Masterprogram i fysikk
Studieretningar:
- Romfysikk
- Medisinsk fysikk og teknologi
- Partikkelfysikk
- Kjernefysikk
- Akustikk
- Teoretisk fysikk og energifysikk
- Mikroelektronikk
- Optikk og atomfysikk
- Målevitskap og instrumentering
Teoretisk fysikk og energifysikk
Mål og innhald
Masterprogrammet i teoretisk fysikk omfattar danning av teori og teoretisk modellering av strukturar, reaksjonar og prosessar innanfor eit breitt spekter av fenomen. Desse fell innanfor partikkelfysikk, kjernefysikk og atomfysikk, samt enkelte aspekt ved faste stoff sin fysikk, hydrodynamikk, energifysikk og generelle dynamiske system. Innanfor den karakteristiske skalaen for det fysiske fenomenet eller den konkrete prosessen utviklar ein matematiske modellar som i nokre tilfelle har analytiske løysingar, men i dei fleste tilfelle krev ein numeriske utrekningar eller annan simulering.
I moderne akseleratorlaboratorium prøver ein å etterlikne trekk ved hendingar i det tidlege universet og vidareskaping av grunnstoffa, ein prosess som framleis finn stad i stjernene gjennom voldsam utvikling. Grensene for kjernestoffet sin eksistens blir kartlagde. Innan atomfysikk arbeider ein med modellering av oppførsel av atom under ytre påverknad, for eksempel ekstremt korte og intense laserpulsar. Vidare studerer ein samlingar av atom og molekyl og deira dynamikk og struktur og moglegheit for å utnytte kvantemekanikken til informasjonslagring og tilarbeiding.
Fagleg profil
I masterprogrammet kan du spesialisere deg innanfor kvantekromodynamikk, kvantefeltteori, nøytrinofysikk og nøytrinofluksen frå sola, kjernestoffet under ekstreme forhold (tettleik og temperaturar), dynamikk og struktur til atom og molekyl, kvantemekanikk og bruk.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i fysikk - teoretisk fysikk og energifysikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Bachelorgrad i fysikk. Studentar med bachelorgrad i andre realfags- og ingeniørdisiplinar kan bli tatt opp dersom studenten si fysikkbakgrunn vert vurdert som tilstrekkeleg for masterprosjektet. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt vere C eller betre. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Meir informasjon
Ta kontakt med studierettleiar på studierettleiar@ift.uib.no eller telefon 55 58 27 66
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i fysikk - teoretisk fysikk og energifysikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål / Innhald
Masterprogrammet i teoretisk fysikk omfattar danning av teori og teoretisk modellering av strukturar, reaksjonar og prosessar innanfor eit breitt spekter av fenomen. Desse fell innanfor partikkelfysikk, kjernefysikk og atomfysikk, samt enkelte aspekt ved faste stoff sin fysikk, hydrodynamikk, energifysikk og generelle dynamiske system. Innanfor den karakteristiske skalaen for det fysiske fenomenet eller den konkrete prosessen utviklar ein matematiske modellar som i nokre tilfelle har analytiske løysingar, men i dei fleste tilfelle krev ein numeriske utrekningar eller annan simulering.
I moderne akseleratorlaboratorium prøver ein å etterlikne trekk ved hendingar i det tidlege universet og vidareskaping av grunnstoffa, ein prosess som framleis finn stad i stjernene gjennom voldsam utvikling. Grensene for kjernestoffet sin eksistens blir kartlagde. Innan atomfysikk arbeider ein med modellering av oppførsel av atom under ytre påverknad, for eksempel ekstremt korte og intense laserpulsar. Vidare studerer ein samlingar av atom og molekyl og deira dynamikk og struktur og moglegheit for å utnytte kvantemekanikken til informasjonslagring og tilarbeiding.
Læringsutbyte/resultat
Ved avlagt mastergrad i teoretisk og energifysikk skal kandidaten ha oppnådd god innsikt innanfor masteroppgavens spesialområde og kunne:
- Redegjøre for grunnleggande idear innan teoretisk fysikk og energi fysikk
- Arbeide sjølvstendig med ein forskningsmessig problemstilling i feltet
- Orientere seg i et relevant fagmiljø for innhenting av nødvendig informasjon og verktøy til gjennomføring av et forskningsmessig studium innan teoretisk fysikk eller energi fysikk.
-Redegjøre for forskningstema og resultat i ein skriftleg avhandling, og presentere dette muntlig i seminarform.
Ved oppnådd karakter C på graden så er masterkandidaten kvalifisert for et doktorgradsstudium i teoretisk fysikk eller energi fysikk.
Opptakskrav
Bachelorgrad i fysikk. Studentar med bachelorgrad i andre realfags- og ingeniørdisiplinar kan bli tatt opp dersom studenten si fysikkbakgrunn vert vurdert som tilstrekkeleg for masterprosjektet. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt vere C eller betre. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.
Obligatoriske emne / spesialisering
Masterprogrammet i teoretisk fysikk og energifysikk omfattar:
- eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve)
på 60 studiepoeng
- emne og eventuelt spesialpensum på til saman 60
studiepoeng valt i samråd med rettleiaren din.
PHYS201 Kvantemekanikk og PHYS206 Statistisk fysikk og termodynamikk bør inngå i bachelor- eller mastergraden
Omfang masteroppgåva
Du skal i samråd med rettleiaren velje ei masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva.
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.
Undervisningsmetodar
Masterprogram i fysikk skal gi innsikt i diverse forskingsmetodar i fysikk.Emnet for oppgåva vil vere avgjerande for metodane du brukar.
Kompetanse for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Yrkesvegar
Studiet skal gi deg godt grunnlag for arbeid innan forsking og utvikling, undervisning, datamodellering og -analyse, industri og privat og offentleg forvalting.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Teoretisk fysikk og energifysikk (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Masteremne (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| PHYS201 og PHYS206 bør inngå i bachelor- eller mastergraden | ||||||||||||
| Masteroppgåve i fysikk (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| PHYS399 | Masteroppgåve i fysikk | 60 | 3 | |||||||||