Geobiologi
Mål og innhald
Målet med masterprogram i biologi - geobiologi er å gi innsikt i og forståing av fundamentale problemstillingar i geobiologi som omhandlar det komplekse samspelet mellom geo- og biosfæren. Dei spenner frå grunnleggande tema som livets opphav, grenser for liv og korleis liv tilpassar seg ytre miljøfaktorar, til tema av stor samfunnsmessig viktighet som berekraftig forvaltning av naturressursar og miljø, og bioteknologisk bruk av organismar/biologisk materiale frå naturlege miljø. Studiet skal gi innsikt og erfaring med bruk av biologisk metodikk på tokt, i felt og i laboratoriet. Tradisjonelle metodar for dyrking og karakterisering av organismar i kombinasjon med molekylærbiologi og bioinformatikk er viktige verktøy for å få kunnskap om biodiversitet og organismane sine eigenskapar og funksjonar i ulike habitat. Ved å gjennomføre ei sjølvstendig vitskapleg masteroppgåve skal du lære å planleggje og gjennomføre eksperiment, samt vurdere og diskutere resultata i lys av teoriar og hypotesar.
Utveksling
Dersom du ynskjer eit utanlandsopphald under masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Bachelorgrad i biologi, eller tilsvarande utdanning. Spesialiseringsemne i mikrobiologimå inngå i bachelorgraden eller som ein del av mastergraden. Studentar med bachelorgrad i geologi eller andre realfagsdisiplinar kan takast opp dersom studentens biologiske bakgrunn vurderast som tilfredstillande for den masteroppgåva studenten vel. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt være C eller betre.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på
www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i biologi - Geobiologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål / Innhald
Målet med masterprogram i biologi - geobiologi er å gi innsikt i og forståing av fundamentale problemstillingar i geobiologi som omhandlar det komplekse samspelet mellom geo- og biosfæren. Dei spenner frå grunnleggande tema som livets opphav, grenser for liv og korleis liv tilpassar seg ytre miljøfaktorar, til tema av stor samfunnsmessig viktighet som berekraftig forvaltning av naturressursar og miljø, og bioteknologisk bruk av organismar/biologisk materiale frå naturlege miljø. Studiet skal gi innsikt og erfaring med bruk av biologisk metodikk på tokt, i felt og i laboratoriet. Tradisjonelle metodar for dyrking og karakterisering av organismar i kombinasjon med molekylærbiologi og bioinformatikk er viktige verktøy for å få kunnskap om biodiversitet og organismane sine eigenskapar og funksjonar i ulike habitat. Ved å gjennomføre ei sjølvstendig vitskapleg masteroppgåve skal du lære å planleggje og gjennomføre eksperiment, samt vurdere og diskutere resultata i lys av teoriar og hypotesar.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført masterprogrammet i studieretning geobiologi skal kandidaten:
- ha solid vitskapleg fundert kunnskap om, og overordna forståing av det komplekse samspelet mellom geo- og biosfæren
- ha god kjennskap til dei vitskaplege arbeidsmåtane innan geobiologi
- ha kjennskap til viktige biologiske metodar som brukast på tokt, i felt og i laboratoriet.
- kunne beherske tradisjonelle og moderne molekylærbiologiske metodar innan geobiologi.
- vera i stand til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre med omfattande og krevjande faglege oppgåver.
- kunne planleggje og gjennomføre eksperiment
- kunne vurdere og diskutere resultata i lys av teoriar og hypotesar.
- kunne gi god munnleg og skriftleg framstilling av vitskapleg arbeid, og ha evne til å lese og vurdere faglitteratur på ein kritisk måte.
Opptakskrav
Bachelorgrad i biologi, eller tilsvarande utdanning. Spesialiseringsemne i mikrobiologimå inngå i bachelorgraden eller som ein del av mastergraden. Studentar med bachelorgrad i geologi eller andre realfagsdisiplinar kan takast opp dersom studentens biologiske bakgrunn vurderast som tilfredstillande for den masteroppgåva studenten vel. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt være C eller betre.
Tilrådde forkunnskapar
Gode basalkunnskapar i kjemi, mikrobiologi, marin florestikk og faunestikk, geokjemi, molekylærbiologi, bioinformatikk og statistikk er ei føremon. Studentane bør velje mellom desse tilrådde kursa: KJEM102, MIK200/MIK201eller andre spesialiseringemne i mikrobiologi, BIO211(MAR211), GEOL101, GEOL 111, GEOL243, MOL202, MOL204, STAT101
Obligatoriske emne / spesialisering
Studiet har to komponentar: Kursdel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng.
Kursdel: emna BIO300 - Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett, BIO217-Mikrobiell økologi eller BIO213-Akvatisk økologi, geologidelen av GEOL344 er obligatoriske. Dei andre emna skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Valemne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samråd med rettleiar, for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.
Tilrådde valemne
Spesialisering geobiologi: Tilrådde valemne kan vere spesialiseringemne i mikrobiologi, BIO318-Aktuelle geobiologiske tema, GEOV348-Aktuelle tema i geokjemi og geobiologi, andre geologiske emne, molekylærbiologiske emne, INF380-Biologisk sekvens- og strukturanalyse.
Omfang masteroppgåva
Masteroppgåva er på 60 studiepoeng , men studenten kan velje å skrive ei oppgåve på 30 studiepoeng og utvide kursdelen tilsvarande.
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.
Delstudium i utlandet
Dersom du ynskjer eit utanlandsopphald under masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.
Undervisningsmetodar
Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.
Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Vurderingsformer
Når masteroppgåva er innlevert, godkjent og vurdert, avsluttes studiet med ein munnleg mastergradseksamen.
Vurderingsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Karakterskala
Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F
Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Kompetanse for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Yrkesvegar
Masterprogrammet vil gjere deg skikka til å gå inn i et breitt utval av stillingar, mellom anna innan forsking ved universitet, høgskular og andre offentlege og private institusjonar, innan industri, konsulentverksemd, offentleg forvalting og i skuleverket.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret ved Institutt for biologihar ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet (studie@bio.uib.no)
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Geobiologi (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| BIO300 | Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| BIO318 | Aktuelle geobiologiske tema | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| GEOV344 | Geomikrobiologi | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| BIO213 | Marin økologi | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| BIO217 | Mikrobiell økologi | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Valfritt emne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Vel valemna i samråd med din faglege rettleiar | ||||||||||||
| Masteroppgåve i biologi (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| BIO399 | Masteroppgåve i biologi | 60 | 3 | |||||||||