Optimering
Mål og innhald
Masterstudentar i optimering arbeider med metodar for å formulere og løyse optimeringsproblem på ein datamaskin. Under studiet lærer ein seg både modellering, det vil seie å uttrykke praktiske problem i form av matematiske modellar, og å utvikle algoritmar for å finne løysing til modellane. Ein utvikler spisskompetanse innan ei spesialisering i optimering, og godt oversyn over andre område innan informatikk.
Innanfor masterprogrammet i optimering spesialiserer ein seg i enten diskret/kombinatorisk optimering eller kontinuerleg optimering. Begge spesialiseringane kan ha stort innslag av arbeid med praktiske problem henta frå industri og næringslivet elles.
Fagleg profil
Gruppa for optimering forskar på effektive løysingsmetodar for optimeringsproblem. Det er enkelte felles faglege problemstillingar mellom optimering og sikker og påliteleg kommunikasjon, og mellom optimering og algoritmar.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informatikk, optimering. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Utveksling
Dersom du ønskjer eit utlandsopphald i masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Enten bachelorgrad i informatikk frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårlig bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk. Merk at det er eigne krav til informatikk, matematikk og fagsamansetjing i bachelorgraden i informatikk ved UiB. Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar. Studentar som tar bachelorgrad ved ein høgskule, bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak, matematikk er ikkje obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulene. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master
Meir informasjon
studierettleiar@ii.uib.no
Tlf: 55 58 40 93
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informatikk, optimering. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål / Innhald
Masterstudentar i optimering arbeider med metodar for å formulere og løyse optimeringsproblem på ein datamaskin. Under studiet lærer ein seg både modellering, det vil seie å uttrykke praktiske problem i form av matematiske modellar, og å utvikle algoritmar for å finne løysing til modellane. Ein utvikler spisskompetanse innan ei spesialisering i optimering, og godt oversyn over andre område innan informatikk.
Innanfor masterprogrammet i optimering spesialiserer ein seg i enten diskret/kombinatorisk optimering eller kontinuerleg optimering. Begge spesialiseringane kan ha stort innslag av arbeid med praktiske problem henta frå industri og næringslivet elles.
Opptakskrav
Enten bachelorgrad i informatikk frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårlig bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk. Merk at det er eigne krav til informatikk, matematikk og fagsamansetjing i bachelorgraden i informatikk ved UiB. Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar. Studentar som tar bachelorgrad ved ein høgskule, bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak, matematikk er ikkje obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulene. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.
Obligatoriske emne / spesialisering
Studiet har to komponentar: Kursdel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng, der masteroppgåva er på 60 studiepoeng. Det er mogleg å skrive masteroppgåve på 30 studiepoeng.
Kursdelen
To emne er obligatoriske:
INF234 Algoritmar
INF 270 Optimeringsmetodar
Dei andre emna skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.
2. vår
Oppgåve
Oppgåve
Oppgåve
2. haust
Oppgåve/valemne
Oppgåve
Oppgåve
1. vår
INF271/valemne
INF272/valemne
INF237/oppgåve
1. haust
MAT261/valemne
Omfang masteroppgåva
Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Det krev at studenten har tileigna seg solide kunnskapar innan fagområdet. Det er også mogleg å skrive masteroppgåve i optimering i samarbeid med eksterne institusjonar eller industri.
I løpet av 1. semester skal studenten ha funne seg ein rettleiar. Saman med denne skal han/ho bestemme eit tema for oppgåva og lage ein framdriftsplan med oversyn over kurs og milepælar i arbeidet med oppgåva. Hovudforma for masteroppgåva er lang oppgåve med ei arbeidsmengde tilsvarande 60 studiepoeng, men det er også mogleg å velje kort oppgåva på 30 studiepoeng. Vel du å skrive lang masteroppgåve byrjar du normalt på den i 2. semester, og jobbar meir og meir med denne utover i studiet. Siste semesteret arbeider du berre med denne. Vel du å skrive kort oppgåve skal denne gjennomførast i løpet av 6 månader. Då arbeider du berre med emne dei tre første semestra, og berre med oppgåva det siste semesteret.
Fristane for innlevering er:
Oppstart haust: 1. juni fire semester seinare
Oppstart vår: 20. november fire semester seinare
Merk også at det er utarbeidd eit utfyllande reglement for masterstudentar ved MN-fakultetet.
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.
Delstudium i utlandet
Dersom du ønskjer eit utlandsopphald i masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.
Undervisningsmetodar
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av aktuelle problemstillingar og implementering av nye løysingar.
Kompetanse for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanninga vert vanlegvis finansiert ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Yrkesvegar
IKT-teknologi blir i stadig aukande grad ein basisteknologi i all næringsverksemd og forvalting, og kandidatar med ein mastergrad i informatikk er svært etterspurde til å vedlikehalde og utvikle IT-system. Mange får seg også jobb innan IT-industrien eller innan forsking og høgare utdanning. Dei som spesialiserer seg innan optimering, arbeider ofte med modellering, metodeutvikling og implementering innan produksjonsplanlegging, transport og andre former for industriell planlegging. Den vidaregåande skulen har eit stort udekka behov for lærarar med god bakgrunn i matematikk og informatikk.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet: studieveileder@ii.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Optimering (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| INF234 | Algoritmer | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| INF270 | Lineær programmering | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Valgfritt emne (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Emna MAT261, INF271, INF272 og INF237 er tilrådd | ||||||||||||
| Masteroppgåve (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| INF399 | Masteroppgåve i informatikk | 60 | 3 | |||||||||
| Valemner på Høgskolen i Bergen | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Avansert programvareteknologi (HiB) | - | - | ||||||||||
| Moderne systemutviklingsmetoder (HiB) | - | - | ||||||||||
| Agentteknologier (HiB) | - | - | ||||||||||
| Utvalgte emner i programvareutvikling (HiB) | - | - | ||||||||||
| Modell-basert programvareutvikling (HiB) | - | - | ||||||||||