Partikkelfysikk
Mål og innhald
Forskingsaktiviteten spenner over eit vidt felt av aktivitetar innan partikkelfysikk. Vi arbeider nært saman med CERN (European Organization for Nuclear Research) og andre utanlandske senter for partikkelfysikk, der vi deltek både med utvikling og installasjon av apparatur for framtidige eksperiment, så vel som med studiar av data frå pågåande og avslutta eksperiment.
Fagleg profil
I masterprogrammet kan du spesialisere deg innanfor partikkelfysikk eller instrumentering, teoretisk partikkelfysikk, analyse av målingar og detektorfysikk.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i fysikk - partikkelfysikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Bachelorgrad i fysikk. Studentar med bachelorgrad i andre realfags- og ingeniørdisiplinar kan bli tatt opp dersom studenten si fysikkbakgrunn vert vurdert som tilstrekkeleg for masterprosjektet. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt vere C eller betre. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Meir informasjon
Ta kontakt med studierettleiar på studierettleiar@ift.uib.no eller telefon 55 58 27 66
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i fysikk - partikkelfysikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål / Innhald
Forskingsaktiviteten spenner over eit vidt felt av aktivitetar innan partikkelfysikk. Vi arbeider nært saman med CERN (European Organization for Nuclear Research) og andre utanlandske senter for partikkelfysikk, der vi deltek både med utvikling og installasjon av apparatur for framtidige eksperiment, så vel som med studiar av data frå pågåande og avslutta eksperiment.
Læringsutbyte/resultat
Ved avlagt mastergrad i partikkelfysikk skal kandidaten ha oppnådd god innsikt innenfor masteroppgavens spesialområde og kunne:
- Redegjøre for grunnleggende ideer innen partikkelfysikk
- Arbeide selvstendig med en forskningsmessig problemstilling innen partikkelfysikk
- Orientere seg i et relevant fagmiljø for innhenting av nødvendig informasjon og verktøy til gjennomføring av et forskningsmessig studium innen partikkelfysikk.
-Redegjøre for forskningstema og resultater i en skriftlig avhandling, og presentere dette muntlig i seminarform.
Ved oppnådd karakter C på oppgaven så er masterkandidaten kvalifisert for et doktorgradsstudium i partikkelfysikk.
Opptakskrav
Bachelorgrad i fysikk. Studentar med bachelorgrad i andre realfags- og ingeniørdisiplinar kan bli tatt opp dersom studenten si fysikkbakgrunn vert vurdert som tilstrekkeleg for masterprosjektet. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt vere C eller betre. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.
Obligatoriske emne / spesialisering
Masterprogrammet i partikkelfysikk omfattar:
-eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve)
på 60 studiepoeng.
- emne eller spesialpensum på til saman 60 studiepoeng sett saman slik:
- emna PHYS201 Kvantemekanikk, PHYS232 Eksperimentelle metodar i kjerne-og partikkelfysikk og PHYS241 Kjerne- og partikkelfysikk bør inngå
- For teori og dataanalyse: PHYS303 Relativistisk kvantemekanikk og feltteori, PHYS341 Utvalde emne i eksperimentell partikkelfysikk, PHYS342 Kvantefeltteori og PHYS343 Kvark- og leptonfysikk, er tilrådd.
- For instrumentering: PHYS225 Instrumentering
- Du vel 10 studiepoeng sjølv.
Omfang masteroppgåva
I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva.
Masteroppgåver kan definerast innan alle aktivitetane som er nemnde her:
* Teoretiske studiar av partikkelfysiske prosessar og modellar. Dette kan omfatte både matematiske utrekningar og utrekningar ved hjelp av simuleringsverktøy.
* Studiar og tolking av partikkelfysiske prosessar i eksperimentelle data.
* Simuleringsstudiar av partikkelfysiske prosessar og av korleis desse kan observerast i eksperiment.
* Instrumentering, dvs. utprøving og utvikling av
elektronisk apparatur for eksperiment i partikkelfysikk.
Oppgåva vil vere av høg relevans og aktualitet i problemstillingar innan dagens partikkelfysikk.
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.
Undervisningsmetodar
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.
Kompetanse for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Yrkesvegar
Studiet skal gi deg godt grunnlag for arbeid innan forskingsinstitusjonar, universitet og høgskolar, elektronikk- og instrumenteringsverksemder og skoleverk. Mange har også fått arbeid i informatikksektoren.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Partikkelfysikk (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Masteremne (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Velg emne i samråd med rettleiaren din. | ||||||||||||
| Masteroppgåve i fysikk (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| PHYS399 | Masteroppgåve i fysikk | 60 | 3 | |||||||||