP)
Obligatoriske emne (krav: 40 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
BMED310 Vitskapsteori og forskingsetikk 5 1
BMED320 Metodar i medisinsk cellebiologi 25 1
BMED330 Cellekommunikasjon og intracellulær signalering 10 2
Valfrie emne (krav: 20 SP)
Emna lista opp under er allereie godkjende som valgemne. I samråd med rettleiar og etter godkjenning i programutvalget er det mogeleg å velje emne på tilsaman 10 studiepoeng utanom lista (både ved UiB og andre utdanningsinstitusjonar).
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
BMED381 Biomedisinsk ernæringsfysiologi 5 2
BMED331 Tumorbiologi 10 2
HUPAT301 Basal humanpatologi 5 2
HUIMM303 Human Immunobiology 10 2
BMED339 Nevrokjemi 5 2
BMED339 Nevrokjemi 5 2
Masteroppgåve (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
BMED395 Masteroppgåve i medisinsk biologi 60 3
Rettleiingskontrakt
Obligatorisk emne
SP S A
Rettleiingskontrakt for masterprogram i medisinsk biologi - -