Masterprogram i medisinsk biologi
Studieretningar:
- Medisinsk cellebiologi
- Human fysiologi
- Biomedical Image Sciences
Human fysiologi
- Presentasjon
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Opptak
- Vidare studium
- Kontakt
- Studieplan
- Studieløp
Mål og innhald
Masterstudiet i human fysiologi fokuserer på grensesnittet mellom fysiologisk og medisinsk vitskap. Dette er eit studium for deg som ønskjer inngåande kunnskap om fysiologiske prosessar, og korleis slik vitskap gir informasjon om sjukdomsprosessar. Studieretninga har som mål å gje studenten ei heilskapleg forståing av human fysiologi, samt å gje studenten trening i eksperimentelt laboratoriearbeid og vitskapeleg tenking.
Første semester tek til med eit kurs i vitskapsteori og etikk, fulgt av minst eitt av to metodekurs - i sirkulasjonsfysiologi og/eller i nevrofysiologi, som gir innblikk i forsøksmetodar og praktiske målemetodar som vert nytta i moderne fysiologisk forsking. Det er også kurs i skriveteknikk, dataanalyse og litteratursøk.
Dei fagspesifikke emna er identiske med fysiologiundervisninga for medisinstudentane. Dei omhandlar sirkulasjon, blod, respirasjon, nyre, væskebalanse, energistoffskifte, temperaturregulering og elles nevrofysiologi, sansefysiologi, ernæring, endokrinologi, søvn og forplanting.
Når det gjeld sjølve masteroppgåveprosjektet (60 studiepoeng), blir studenten del av ei forskingsgruppe som driv med grunnforsking eller translasjonell forsking, avhengig av interesse. Studenten vert lært opp i eit aktivt fagleg miljø gjennom dagleg kontakt med forskarar og andre studentar.
Graden
Mastergrad i medisinsk biologi - studieretning human fysiologi
Utveksling
Det er mogeleg å ta delar av studiet ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon. Søknad om førehandsgodkjenning må sendast til programutvalet i god tid før planlagt utanlandsopphold.
Yrkesvegar
Ein mastergrad i medisinsk biologi opnar for mange ulike yrkesvegar:
Forsking
Etter endt mastergradsstudium kan ein gå vidare med doktorgrad (PhD). Dette er ei løna stilling over tre eller fire år som involverer sjølvstendig forsking. Ein doktorgrad opnar for ei akademisk karriere, men gjev også utsikter innan industri, administrasjon og privat næringsliv.
Laboratoriearbeid
Mange av våre studentar får jobb som avdelingsingeniørar, forskningsteknikarar eller forskarar etter endt studium. Det kan vere ved laboratorium tilknytta universitet, høgskular, forskingsinstitutt, sjukehus, fiskerinæring, matproduksjon og liknande.
Undervisning og offentleg sakshandsaming
Mogelegheitane er store for å jobbe utanfor laboratoriet også, til dømes som konsulent for Mattilsynet eller som førelesar i biologiske fag. Det er også mogeleg å jobbe med utvikling og rådgjeving i ein offentleg etat.
Privat næringsliv
Innan det private næringslivet finst det mange mogelegheitar innan HMS, næringsmiddelindustri, legemiddelindustri, analysearbeid og forsking og utvikling. Utdanninga gjev deg sjansen til å arbeide kvar som helst i verda.
**************************************************************************************
Intervju med tidligare student
Forskar i Bionor Pharma: http://www.uib.no/biomedisin/Vitnesbyrd/rett-i-jobb
Karrierearrangement
Rapport frå karrieredag 2010:
http://www.uib.no/biomedisin/nyheter/2010/03/paa-jakt-etter-mulighetene
Rapport frå alumnusdag 2011:
Studiestart
Kvar haust
Opptakskrav
Studiet er retta mot deg som har ein bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi, nanovitskap, human ernæring, bioteknologi, bioingeniørstudiet eller tilsvarande.
Opptak krev minimum 80 studiepoeng relevante emner hvorav minimum 20 sp kjemi/biokjemi og minimum 20 sp celle/molekylærbiologi. Andre relevante emne som kan inngå er mellom anna: anatomi, fysiologi, biologi, medisinske laboratorieemner, statistikk og nanoteknologi.
Alle søknader vert behandla individuelt.
Om du ikkje har bachelorgrad, kan du likevel søkje opptak dersom du har minimum 180 studiepoeng med ei fagleg fordjuping innan kjemi, biokjemi, biologi e.l. Minstekrav for opptak er at gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget er C eller betre. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget og tidspunkt for avlagt grad.
Relevant yrkesbakgrunn kan kompensere for inntil 60 studiepoeng. Søknad vert behandla individuelt i programutvalet¿.
Du søkjer opptak via søknadsweb. Søknadsfrist er 15. april med studiestart i august.
Meir informasjon om søknadsprosedyren finn du her: http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-f
Vidare studium
Med avlagt mastergradseksamen er du kvalifisert for opptak til PhD-studiet (doktorgrad). Merk at enkelte doktorgradstipend krev at karakteren på endeleg mastereksamen er på eit høgt nivå.
Meir informasjon
Institutt for biomedisin
studie@biomed.uib.no / +47 55 58 64 40
Graden
Mastergrad i medisinsk biologi - studieretning human fysiologi
Omfang
To år (120 studiepoeng)
Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk
Studiestart
Kvar haust
Mål / Innhald
Masterstudiet i human fysiologi fokuserer på grensesnittet mellom fysiologisk og medisinsk vitskap. Dette er eit studium for deg som ønskjer inngåande kunnskap om fysiologiske prosessar, og korleis slik vitskap gir informasjon om sjukdomsprosessar. Studieretninga har som mål å gje studenten ei heilskapleg forståing av human fysiologi, samt å gje studenten trening i eksperimentelt laboratoriearbeid og vitskapeleg tenking.
Første semester tek til med eit kurs i vitskapsteori og etikk, fulgt av minst eitt av to metodekurs - i sirkulasjonsfysiologi og/eller i nevrofysiologi, som gir innblikk i forsøksmetodar og praktiske målemetodar som vert nytta i moderne fysiologisk forsking. Det er også kurs i skriveteknikk, dataanalyse og litteratursøk.
Dei fagspesifikke emna er identiske med fysiologiundervisninga for medisinstudentane. Dei omhandlar sirkulasjon, blod, respirasjon, nyre, væskebalanse, energistoffskifte, temperaturregulering og elles nevrofysiologi, sansefysiologi, ernæring, endokrinologi, søvn og forplanting.
Når det gjeld sjølve masteroppgåveprosjektet (60 studiepoeng), blir studenten del av ei forskingsgruppe som driv med grunnforsking eller translasjonell forsking, avhengig av interesse. Studenten vert lært opp i eit aktivt fagleg miljø gjennom dagleg kontakt med forskarar og andre studentar.
Læringsutbyte/resultat
Etter avslutta masterstudium i human fysiologi skal studentane kunne:
Kunnskapar
- Vise avansert kunnskap innenfor/om sentrale fysiologiske prosessar, samt om fagområdets metodar.
- Vise spesialkunnskapar innanfor et avgrensa område (jfr. masteroppgåva)
Ferdigheiter/generell kompetanse
- Kritisk analysere sentrale teoriar, metodar og resultat innanfor human fysiologi, og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing.
- Gjennomføre et sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskningsetiske normer.
- Anvende kunnskapar og ferdigheiter tileigna under masterstudiet på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt.
- Skriftleg og munnleg kommunisere humanfysiologiske problemstillingar, analysar og konklusjonar på ein vitskapeleg måte.
- Forklare grunnforskinga si rolle i moderne medisin.
Opptakskrav
Studiet er retta mot deg som har ein bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi, nanovitskap, human ernæring, bioteknologi, bioingeniørstudiet eller tilsvarande.
Opptak krev minimum 80 studiepoeng relevante emner hvorav minimum 20 sp kjemi/biokjemi og minimum 20 sp celle/molekylærbiologi. Andre relevante emne som kan inngå er mellom anna: anatomi, fysiologi, biologi, medisinske laboratorieemner, statistikk og nanoteknologi.
Alle søknader vert behandla individuelt.
Om du ikkje har bachelorgrad, kan du likevel søkje opptak dersom du har minimum 180 studiepoeng med ei fagleg fordjuping innan kjemi, biokjemi, biologi e.l. Minstekrav for opptak er at gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget er C eller betre. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget og tidspunkt for avlagt grad.
Relevant yrkesbakgrunn kan kompensere for inntil 60 studiepoeng. Søknad vert behandla individuelt i programutvalet¿.
Du søkjer opptak via søknadsweb. Søknadsfrist er 15. april med studiestart i august.
Meir informasjon om søknadsprosedyren finn du her: http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-f
Obligatoriske emne / spesialisering
Følgjande emne er obligatoriske:
- BMED310 - Vitskapsteori og forskingsetikk (5 sp)
- BMED251 - Nevrobiologi (15 sp)
- BMED205 - Skriveteknikk og dataanalyse (5 sp)
- MED1ORGFYS - Organfysiologi (20 sp)
- BMED395 - Masteroppgåve i medisinsk biologi (60 sp)
Dessutan minst eitt av to metodeemne:
Dersom fysiologiemna allereie er ein del av bachelorgraden din, kan du velje andre relevante emne i samråd med programutvalet.
Tilrådde valemne
Studentane må ta 10 sp valfrie emne. Desse emna vert tilrådde:
- BMED331 - Tumorbiologi
- BMED339 - Nevrokjemi
- BMED339A - Nevrokjemi
- BMED356 - Sirkulasjonsfysiologi
- BMED357 - Nevrofysiologi og nevrobiologi
- BMED358 - Cellulær nevrofysiologi - ionekanalar og membraneksitabilitet
- BMED359 - Kardiovaskulær fysiologi
- BMED360 - In vivo-avbilding og fysiologisk modellering
- BMED381 - Biomedisinsk ernæringsfysiologi
- HUPAT301 - Basal humanpatologi
Det er også mogeleg å ta emne ved eit anna fakultet eller høgare undervisningsinstitusjon (universitet/høgskule). Merk at emnet må vere relevant for studiet og godkjennast av programutvalet. Søknad til programutvalet må skje i god tid før emnet startar.
Omfang masteroppgåva
Kort tid etter studiestart vil studentane bli informert om kva for oppgåver som er tilgjengelege. Studentane oppfordras sterkt til å velje oppgåve innan 1. februar, og heilt unntaksvis innan slutten av andre semester.
Studenten vil normalt vere tilknytt ei forskingsgruppe ved Institutt for biomedisin, men kan og velje prosjekt ved andre institutt ved Det medisinsk-odontologiske fakultet. Alle oppgåver skal godkjennast av programutvalet. Den skriftlege masteroppgåva består av ein introduksjon, skildring av materiale- og metodar, ein presentasjon og ein diskusjon av oppnådde resultat (totalt 60-80 sider).
Rekkefølje for emne i studiet
Studieretninga human fysiologi inneheld to metodekurs, eitt i sirkulasjonsfysiologi og eitt i nevrofysiologi. Studiet inneheld også kurs i skriveteknikk, dataanalyse og litteratursøking. Det vil verte nytta ulike metodar innan sirkulasjon og nevrofysiologisk forsking. Desse gjer innblikk i forsøksmetodar og praktiske målemetodar som vert nytta i dei ulike laboratoria ved instituttet.
Andre emne som kan inngå i studieretninga er fordjuping innan: Sirkulasjonsfysiologi, nevrofysiologi, nevrobiologi, in vivo-avbilding, fysiologisk modellering og cellefysiologi.
1. semester
BMED310 - Vitskapsteori og forskingsetikk (5 sp)
BMED251 - Nevrobiologi (15 sp)
BMED205 - Skriveteknikk og dataanalyse (5 sp)
BMED340A - Sirkulasjonsfysiologisk metode (5 sp) ELLER
BMED340B - Nevrofysiologisk metode (5 sp)
2. semester
MED1ORGFYS - Organfysiologi (20 sp)
Valfrie emne - 10 sp
3. og 4. semester
Masteroppgåve (60 sp)
Krav til progresjon i studiet
Alle obligatoriske emne i programmet, samt 10 valfrie sp som er godkjent av programutvalet, må vere bestått før ein kan avlegge endelig mastergradseksamen. Studentane må gjennomføre to progress-rapportar (munnleg presentasjon) i løpet av studiet. Masteroppgåva må leverast seinast 1. juni i fjerde semester. Studiet vert regulert av ein mastergradsavtale.
Delstudium i utlandet
Det er mogeleg å ta delar av studiet ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon. Søknad om førehandsgodkjenning må sendast til programutvalet i god tid før planlagt utanlandsopphold.
Undervisningsmetodar
Førelesingar, demonstrasjonar, sjølvstudium, gruppearbeid, laboratoriearbeid.
Vurderingsformer
Skriftleg og munnleg eksamen, skriftlege og munnlege presentasjonar.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått eller karakterskala A-F.
Kompetanse for vidare studium
Med avlagt mastergradseksamen er du kvalifisert for opptak til PhD-studiet (doktorgrad). Merk at enkelte doktorgradstipend krev at karakteren på endeleg mastereksamen er på eit høgt nivå.
Yrkesvegar
Ein mastergrad i medisinsk biologi opnar for mange ulike yrkesvegar:
Forsking
Etter endt mastergradsstudium kan ein gå vidare med doktorgrad (PhD). Dette er ei løna stilling over tre eller fire år som involverer sjølvstendig forsking. Ein doktorgrad opnar for ei akademisk karriere, men gjev også utsikter innan industri, administrasjon og privat næringsliv.
Laboratoriearbeid
Mange av våre studentar får jobb som avdelingsingeniørar, forskningsteknikarar eller forskarar etter endt studium. Det kan vere ved laboratorium tilknytta universitet, høgskular, forskingsinstitutt, sjukehus, fiskerinæring, matproduksjon og liknande.
Undervisning og offentleg sakshandsaming
Mogelegheitane er store for å jobbe utanfor laboratoriet også, til dømes som konsulent for Mattilsynet eller som førelesar i biologiske fag. Det er også mogeleg å jobbe med utvikling og rådgjeving i ein offentleg etat.
Privat næringsliv
Innan det private næringslivet finst det mange mogelegheitar innan HMS, næringsmiddelindustri, legemiddelindustri, analysearbeid og forsking og utvikling. Utdanninga gjev deg sjansen til å arbeide kvar som helst i verda.
**************************************************************************************
Intervju med tidligare student
Forskar i Bionor Pharma: http://www.uib.no/biomedisin/Vitnesbyrd/rett-i-jobb
Karrierearrangement
Rapport frå karrieredag 2010:
http://www.uib.no/biomedisin/nyheter/2010/03/paa-jakt-etter-mulighetene
Rapport frå alumnusdag 2011:
http://www.uib.no/biomedisin/nyheter/2011/05/dette-ble-vi
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.
Fagansvarleg
Det medisinsk-odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen ved programutvalet for medisinsk biologi.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Human fysiologi (krav: 120 SP) | ||||||||||||
| Obligatoriske emne (krav: 50 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| BMED310 | Vitskapsteori og forskingsetikk | 5 | 1 | |||||||||
| BMED251 | Nevrobiologi | 15 | 1 | |||||||||
| BMED205 | Skriveteknikk og dataanalyse | 5 | 1 | |||||||||
| MED1ORGFYS | Fysiologi | 20 | 2 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| BMED340A | Sirkulasjonsfysiologisk metodikk | 5 | 1 | |||||||||
| BMED340B | Nevrofysiologisk metodikk | 5 | 1 | |||||||||
| Valfrie emne (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Emna lista opp under er allereie godkjende som valgemne. I samråd med rettleiar og etter godkjenning i programutvalget er det mogeleg å velje emne utanom lista (både ved UiB og andre utdanningsinstitusjonar). | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| BMED381 | Biomedisinsk ernæringsfysiologi | 5 | 2 | |||||||||
| BMED356 | Hjarte- og sirkulasjonsfysiologi | 5 | 2 | |||||||||
| BMED357 | Nevrofysiologi og nevrobiologi | 5 | 2 | |||||||||
| BMED331 | Tumorbiologi | 10 | 2 | |||||||||
| HUPAT301 | Basal humanpatologi | 5 | 2 | |||||||||
| BMED358 | Cellulær nevrofysiologi - ionekanalar og membraneksitabilitet | 5 | 2 | |||||||||
| BMED359 | Kardiovaskulær fysiologi | 10 | 2 | |||||||||
| BMED339 | Nevrokjemi | 5 | 2 | |||||||||
| BMED339A | Nevrokjemi | - | 2 | |||||||||
| BMED360 | In vivo avbilding og fysiologisk modellering | 10 | 2 | |||||||||
| Masteroppgåve (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| BMED395 | Masteroppgåve i medisinsk biologi | 60 | 3 | |||||||||
| Rettleiingskontrakt | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Rettleiingskontrakt for masterprogram i medisinsk biologi | - | - | ||||||||||