Masterprogram i energi
Studieretningar:
- Energiteknologi
- Kjernekraft
- Fornybar energi
- CO2-håndtering
Energiteknologi
Mål og innhald
Målsetningen med studiet er å utnytte forskning og ekspertise både frå universitetets fagmiljø og eksterne forskningsmiljø innan energi, til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse som er veleigna for arbeid i næringsliv så vel som i forvaltning og universitets- og høgskulesektoren.
Utveksling
Dersom du ynskjer eit utanlandsopphald under masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.
Oppstart
Haust (hovudopptak) og vår (suppleringsopptak).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og vår (suppleringsopptak).
Opptakskrav
Bachelorgrad i naturvitskap, ingeniørfag, realfag, eller tilsvarande utdanning. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt være C eller betre. Det er også eit krav at emnet MAT111 Grunnkurs i matematikk, Matematikk 1+2+3 eller tilsvarande samt eit av emna PHYS113 Mekanikk 2 og termodynamikk eller KJEM210 Kjemisk termodynamikk inngår. I tillegg til desse krava vil det vere ulike krav til forkunnskapar for dei ulike oppgåvene.
Graden
Masterprogrammet i energi førar fram til graden Master i energi - Energiteknologi
Omfang
Masterprogrammet i energi er 2-årig (120 studiepoeng).
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk.
Studiestart
Haust (hovudopptak) og vår (suppleringsopptak).
Mål / Innhald
Målsetningen med studiet er å utnytte forskning og ekspertise både frå universitetets fagmiljø og eksterne forskningsmiljø innan energi, til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse som er veleigna for arbeid i næringsliv så vel som i forvaltning og universitets- og høgskulesektoren.
Læringsutbyte/resultat
Dei ferdige kandidatane skal ha solide vitskapleg funderte kunnskapar og evne innan energiteknologi. Dei skal kjenne godt til dei vitskaplege arbeidsmåtane, og dei har trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Den som har mastergrad i energi, med studieretning energiteknologi, skal ha ein omfattande kunnskap om og dugleik innan eit eller fleire av felta materialteknologi, utvikling av nye typar batteri og brenselceller, nye kjelder for energi, termiske maskinar, energieffektivisering eller syntese av nye materialar for anvending i energiteknologi. Energiteknologi famnar om både teoretiske og praktiske emne og kandidatane vil også ha fått kjennskap til område innan fysikk, kjemi og matematikk. Etter masterstudiet skal kandidaten kunne bruke vitskapleg arbeidsmetodikk og anvende moderne metodar innan fagfeltet.
Opptakskrav
Bachelorgrad i naturvitskap, ingeniørfag, realfag, eller tilsvarande utdanning. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt være C eller betre. Det er også eit krav at emnet MAT111 Grunnkurs i matematikk, Matematikk 1+2+3 eller tilsvarande samt eit av emna PHYS113 Mekanikk 2 og termodynamikk eller KJEM210 Kjemisk termodynamikk inngår. I tillegg til desse krava vil det vere ulike krav til forkunnskapar for dei ulike oppgåvene.
Tilrådde forkunnskapar
Gode forkunnskapar innan det feltet ein søkjer oppgåve innan er nødvendig. Emne i fysikk, geofysikk, kjemi og/eller matematikk er blant dei mest aktuelle. Sjå det aktuelle fagfeltet for rettleiing om val av emne i bachelorgraden.
Obligatoriske emne / spesialisering
Studiet har to komponentar: Kursdel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng.
Kursdel: emna ENERGI200og ENERGI210 er obligatoriske. Dei andre emna skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Valemne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samråd med rettleiar, for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.
Omfang masteroppgåva
Masteroppgåva er på 60 studiepoeng, men studenten kan velje å skrive ei oppgåve på 30 studiepoeng og utvide kursdelen tilsvarande. For fleire tema innan energiteknologi vil det verte lagt til rette for oppgåver av 30 SP størrelse.
Rekkefølje for emne i studiet
Det vil berre vere oppstart om hausten, og rekkefylgja vil difor vere gitt av dei aktuelle emna kvart semester.
Delstudium i utlandet
Dersom du ynskjer eit utanlandsopphald under masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.
Undervisningsmetodar
Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.
Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Vurderingsformer
Når masteroppgåva er innlevert, godkjent og vurdert, avsluttes studiet med ein munnleg mastergradseksamen.
Vurderingsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Karakterskala
Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F
Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Yrkesvegar
Kandidatane vil vere etterspurde i næringsliv så vel som forskningsinstitutt og akademia.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Masteremne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| ENERGI200 | Energiressursar og -forbruk | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| ENERGI210 | Energifysikk og -teknologi | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Valfritt emne (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Valemne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samråd med rettleiar, for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva. | ||||||||||||
| Masteroppgåve (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ENERGI399 | Masteroppgåve i energi | 60 | - | 3 | ||||||||