Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i meteorologi og oseanografi

Studieretningar:

Klimadynamikk

Mål og innhald

Klimaet er ei statistisk skildring av korleis vêret varierer over tid og er typisk skildra av middelverdiar (normalar), ekstremverdiar (maksimum og minimum), og langtidsvariasjonar (trendar) av temperatur, nedbør, vind, skydekke og så vidare. Det globale klimasystemet omfattar dei fem komponentane atmosfære, hav, kryosfære (is og snø), landjord, og biosfære (plante- og dyreliv). I klimastudiet ved Geofysisk institutt blir det lagt vekt på dei fysiske prosessane som styrer klimaet, der atmosfæren og havet sine roller samt sjøisen er i fokus. Studiet vil gi deg ei brei innføring i meteorologi, oseanografi og statistikk, og du vil få god kjennskap til klimavariabilitet og moglege klimaendringar, bl.a. på grunn av endra drivhuseffekt, både globalt og regionalt. Dei uteksaminerte kandidatane frå klimastudiet skal ha brei kjennskap til klimasystemet og vere i stand til å ta aktivt del i samfunnsdebatten om klimaendringar.

Fagleg profil

Du som tek masterprogrammet i klimadynamikk får verdifull kjennskap til samspelet mellom lufta og havet, korleis menneska i dag påverkar den naturlege balansen, og korleis påverknader kan verte forsterka gjennom ulike prosessar i luft og hav. Fokusområde er Nord-Atlanteren, Norskehavet og Arktis.

Studiestart

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Bachelor i meteorologi og oseanografi, fysikk, matematikk, statistikk eller informatikk. For å bli teken opp på masterprogram i meteorologi og oseanografi - klimadynamikk må emna GEOF110, GEOF120 og GEOF130 eller tilsvarande vere gjennomført og bestått i løpet av bachelorstudiet. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på
www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram

Meir informasjon

Ta kontakt med studierettleiar på studierettleiar@gfi.uib.no eller telefon 55 58 26 04

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i meteorologi og oseanografi - klimadynamikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål / Innhald

Klimaet er ei statistisk skildring av korleis vêret varierer over tid og er typisk skildra av middelverdiar (normalar), ekstremverdiar (maksimum og minimum), og langtidsvariasjonar (trendar) av temperatur, nedbør, vind, skydekke og så vidare. Det globale klimasystemet omfattar dei fem komponentane atmosfære, hav, kryosfære (is og snø), landjord, og biosfære (plante- og dyreliv). I klimastudiet ved Geofysisk institutt blir det lagt vekt på dei fysiske prosessane som styrer klimaet, der atmosfæren og havet sine roller samt sjøisen er i fokus. Studiet vil gi deg ei brei innføring i meteorologi, oseanografi og statistikk, og du vil få god kjennskap til klimavariabilitet og moglege klimaendringar, bl.a. på grunn av endra drivhuseffekt, både globalt og regionalt. Dei uteksaminerte kandidatane frå klimastudiet skal ha brei kjennskap til klimasystemet og vere i stand til å ta aktivt del i samfunnsdebatten om klimaendringar.

Læringsutbyte/resultat

- Greie ut om dei fysiske prosessane som gjev variasjonar i klima på ulik tid- og romskala.

- Meistra relevante metodar, modellar og teoriar i klimaforskninga, og å vera kjent med og forstå avgrensingar.

- Kunne vurdere og velja strategiar for analyse av observasjonar og modelldata.

- Nytta tileigna kunnskap på nye problem.

- Bruke matematiske metodar til å analysere observasjonar og modelldata.

- Gjennomføre eit omfattande sjølvstendig prosjektarbeid innan ei gitt tidsramme, samt skrive og presentere avsluttande prosjektrapport i tråd med god vitskapeleg praksis.

- Arbeide individuelt og i gruppe for å løyse samansette klimaproblem.

- Kunne analysere relevante forskningsetiske problem knytt til klima.

- Meistra faget sin terminologi og formidle kunnskap og vitskapelege resultater til samfunnet.

Opptakskrav

Bachelor i meteorologi og oseanografi, fysikk, matematikk, statistikk eller informatikk. For å bli teken opp på masterprogram i meteorologi og oseanografi - klimadynamikk må emna GEOF110, GEOF120 og GEOF130 eller tilsvarande vere gjennomført og bestått i løpet av bachelorstudiet. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Obligatoriske emne / spesialisering

Mastergraden i geofysikk - klimadynamikk - omfattar:

o eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid (masteroppgåve) som normalt skal ha eit omfang på 60 studiepoeng, men det kan også bli gitt oppgåver med eit omfang på 30 studiepoeng. Spesialpensumet aukar da med 30 studiepoeng.

o emne eller spesialpensum på til saman 60 studiepoeng sett saman slik: To av emna GEOF310, GEOF326, GEOF330 er obligatoriske (vi anbefaler at ein vel å ta alle) + 20-25 studiepoeng vald i samråd med rettleiaren. Emna GEOF210, GEOF211, GEOF212, GEOF327, GEOF328, GEOF344 og GEOF345 er dei mest aktuelle.

Opptak skjer normalt kvar haust.

4V Oppgåve Oppgåve Oppgåve

3H Val Oppgåve Oppgåve

2V Val Val Oppgåve

1H GEOF 326* GEOF 310* GEOF 330*

Omfang masteroppgåva

I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve tilsvarande 60 sp, men det kan også bli gitt ei oppgåve med eit omfang på 30 sp (spesialpensumet aukar da med 30 sp). Døme på oppgåver kan vere fysiske prosessar som driv klimavariasjonane i nordområda, respons til endringar i drivhusgassinnhaldet til atmosfæren, regionale klimaendringar under global oppvarming, sesongvarsling av klimaet.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.

Undervisningsmetodar

Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.

Kompetanse for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.

Yrkesvegar

Studiet skal gje deg eit godt grunnlag for vidare arbeid som fagmeteorolog, fagoseanograf eller klimaekspert innanfor offentlege og private verksemder, mellom anna forsking, oljeindustri og miljøforvaltning eller som lektor i grunnskole eller videregåande skule (dersom du byggjer på med praktisk- pedagogisk utdanning).

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Fagansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

MAMN-GEOF/Masterprogram i meteorologi og oseanografi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Klimadynamikk (krav: 60 SP)
Krav om 2 av 3 emner (krav: 20 SP)
    Vel minst to emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GEOF310 Turbulens i atmosfærens og havets grenselag 10 1-4 3
GEOF326 Atmosfærens dynamikk 10 1-4 1
GEOF330 Dynamisk oseanografi 15 1-4 1
Valfritt emne (krav: 40 SP)
I samråd med rettleiar vel du emna i masterstudiet
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
GEOF210 Dataanalyse i meteorologi og oseanografi 10 1-4 2
GEOF211 Numerisk modellering 10 1-4 2
GEOF212 Fysisk klimatologi 10 1-4 2
GEOF327 Atmosfæren sin generelle sirkulasjon 10 1-4 1
GEOF328 Mesoskala dynamikk 10 1-4 2
GEOF344 Strålingsprosesser i meteorologi og klimatologi 10 1-4 2
GEOF345 Fjernmålingsteknikkar i meteorologi og oseanografi 10 1-4 2
Masteroppgåve i geofysikk (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GEOF399 Masteroppgåve i meteorologi og oseanografi 60 3