Optikk og atomfysikk
Mål og innhald
Studieretninga kombinerer fundamentale optiske prosessar på atom- og molekylnivå med bruk innan fjernmåling og miljøovervaking, samt optiske grunnforskingsstudiar. Innan mikrofysikk kan ein studere fundamentale atomære og kvanteoptiske fenomen der vekselverknaden mellom lys og materie er hovudtema. I dei fleste høve nyttar ein vekselverknaden mellom lys og materie til å bestemme eigenskapar av gassar eller væsker, ofte for biologiske system med eksistens av organismar.
Masterprogrammet i miljøoptikk og kvanteoptikk byggjer på forsking som strekkjer seg frå atomære kollisjonar og resulterande lysfenomen, til studiar med relevans for marinbiologi og miljøfysikk. Fellesnemnaren på den teoretiske sida er metodar innan spreiingsteori for lys og partiklar. Dei eksperimentelle metodane som blir brukt lokalt i Bergen, er baserte på måling av lysspreiing og strålingstransport i ulike media. I tillegg kjem fleire teknikkar som blir nytta ved større eksperimentelle anlegg hos forskingspartnarar i utlandet.
Fagleg profil
I masterprogrammet kan du spesialisere deg innanfor optisk måleteknikk, miljøoptikk, kvanteoptikk, atomære og molekylære prosessar eller modellering.
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Bachelorgrad i fysikk. Studentar med bachelorgrad i andre realfags- og ingeniørdisiplinar kan bli tatt opp dersom studenten si fysikkbakgrunn vert vurdert som tilstrekkeleg for masterprosjektet. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt vere C eller betre. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Meir informasjon
Ta kontakt med studierettleiar på studierettleiar@ift.uib.no eller telefon 55 58 27 66
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i fysikk - optikk og atomfysikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål / Innhald
Studieretninga kombinerer fundamentale optiske prosessar på atom- og molekylnivå med bruk innan fjernmåling og miljøovervaking, samt optiske grunnforskingsstudiar. Innan mikrofysikk kan ein studere fundamentale atomære og kvanteoptiske fenomen der vekselverknaden mellom lys og materie er hovudtema. I dei fleste høve nyttar ein vekselverknaden mellom lys og materie til å bestemme eigenskapar av gassar eller væsker, ofte for biologiske system med eksistens av organismar.
Masterprogrammet i miljøoptikk og kvanteoptikk byggjer på forsking som strekkjer seg frå atomære kollisjonar og resulterande lysfenomen, til studiar med relevans for marinbiologi og miljøfysikk. Fellesnemnaren på den teoretiske sida er metodar innan spreiingsteori for lys og partiklar. Dei eksperimentelle metodane som blir brukt lokalt i Bergen, er baserte på måling av lysspreiing og strålingstransport i ulike media. I tillegg kjem fleire teknikkar som blir nytta ved større eksperimentelle anlegg hos forskingspartnarar i utlandet.
Læringsutbyte/resultat
Ved avlagt mastergrad i optikk og atomfysikk skal kandidaten ha oppnådd god innsikt innenfor masteroppgavens spesialområde og kunne:
- Redegjøre for grunnleggende ideer innen vekselvirkninger mellom lys og materie
- Arbeide selvstendig med en forskningsmessig problemstilling innen optikk og atomfysikk
- Orientere seg i et relevant fagmiljø for innhenting av nødvendig informasjon og verktøy til gjennomføring av et forskningsmessig studium.
-Redegjøre for forskningstema og resultater i en skriftlig avhandling, og presentere dette muntlig i seminarform.
Ved oppnådd karakter C på oppgaven så er masterkandidaten kvalifisert for et doktorgradsstudium i optikk og atomfysikk.
Opptakskrav
Bachelorgrad i fysikk. Studentar med bachelorgrad i andre realfags- og ingeniørdisiplinar kan bli tatt opp dersom studenten si fysikkbakgrunn vert vurdert som tilstrekkeleg for masterprosjektet. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt vere C eller betre. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.
Obligatoriske emne / spesialisering
Masterprogrammet i Optikk og atomfysikk omfattar:
- eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 studiepoeng.
- PHYS261 Atomfysikk og fysikalsk optikk
- 50 studiepoeng emne eller spesialpensum valt i samråd med rettleier
Aktuelle emne: PHYS263 Laboratoriekurs i optikk og atomfysikk, PHYS264 Miljøoptikk og transport av lys og partiklar, PHYS208 Faststoff-fysikk, PHYS205 Elektromagnetisme, PHYS201 Kvantemekanikk.
Omfang masteroppgåva
Du skal i samråd med rettleiaren velje ei masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva.
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.
Undervisningsmetodar
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.
Kompetanse for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Yrkesvegar
Forsking og utvikling i fundamentale kvanteprosessar og optikk, optisk måleteknikk, miljøfysikk, datamodellering, dataanalyse.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Optikk og atomfysikk (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| PHYS261 | Atomfysikk og fysikalsk optikk | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Valfritt emne (krav: 50 SP) | ||||||||||||
| Tilrådde emne er: PHYS263, PHYS264, PHYS208, PHYS205, PHYS201 | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PHYS263 | Laboratoriekurs i optikk | 10 | 1-4 | |||||||||
| PHYS264 | Miljøoptikk og transport av lys og partikler | 10 | 1-4 | |||||||||
| PHYS208 | Faststoff-fysikk | 10 | 1-4 | |||||||||
| PHYS205 | Elektromagnetisme | 10 | 1-4 | |||||||||
| PHYS201 | Kvantemekanikk | 10 | 1-4 | |||||||||
| Masteroppgåve i fysikk (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PHYS399 | Masteroppgåve i fysikk | 60 | 3 | |||||||||