Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i fysikk

Akustikk

Mål og innhald

Akustikk, lydlære, omfattar vibrasjonar og utbreiing av desse i form av bølgjer som forplantar seg seg i alle typar materialer (gassar, væsker og faste stoff), både ved høyrbare og ikkje-høyrbare frekvensar. Dette spenner frå nanofysikk til kosmisk fysikk. Akustikk handlar om å forstå dei fysiske prosessane som finn stad i vekselverknad mellom lydbølgjer og materie, og utnytte desse prosessane t.d. i måleinstrument og -metodar. Moderne akustikk er ein vitskap i rask utvikling og vekst, og med svært mange viktige samfunnsmessige og industrielle bruksområde, som eksempelvis innanfor

- Petroleum (seismikk, reservoarmonitorering, bore- og brønnteknologi, produksjonslogging, prosessmåling, fiskal salgsmåling av olje og gass, kvalitetsmåling, gass-sensorar, CO2-utslepp),

- Medisin (diagnostikk, terapi, medisinering),

- Marine fag / oseanografi (klimaovervaking, havbotnskartlegging, økosystemovervaking, kommunikasjon, autonome undervass-farkostar, ekkolodd, sonar, fjernmåling),

- Fiskeri (bestandsestimering av fisk, krill og plankton),

- Forsvarsteknologi (ubåt-deteksjon, minesveiping),

- Geovitskap (seismologi, seismikk, bergartsfysikk),

- Musikk og audio (musikkinstrument, musikkteori, audioteknologi, taleprosessering, talesyntetisering),

- Materialteknologi (materialkarakterisering, materialprøving),

- Elektronikk (overflatebølgjer, forsinkelseslinjer).

- Biologi (tale, høyrsle, bioakustikk),

- Bygg og anlegg (bygningsakustikk, konsertsalar, støyforebygging),

- Psykologi (psykoakustikk, talekommunikasjon),

- Astrofysikk (vibrasjonar av himmellekamar og interstellar materie)

 

Akustikkgruppa i Bergen gir utdanning innan generell akustikk og akustiske metodar, samt ulike spesialfelt innan akustikk/ultralyd. Dette omfattar metodar og teknologi basert på bruk av lydbølgjer i gassar, væsker og faste stoff. Forskning i gruppa har tradisjonelt hatt utgangspunkt i grunnleggande forskning, med fokus mot anvendelsar innan t.d. undervannsakustikk, petroleum og medisin. Dette inkluderer problemstillingar innan lineær og ikkje-linear akustikk. Applikasjonsretta forskning blir gjerne utført i nært samarbeid med industri og eksterne forskningsmiljø som Christian Michelsen Research AS, Havforskningsinstituttet, Helse Vest og Nansensenteret, ofte i form av eksterne master- og doktorgradsprosjekt. Forskningsarbeidet involverer eksperimentelt arbeid (i laboratorium eller felt), teoretisk og numerisk modellering, fortrinnsvis i kombinasjon. Gruppa deltek i "The Michelsen Centre for Industrial Measurement Science and Technology" (SFI, Senter for Forskningsbasert Innovasjon), og "NCE Subsea" (nasjonalt ekspert-senter).

 

Fagleg profil

I masterprogrammet kan du spesialisere deg innanfor emne motivert ut frå problemstillingar og forskningsbehov innan undervannsakustikk, petroleum, medisin, eller andre område. Studiet legg vekt på den gjensidige nytteeffekt i kombinasjonen av eksperimentelt arbeid, teoretisk/matematisk modellering, numerisk modellering/simulering, og dataanalyse. Avansert matematisk / numerisk modellering (eksempelvis bruk av endeleg-element-modellering) inngår i fleire av masteroppgåvene, kombinert med akustiske målemetodar og instrumentering. I mange tilfelle blir masteroppgåver gjennomført i samarbeid med eksterne forskningsinstitusjonar som Christian Michelsen Research (CMR), Havforskningsinstituttet, Nansensenteret og Helse Vest, eller andre UiB-institutt (Inst. for indremedisin). Eksperimentelt arbeid blir gjennomført i eigne forskningslaboratorium, eller eksternt / i felt i samarbeid med slike institusjonar.

Eit viktig karakteristikum ved faget er den relativt korte veg frå grunnforskning til anvendelse. Norge og Bergen har ein betydeleg del industri og forskningsinstitutt innanfor akustiske metodar og teknologi, som opererer internasjonalt i konkurranse med globale aktørar. Dette stiller krav til fagkompetanse. Kandidatar utdanna med mastergrad i fysikk, studieretning akustikk, har tradisjonelt vore etterspurt i industri, næringsliv, forskningsistitusjonar og forvaltning.

Graden

Dette mastergradsprogrammet fører fram til graden master i fysikk, studieretning akustikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart

Haust (hovudopptak) og vår (suppleringsopptak).

Opptakskrav

Bachelorgrad i fysikk. Studentar med bachelorgrad i andre realfags- og ingeniørdisiplinar kan bli tekne opp dersom studentens fysikkbakgrunn vert vurdert som tilstrekkeleg for masterprosjektet. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt vere C eller betre.

Tilrådde valemne i bachelorgraden: PHYS271 "Akustikk" og INF109 "Dataprogrammering for naturvitskap" (Alternativt INF100 "Grunnkurs i programmering"). Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. juni for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterprogram

Meir informasjon

Ta kontakt med studierettleiar på studierettleiar@ift.uib.no eller telefon 55 58 27 66

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i fysikk - akustikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart

Haust (hovudopptak) og vår (suppleringsopptak).

Mål / Innhald

Akustikk, lydlære, omfattar vibrasjonar og utbreiing av desse i form av bølgjer som forplantar seg seg i alle typar materialer (gassar, væsker og faste stoff), både ved høyrbare og ikkje-høyrbare frekvensar. Dette spenner frå nanofysikk til kosmisk fysikk. Akustikk handlar om å forstå dei fysiske prosessane som finn stad i vekselverknad mellom lydbølgjer og materie, og utnytte desse prosessane t.d. i måleinstrument og -metodar. Moderne akustikk er ein vitskap i rask utvikling og vekst, og med svært mange viktige samfunnsmessige og industrielle bruksområde, som eksempelvis innanfor

- Petroleum (seismikk, reservoarmonitorering, bore- og brønnteknologi, produksjonslogging, prosessmåling, fiskal salgsmåling av olje og gass, kvalitetsmåling, gass-sensorar, CO2-utslepp),

- Medisin (diagnostikk, terapi, medisinering),

- Marine fag / oseanografi (klimaovervaking, havbotnskartlegging, økosystemovervaking, kommunikasjon, autonome undervass-farkostar, ekkolodd, sonar, fjernmåling),

- Fiskeri (bestandsestimering av fisk, krill og plankton),

- Forsvarsteknologi (ubåt-deteksjon, minesveiping),

- Geovitskap (seismologi, seismikk, bergartsfysikk),

- Musikk og audio (musikkinstrument, musikkteori, audioteknologi, taleprosessering, talesyntetisering),

- Materialteknologi (materialkarakterisering, materialprøving),

- Elektronikk (overflatebølgjer, forsinkelseslinjer).

- Biologi (tale, høyrsle, bioakustikk),

- Bygg og anlegg (bygningsakustikk, konsertsalar, støyforebygging),

- Psykologi (psykoakustikk, talekommunikasjon),

- Astrofysikk (vibrasjonar av himmellekamar og interstellar materie)

 

Akustikkgruppa i Bergen gir utdanning innan generell akustikk og akustiske metodar, samt ulike spesialfelt innan akustikk/ultralyd. Dette omfattar metodar og teknologi basert på bruk av lydbølgjer i gassar, væsker og faste stoff. Forskning i gruppa har tradisjonelt hatt utgangspunkt i grunnleggande forskning, med fokus mot anvendelsar innan t.d. undervannsakustikk, petroleum og medisin. Dette inkluderer problemstillingar innan lineær og ikkje-linear akustikk. Applikasjonsretta forskning blir gjerne utført i nært samarbeid med industri og eksterne forskningsmiljø som Christian Michelsen Research AS, Havforskningsinstituttet, Helse Vest og Nansensenteret, ofte i form av eksterne master- og doktorgradsprosjekt. Forskningsarbeidet involverer eksperimentelt arbeid (i laboratorium eller felt), teoretisk og numerisk modellering, fortrinnsvis i kombinasjon. Gruppa deltek i "The Michelsen Centre for Industrial Measurement Science and Technology" (SFI, Senter for Forskningsbasert Innovasjon), og "NCE Subsea" (nasjonalt ekspert-senter).

 

Læringsutbyte/resultat

Ved avlagt mastergrad i akustikk skal kandidaten ha oppnådd god innsikt innanenfor masteroppgavens spesialområdet for masteroppgåva, og kunne:

- Redegjøre Gjere greie for grunnleggende grunnleggande ideer idear og metoder metodar innen innan akustikk,.

- Arbeide selvstendig sjølvstendig med ein forskningsmessig problemstilling innen innan akustikk,.

- Orientere seg i et relevant fagmiljø for innhenting av nødvendig informasjon og verktøy til gjennomføring av eit forskningsmessig studium innen innan akustikk,.

- Gjere greie for Redegjøre for forskningstema, metoder metodar og resultater i en ei skriftlig skriftleg avhandling, og presentere dette muntlig munnleg i seminarform.

Dersom mastergraden er fullført med karakter C eller bedrebetre, så er kandidaten kvalifisert for eit ddoktorgradsstudium i akustikk.

 

Opptakskrav

Bachelorgrad i fysikk. Studentar med bachelorgrad i andre realfags- og ingeniørdisiplinar kan bli tekne opp dersom studentens fysikkbakgrunn vert vurdert som tilstrekkeleg for masterprosjektet. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt vere C eller betre.

Tilrådde valemne i bachelorgraden: PHYS271 "Akustikk" og INF109 "Dataprogrammering for naturvitskap" (Alternativt INF100 "Grunnkurs i programmering"). Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Obligatoriske emne / spesialisering

Masterprogrammet i akustikk omfattar:

- eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 studiepoeng.

- emne og eventuelt spesialpensum på til saman 60 studiepoeng, valt i samråd med rettleiaren.

PHYS271 og PHYS272 bør inngå i bachelor- eller mastergraden.

Tilrådd studieplan:

10. V Oppgåve - Oppgåve - Oppgåve

9. H Pensum - Oppgåve - Oppgåve

8. V Pensum - Pensum - Oppgåve

7. H PHYS272 - Pensum - Pensum

6. V PHYS271 - Val - Val

5. H PHYS117 - PHYS115/116 - Val

Omfang masteroppgåva

I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve som svarer til 60 studiepoeng. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse som inneheld viktige milepælar i arbeidet med oppgåva.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 20.november.

Kompetanse for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for PhD-studier innan fagområdet akustikk. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til PhD-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa under bachelorgraden, emna under mastergraden, samt masteroppgåva, være C eller betre. PhD-utdanning blir vanlegvis finansiert ved at

kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.

Yrkesvegar

Studiet skal gi deg godt grunnlag for arbeid innan forsking og utvikling, undervisning, industri, og privat og offentleg forvalting.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Fagansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

MAMN-PHYS/Masterprogram i fysikk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Akustikk (krav: 60 SP)
Obligatorisk emne (krav: 10 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PHYS272 Akustiske transdusere 10 1-4 1
Valgfritt emne (krav: 50 SP)
PHYS271 og PHYS272 bør inngå i bachelor- eller mastergraden
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
PHYS271 Akustikk 10 1-4 1
PHYS272 Akustiske transdusere 10 1-4 1
Masteroppgåve i fysikk (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PHYS399 Masteroppgåve i fysikk 60 3