Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i informatikk

Studieretningar:

Sikker og påliteleg kommunikasjon

Mål og innhald

Masterstudiet i sikker og robust kommunikasjon omhandlar kodeteori, kryptografi og datatryggleik i faste og trådlause kommunikasjonssystem. Kodeteori handlar om metodar for å sikre data mot feil som oppstår under kommunikasjon eller lagring av data. Dette fagområdet er fundamentalt for å gjere kommunikasjonssystem dugande og pålitelige. Kryptografi omfattar metodar for å sikre data mot uautorisert innsyn, endring og forfalsking, og til å lage digitale signaturar. Datatryggleik omfattar studie av svakheiter overfor vondsinna angrep mot kommunikasjons- og informasjonssystema. Fagområda kodeteori, kryptografi og datatryggleik er nært knytt til kvarandre, og utgjer fokusområda til Selmersenteret, som denne mastergrada er tilknytta.


Problem som er aktuelle for oppgåver spenner over eit spekter frå reine teorioppgåver som er matematiske av natur, til oppgåver med hovudvekt på utvikling og implementering av forskjellige algoritmar i kodeteori og kryptologi eller i sikker og effektiv trådlaus bruk. Masterstudentar innan sikker kommunikasjon vil kvalifisere til jobbar som ekspertar innan kommunikasjons- og datatryggleik.

Fagleg profil

Masterprogrammet opnar for både teoretiske oppgåver og oppgåver av meir praktisk karakter. Oppgåvene blir valde med sikte på å gjere kandidatane fortrulege med problemstillingar i den internasjonale forskingsfronten.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informatikk, sikker og trådløs kommunikasjon. Studiet er toårig (120 sp).

Utveksling

Dersom du ønskjer eit utlandsopphald i masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.

Studiestart

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Enten bachelorgrad i informatikk frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårlig bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk. Merk at det er eigne krav til informatikk, matematikk og fagsamansetjing i bachelorgraden i informatikk ved UiB. Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar. Studentar som tar bachelorgrad ved ein høgskule, bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak, matematikk er ikkje obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulene. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master

Meir informasjon

studierettleiar@ii.uib.no
Tlf: 55 58 40 93

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informatikk, sikker og trådløs kommunikasjon. Studiet er toårig (120 sp).

Studiestart

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål / Innhald

Masterstudiet i sikker og robust kommunikasjon omhandlar kodeteori, kryptografi og datatryggleik i faste og trådlause kommunikasjonssystem. Kodeteori handlar om metodar for å sikre data mot feil som oppstår under kommunikasjon eller lagring av data. Dette fagområdet er fundamentalt for å gjere kommunikasjonssystem dugande og pålitelige. Kryptografi omfattar metodar for å sikre data mot uautorisert innsyn, endring og forfalsking, og til å lage digitale signaturar. Datatryggleik omfattar studie av svakheiter overfor vondsinna angrep mot kommunikasjons- og informasjonssystema. Fagområda kodeteori, kryptografi og datatryggleik er nært knytt til kvarandre, og utgjer fokusområda til Selmersenteret, som denne mastergrada er tilknytta.


Problem som er aktuelle for oppgåver spenner over eit spekter frå reine teorioppgåver som er matematiske av natur, til oppgåver med hovudvekt på utvikling og implementering av forskjellige algoritmar i kodeteori og kryptologi eller i sikker og effektiv trådlaus bruk. Masterstudentar innan sikker kommunikasjon vil kvalifisere til jobbar som ekspertar innan kommunikasjons- og datatryggleik.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført masterstudiet i informatikk (studieretning sikker og pålitelig kommunikasjon) skal kandidaten kunne:

 

    • Forstå, analysera, gjera greie for og løysa problem innanfor informatikk generelt og påliteleg og sikker kommunikasjon spesielt
    • Ta del i utviklingsprosjekt i næringsliv og forvaltning innanfor IKT og spesielt innanfor påliteleg og sikker kommunikasjon, og leia mindre prosjekt
    • Ta del i forskingsaktiviteter innanfor påliteleg og sikker kommunikasjon

Opptakskrav

Enten bachelorgrad i informatikk frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårlig bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk. Merk at det er eigne krav til informatikk, matematikk og fagsamansetjing i bachelorgraden i informatikk ved UiB. Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar. Studentar som tar bachelorgrad ved ein høgskule, bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak, matematikk er ikkje obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulene. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Obligatoriske emne / spesialisering

Studiet har to komponentar: Kursdel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng. Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid om utgjer (30 eller) 60 studiepoeng.

Kursdelen

Obligatoriske emne i mastergraden i sikker og påliteleg kommunikasjon er:

INF234 Algoritmar

INF240 Grunnleggjande kodar

I spesialiseringa kodeteori er i tillegg følgjande emne obligatoriske:

INF244 Grafbasert kodeteori

I spesialiseringa kryptografi er i tillegg følgjande emne obligatorisk:

INF247 Kryptografi

I spesialiseringa datatryggleik er i tillegg følgjande emne obligatorisk:

INF246 Sikker og trådlaus kommunikasjon

Dei andre emna skal være på 200- eller 300- tals nivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

Emna i kursdelen skal vere på 200- og 300-talsnivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå.

Kursdel ved lang oppgåve ¿ spesialisering kodeteori

2. vår

Oppgåve

Oppgåve

Oppgåve

2. haust

INF244

Oppgåve

Oppgåve

1. vår

valemne

valemne

Oppgåve

1. haust

INF234

INF240

INF244

Kursdel ved lang oppgåve ¿ spesialisering kryptografi

 

2. vår

Oppgåve

Oppgåve

Oppgåve

2. haust

valemne

Oppgåve

Oppgåve

1. vår

INF247

valemne

Oppgåve

1. haust

INF234

INF240

valemne

Kursdel ved lang oppgåve ¿ spesialisering datatryggleik

 

2. vår

Oppgåve

Oppgåve

Oppgåve

2. haust

valemne

Oppgåve

Oppgåve

1. vår

INF246

valemne

Oppgåve

1. haust

INF234

INF240

valemne

 

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Det krev at studenten har tileigna seg solide kunnskapar innan fagområdet.

I løpet av første semester skal studenten ha funne seg ein rettleiar. Saman med denne skal han/ho bestemme eit tema for oppgåva og lage ein framdriftsplan med oversyn over kurs og milepælar i arbeidet med oppgåva. Hovudforma for masteroppgåva er lang oppgåve med ei arbeidsmengde tilsvarande 60 studiepoeng, men det er også mogleg å velje kort oppgåve på 30 studiepoeng. Vel du å skrive lang masteroppgåve byrjar du normalt på den i 2. semester, og jobbar meir og meir med denne utover i studiet. Siste semesteret arbeider du berre med denne. Vel du å skrive kort oppgåve skal denne gjennomførast i løpet av 6 månader. Då arbeider du berre med emne dei tre første semestra, og berre med oppgåva det siste semesteret.

Fristane for innlevering er:

Oppstart haust: 1. juni fire semester seinare

Oppstart vår: 20. november fire semester seinare

Merk også at det er utarbeidd eit utfyllande reglement for masterstudentar ved MN-fakultetet.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.

Delstudium i utlandet

Dersom du ønskjer eit utlandsopphald i masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.

Undervisningsmetodar

I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av aktuelle problemstillingar og implementering av nye løysingar.

Kompetanse for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanninga vert vanlegvis finansiert ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.

Yrkesvegar

Studiet skal gi deg godt grunnlag for arbeid innan forsking og utvikling, undervisning, IT og industri med ein spesiell kompetanse innan kommunikasjons- og datatryggleik.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Fagansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet: studieveileder@ii.uib.no

MAMN-INF/Masterprogram i informatikk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Sikker og trådløs kommunikasjon (krav: 60 SP)
Obligatorisk emne (krav: 20 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INF234 Algoritmer 10 1-4 1
INF240 Grunnleggjande koder 10 1-4 1
Veivalg i sikker kommunikasjon
Spesialisering i kodeteori (krav: 40 SP)
Obligatorisk emne (krav: 10 SP)
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INF244 Grafbasert kodeteori 10 1-4 3
Valgemne (krav: 30 SP)
Spesialisering i Kryptografi (krav: 40 SP)
Obligatorisk emne (krav: 10 SP)
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INF247 Kryptologi 10 1-4 1
Valgemne (krav: 30 SP)
Spesialisering i Datatryggleik (krav: 40 SP)
Obligatorisk emne (krav: 10 SP)
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INF246 Informasjonsnettverk 10 1-4 2
Valgemne (krav: 30 SP)
Masteroppgåve (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INF399 Masteroppgåve i informatikk 60 3
Valemner på Høgskolen i Bergen
Valfritt
SP S A
Avansert programvareteknologi (HiB) - -
Moderne systemutviklingsmetoder (HiB) - -
Agentteknologier (HiB) - -
Utvalgte emner i programvareutvikling (HiB) - -
Modell-basert programvareutvikling (HiB) - -