Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i fysikk

Romfysikk

Mål og innhald

Energi i form av elektromagnetisk stråling og ladde partiklar strøymer kontinuerleg ut frå den næraste stjerna vår, sola. Denne energistraumen påverkar miljøet på og rundt kloden vår. Det berømte nordlyset skuldast vekselverknaden mellom det jordmagnetiske feltet, atmosfæren og ladde partiklar frå sola. Romfysikk handlar nettopp om det å forstå dei fysiske prosessane som finn stad i det nære verdsrommet mellom sola og jorda. I slike samanhengar nyttar ein målingar av fysiske parameter frå instrument ståande på bakken, om bord på satellittar eller på rakettar.

Nokre av dei mange uløyste spørsmåla innan romforsking:

- Kva for mekanismar styrer energitransporten frå sola

til jorda?

- Korleis kan dei ladde partiklane trengje seg inn i det magnetiske hylsteret som jorda er omgitt av?

- Korleis akselererer partiklar i det jordmagnetiske systemet?

- Korleis blir atmosfæren si samansetjing påverka av energitransport frå sola?

- Kva for elektriske straumsystem gjer seg gjeldande i

det jordmagnetiske systemet?

- Korleis påverkar romvêret vår teknologiske kvardag?

Fagleg profil

I masterprogrammet kan du spesialisere deg innanfor plasmafysikk, analyse og tolking av målingar, programmering, modellering, instrumentering og elektronikk for ekstreme omgivnader.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i fysikk - romfysikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Bachelorgrad i fysikk. Studentar med bachelorgrad i andre realfags- og ingeniørdisiplinar kan bli tatt opp dersom studenten si fysikkbakgrunn vert vurdert som tilstrekkeleg for masterprosjektet. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt vere C eller betre. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram

Meir informasjon

Ta kontakt med studierettleiar på studierettleiar@ift.uib.no eller telefon 55 58 27 66

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i fysikk - romfysikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål / Innhald

Energi i form av elektromagnetisk stråling og ladde partiklar strøymer kontinuerleg ut frå den næraste stjerna vår, sola. Denne energistraumen påverkar miljøet på og rundt kloden vår. Det berømte nordlyset skuldast vekselverknaden mellom det jordmagnetiske feltet, atmosfæren og ladde partiklar frå sola. Romfysikk handlar nettopp om det å forstå dei fysiske prosessane som finn stad i det nære verdsrommet mellom sola og jorda. I slike samanhengar nyttar ein målingar av fysiske parameter frå instrument ståande på bakken, om bord på satellittar eller på rakettar.

Nokre av dei mange uløyste spørsmåla innan romforsking:

- Kva for mekanismar styrer energitransporten frå sola

til jorda?

- Korleis kan dei ladde partiklane trengje seg inn i det magnetiske hylsteret som jorda er omgitt av?

- Korleis akselererer partiklar i det jordmagnetiske systemet?

- Korleis blir atmosfæren si samansetjing påverka av energitransport frå sola?

- Kva for elektriske straumsystem gjer seg gjeldande i

det jordmagnetiske systemet?

- Korleis påverkar romvêret vår teknologiske kvardag?

Læringsutbyte/resultat

Ved avlagt mastergrad i romfysikk skal kandidaten ha oppnådd god innsikt innenfor masteroppgavens spesialområde og kunne:

- Redegjøre for grunnleggende ideer innen romfysikk

- Innhente, analysere og oppsummere relevant faglitteratur

- Forklare utvalgte eksperimentelle metoder i romfysikk

- Arbeide selvstendig med en forskningsmessig problemstilling innen romfysikk

- Orientere seg i et relevant fagmiljø for innhenting av nødvendig informasjon og verktøy til gjennomføring av et forskningsmessig studium innen romfysikk.

- Vurdere og diskutere egne resultater i lys av hypoteser og etablerte kunnskaper

-Redegjøre for forskningstema og resultater i en skriftlig avhandling, og presentere dette muntlig i seminarform.

Ved oppnådd karakter C på oppgaven så er masterkandidaten kvalifisert for et doktorgradsstudium i romfysikk.

Opptakskrav

Bachelorgrad i fysikk. Studentar med bachelorgrad i andre realfags- og ingeniørdisiplinar kan bli tatt opp dersom studenten si fysikkbakgrunn vert vurdert som tilstrekkeleg for masterprosjektet. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt vere C eller betre. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Obligatoriske emne / spesialisering

Masterprogrammet i romfysikk omfattar:

eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve)

på 60 studiepoeng

emne og eventuelt spesialpensum på til saman

60 studiepoeng valt i samråd med rettleiar

Emna PHYS251 Det nære verdsrommet og PHYS252 Eksperimentelle metodar i romfysikk bør inngå i bachelor- eller mastergraden. Andre emne som inngår i mastergraden blir valt i samråd med rettleiaren ettersom den optimale fagsamansetjinga vil vere avhengig av forskingsoppgåva.

Omfang masteroppgåva

Du skal i samråd med rettleiaren velje ei masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.

Undervisningsmetodar

I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.

Kompetanse for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.

Yrkesvegar

Studiet skal gi deg godt grunnlag for arbeid innan forsking og utvikling, undervisning, industri, privat og offentleg forvalting.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Fagansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

MAMN-PHYS/Masterprogram i fysikk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Romfysikk (krav: 60 SP)
Masteremne (krav: 60 SP)
PHYS251 og PHYS252 bør inngå i bachelor- eller mastergraden
Masteroppgåve i fysikk (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PHYS399 Masteroppgåve i fysikk 60 3