Masterprogram i meteorologi og oseanografi
Studieretningar:
- Meteorologi
- Kjemisk oseanografi
- Fysisk oseanografi
- Klimadynamikk
Kjemisk oseanografi
Mål og innhald
I kjemisk oseanografi lærer du om kjemiske stoff i havet og kva rolle dei speler for havet som eit drivhusgassregulerande medium. Fagretninga tek føre seg karbonkrinslaupet si rolle som pådrivar til fysiske endringar og endringar i dei fysiske vilkåra som havsirkulasjon, blanding og transport. Dette er viktig for å forstå dagens pådriv i klima og dei endringane som ein forventar framover i tid. Faget tek òg føre seg kjemiske sporstoff som ein brukar for å oppnå betre kunnskap om klimasensitivitet, blandingsprosessar (isopyknal og diapyknal blanding), sirkulasjon og opphaldstid i havet (termohalin sirkulasjon).Det er stor uvisse knytt til overføringshastigheit av klimagassar mellom luft og hav, og grenseflatedynamikk blir studert med tanke på å forbetre kunnskapen på dette feltet.Det er sterke koplingar mellom karbonkretsløp og økosystem, og eit viktig tema er å vurdere konsekvensar av endringar i desse systema.
Fagleg profil
Kjemisk oseanografi måler, analyserer og bereknar luft- og havgassutveksling, utbreiing av geokjemiske stoff i havet, budsjett av kjemiske element (mellom anna karbonsyklus) og tilknytte klimarelevante prosessar under fysisk eller biologisk kontroll.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i meteorologi og oseanografi - kjemisk oseanografi. Studiet er toårig (120 sp).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Bachelor i meteorologi og oseanografi, kjemi, fysikk, matematikk, biologi eller tilsvarande.For å bli teken opp på masterprogram i meteorologi og oseanografi - kjemisk oseanografi må emna GEOF110, GEOF120 og GEOF130 eller tilsvarande vere gjennomført og bestått i løpet av bachelorstudiet. GEOF236 må takast som ein del av bachelor- eller mastergraden. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på
www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Meir informasjon
Ta kontakt med studierettleiar på studierettleiar@gfi.uib.no eller telefon 55 58 26 04
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i meteorologi og oseanografi - kjemisk oseanografi. Studiet er toårig (120 sp).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål / Innhald
I kjemisk oseanografi lærer du om kjemiske stoff i havet og kva rolle dei speler for havet som eit drivhusgassregulerande medium. Fagretninga tek føre seg karbonkrinslaupet si rolle som pådrivar til fysiske endringar og endringar i dei fysiske vilkåra som havsirkulasjon, blanding og transport. Dette er viktig for å forstå dagens pådriv i klima og dei endringane som ein forventar framover i tid. Faget tek òg føre seg kjemiske sporstoff som ein brukar for å oppnå betre kunnskap om klimasensitivitet, blandingsprosessar (isopyknal og diapyknal blanding), sirkulasjon og opphaldstid i havet (termohalin sirkulasjon).Det er stor uvisse knytt til overføringshastigheit av klimagassar mellom luft og hav, og grenseflatedynamikk blir studert med tanke på å forbetre kunnskapen på dette feltet.Det er sterke koplingar mellom karbonkretsløp og økosystem, og eit viktig tema er å vurdere konsekvensar av endringar i desse systema.
Læringsutbyte/resultat
- Lære om kjemisk oseanografi og om kjemiske stoff i havet og kva rolle havet spelar for naturleg og menneskeskapt drivhusgasseffekt.
- Kjenne karbonkrinslaupet si rolle som pådrivar og respons til fysiske endringar som sirkulasjon, blanding og transport i havet.
- Forklare dagens pådriv i klima og dei endringane som ein forventar framover i tid.
- Analysere kjemiske sporstoff som vert nytta for å betra kunnskapen om klimasensitivitet, blandingsprosessar, sirkulasjon og opphaldstid i havet (termohalin sirkulasjon).
- Rekna ut overføringshastigheit av klimagassar mellom luft og hav og studera grenseflatedynamikk med tanke på å betra kunnskapen på feltet.
- Å vurdere konsekvensar av endringar i samspelet mellom karbonkretslaup og økosystem, samt koplinga til biogeokjemiske prosessar.
- Samanfatta laboratoriearbeid i ein skriftlig rapport.
- Utføre sjølvstendig prosjektarbeid, og skrive og presentere avsluttande prosjektrapport i tråd med god vitskapelig praksis.
Opptakskrav
Bachelor i meteorologi og oseanografi, kjemi, fysikk, matematikk, biologi eller tilsvarande.For å bli teken opp på masterprogram i meteorologi og oseanografi - kjemisk oseanografi må emna GEOF110, GEOF120 og GEOF130 eller tilsvarande vere gjennomført og bestått i løpet av bachelorstudiet. GEOF236 må takast som ein del av bachelor- eller mastergraden. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.
Obligatoriske emne / spesialisering
Mastergraden i kjemisk oseanografi omfattar:
o eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid (masteroppgåve) som normalt skal ha eit omfang på 60 studiepoeng, men det kan også bli gitt oppgåver med eit omfang på 30 studiepoeng. Spesialpensumet aukar da med 30 studiepoeng.
o emne eller spesialpensum på til saman 60 studiepoeng sett saman slik:
Emna GEOF230 og GEOF336 samt eit av emna GEOF310 og GEOF330 er obligatoriske (til saman 30-35 studiepoeng) + 25-30 studiepoeng som du vel i samråd med rettleiar. Emna GEOF210, GEOF211, GEOF212, GEOF310, GEOF330, GEOF332 og GEOF335 og er blant dei mest aktuelle.
4V Oppgåve Oppgåve Oppgåve
3H Val Oppgåve Oppgåve
2V GEOF 336 Val Oppgåve
1H GEOF 230 GEOF310/GEOF330 Val
Omfang masteroppgåva
I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve tilsvarande 60 sp, men det kan også bli gitt ei oppgåve med eit omfang på 30 sp (spesialpensumet aukar da med 30 sp). Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse og lage ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva. Masteroppgåva kan dreie seg om observasjonar, dataanalyser eller modellering av kjemiske prosessar eller stoff-fordelingar i havet med hensyn til regionale eller globale problemstillingar. Døme på tidlegare oppgåver: Influence on carbon chemistry by primary producers, Opptak og transport av CO2 i Grønlandshavet.
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.
Undervisningsmetodar
Analyse av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.
Kompetanse for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Yrkesvegar
Studiet skal gje deg eit grunnlag for arbeid som fagoseanograf innanfor offentlege og private verksemder, mellom anna forsking, oljeindustri og miljøforvaltning eller som lektor i grunnskole eller videregåande skule (dersom du byggjer på med praktisk- pedagogisk utdanning).
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Kjemisk oseanografi (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| GEOF236 må være avlagt og bestått enten på bachelor eller master | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| GEOF230 | Fysisk-biologiske koplingar (NMP1) | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| GEOF336 | Vidaregåande kjemisk oseanografi | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GEOF310 | Turbulens i atmosfærens og havets grenselag | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| GEOF330 | Dynamisk oseanografi | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Valfritt emne (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| I samråd med rettleiar vel du emna i masterstudiet | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GEOF310 | Turbulens i atmosfærens og havets grenselag | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| GEOF212 | Fysisk klimatologi | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| GEOF335 | Polar oseanografi | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Masteroppgåve i geofysikk (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GEOF399 | Masteroppgåve i meteorologi og oseanografi | 60 | 3 | |||||||||