Petroleumsgeofag
Mål og innhald
Faga geologi og geofysikk er avgjerande i arbeidet med å finne olje og gass, og for utvinning av slike ressursar på ein sikker og inntektsbringande måte. Geofysiske metodar vert til dømes nytta til å kartleggje strukturar i undergrunnen, og til å føresjå bergartstype og væskefyll. Dette vert gjort ved å studere korleis seismiske bølgjer, genererte i vasslaget av luftkanonar, vert reflekterte frå geologiske grenseflater. I geologiske disiplinar studerer ein bergartar både indirekte, til dømes ved å tolke seismiske seksjonar, og ved direkte observasjonar, til dømes ved å analysere kjernar ifrå borehol. Petroleumsgeofysikk spenner ifrå matematisk beskriving av fysiske lover for bølgjeutbreiing, via innsamling av ulike typar data, til tolking og modellering av desse. Strukturgeologi og sedimentologi er viktige geologiske disiplinar som inngår i fagområdet. Informatikk, matematikk og fysikk kan vere viktige støttefag innan delar av studiet. Innan petroleumsgeofag kan du og velja ein europeisk fellesgrad: Basinmaster - kor utveksling i 3.semester er obligatorisk.
Den faglege bredda ved instituttet er med å gje kandidatane kompetanse som gjer dei skikka til å møte dei krava som stillast til å arbeide med petrolemsgeovitenskapelige problemstillingar i industrien.
Fagleg profil
Petroleumsrelaterte problemstillingar kan mellom anna studerast gjennom disiplinane petroleumsgeologi, anvend geofysikk, fastjordsfysikk, organisk geokjemi, sedimentologi og strukturgeologi.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i geovitskap - petroleumsgeofag. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Bachelorgrad i geovitskap eller tilsvarande, avhengig av disiplin og spesialisering. For enkelte disiplinar kan og bachelorgrad i kjemi eller petroleumsteknologi danne opptaksgrunnlag, dersom spesifikke krav til geovitskaplege emne i graden er oppfylt. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.
For basinmaster vil det i tillegg vert krevd:
- gode resultat frå bachelorgraden
- eit brev med motivasjon for studiet
- ein anbefaling frå ein vitskapleg person
- kunne dokumentere økonomi til kost og skolepengar.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på
www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Meir informasjon
Ta kontakt med studierettleiar på studierettleiar@geo.uib.no
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i geovitskap - petroleumsgeofag. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål / Innhald
Faga geologi og geofysikk er avgjerande i arbeidet med å finne olje og gass, og for utvinning av slike ressursar på ein sikker og inntektsbringande måte. Geofysiske metodar vert til dømes nytta til å kartleggje strukturar i undergrunnen, og til å føresjå bergartstype og væskefyll. Dette vert gjort ved å studere korleis seismiske bølgjer, genererte i vasslaget av luftkanonar, vert reflekterte frå geologiske grenseflater. I geologiske disiplinar studerer ein bergartar både indirekte, til dømes ved å tolke seismiske seksjonar, og ved direkte observasjonar, til dømes ved å analysere kjernar ifrå borehol. Petroleumsgeofysikk spenner ifrå matematisk beskriving av fysiske lover for bølgjeutbreiing, via innsamling av ulike typar data, til tolking og modellering av desse. Strukturgeologi og sedimentologi er viktige geologiske disiplinar som inngår i fagområdet. Informatikk, matematikk og fysikk kan vere viktige støttefag innan delar av studiet. Innan petroleumsgeofag kan du og velja ein europeisk fellesgrad: Basinmaster - kor utveksling i 3.semester er obligatorisk.
Den faglege bredda ved instituttet er med å gje kandidatane kompetanse som gjer dei skikka til å møte dei krava som stillast til å arbeide med petrolemsgeovitenskapelige problemstillingar i industrien.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført masterstudium i geovitskap, studieretning petrolumsgeofag skal kandidaten kunne:
- Ha spesialistkompetanse innan ei rekke fagfelt knytta til petroleumsgeologi eller petroleumsgeofysikk
- Arbeide individuelt og i team for å løyse samansette geofaglege problemstillingar
- Kunne forfatte ein vitskapeleg tekst
- Kunne anvende vitskapeleg litteratur i eiga forsking
- Kunne samle inn, bearbeide, analysere og tolke vitskapelege data
- Utføre laboratorie- og feltarbeid i samsvar med god HMS-praksis
- Gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innan ei gitt tidsramme og i samsvar med faglege og etiske normer
Dersom studentane vel eit masterprosjekt innan petroleumsgeologi skal kandidaten i tillegg kunne:
- Kjenne til prosesser knytta til modning, generering og migrasjon av hydrokarboner, danning av reservoarbergartar, tak og struktur
- Beherske petroleumsgeologiske feltmetodar
- Vere i stand til å dele ei sedimentær lagrekkje inn i facies og bruke dette som grunnlag for tolking av paleoprosessar, paleomiljø og paleogegrafi
- Kunne tolke brønndata og seismikkdata
- Kunne vurdere eit sedimentært basseng i forhold til kjelde, reservoar, tak og felle
Dersom studentane vel eit masterprosjekt innan petroleumsgeofysikk skal kandidaten i tillegg kunne:
- kjenne til opphavet av seismiske bølgjer og korleis dei forplantar seg i geologiske strukturar
- kjenne til dei ulike metodane brukt til å samle inn seismiske data, dvs. på jordas overflate, på havbotn og i borehol.
- vere stand til å gjere seismisk prosessering med mål å trekkje ut den underliggjande geologiske modellen
- kjenne korleis ulike reservoar eigenskaper vil vere tilkjennegitt i seismiske data og korleis dette kan nyttast i seismisk reservoar karakterisering og kvantitativ seismisk tolkning
- kjenne til prinsippa bak seismisk monitorering av hydrokarbon-produksjon, eller reservoarer som vert injiserte med CO2.
Opptakskrav
Bachelorgrad i geovitskap eller tilsvarande, avhengig av disiplin og spesialisering. For enkelte disiplinar kan og bachelorgrad i kjemi eller petroleumsteknologi danne opptaksgrunnlag, dersom spesifikke krav til geovitskaplege emne i graden er oppfylt. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.
For basinmaster vil det i tillegg vert krevd:
- gode resultat frå bachelorgraden
- eit brev med motivasjon for studiet
- ein anbefaling frå ein vitskapleg person
- kunne dokumentere økonomi til kost og skolepengar.
Obligatoriske emne / spesialisering
Studiet består av to komponentar: eit sjølvstendig vitenskapeleg arbeid (masteroppgåve) og ein spesialiseringsdel.
- masteroppgåva har normalt eit omfang på 60 sp. På Basinmasteren vert det mogleg å få 30 sp oppgåve
- spesialiseringsdelen er sett saman av emne tilsvarande 60 sp i samråd med rettleiar. Ved val av 30 sp oppgåve aukar spesialiseringdelen til eit omfang på 90 sp
Omfang masteroppgåva
Du skal i samråd med rettleiaren velje ei masteroppgåve og lage ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva. Masteroppgåva i geovitskap er normalt på 60 studiepoeng. På Basinmasteren vil ein kunne gi oppgåver med eit omfang på 30 studiepoeng. Omfanget av emne og spesialpensum vil da auke til 90 studiepoeng.
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.
Undervisningsmetodar
Masteroppgåva kan vere basert på eige feltarbeid og/eller tilgjengelege data, eller vere av meir teoretisk eller eksperimentell karakter.
Kompetanse for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Yrkesvegar
Oljeindustri, statlege og offentlege forvaltingsorgan, universitet og høgskolesektor samt private konsulent - og forskingsinstitusjonar.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Petroleumsgeofag (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Emner i mastergraden (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Masteroppgåve i geovitskap (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| GEOV399 | Masteroppgåve i geovitskap | 60 | 3 | |||||||||