Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i informatikk

Visualisering

Mål og innhald

Visualisering er eit område med stadig aukande relevans i informatikk. Avansert datagrafikk blir brukt til å gje innsikt i store og komplekse datasett som kjem frå storskala målingar (medisinske 3D skannarar, sonar, seismiske målingar, etc), datasimuleringar (veskedynamikk, deformering av strukturar, etc.) eller kompleks modellering (dynamiske system, etc). Visualisering gjeld både utnytting og analyse av slike datasett og presentasjon av resultata. Viktige døme er volumrendering (attgjeving) av medisinske 3D bilete, visualisering av luftstraumen rundt bilar og fly, og visualisering av hierarkiske datastrukturar som t.d. filsystem.

Fagleg profil

Utdanninga vil fokusere på innsikt i grunnleggjande visualiseringsmetodar med vekt på bruk av desse metodane i ulike fag som t.d. medisin, marine fag, oljerelaterte fag.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informatikk, visulalisering. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Utveksling

Dersom du ønskjer eit utlandsopphald i masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.

Studiestart

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Enten bachelorgrad i informatikk frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårlig bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk. Merk at det er eigne krav til informatikk, matematikk og fagsamansetjing i bachelorgraden i informatikk ved UiB. Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar. Studentar som tar bachelorgrad ved ein høgskule, bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak, matematikk er ikkje obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulene. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master

Meir informasjon

studierettleiar@ii.uib.no / 55 58 40 93

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informatikk, visulalisering. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål / Innhald

Visualisering er eit område med stadig aukande relevans i informatikk. Avansert datagrafikk blir brukt til å gje innsikt i store og komplekse datasett som kjem frå storskala målingar (medisinske 3D skannarar, sonar, seismiske målingar, etc), datasimuleringar (veskedynamikk, deformering av strukturar, etc.) eller kompleks modellering (dynamiske system, etc). Visualisering gjeld både utnytting og analyse av slike datasett og presentasjon av resultata. Viktige døme er volumrendering (attgjeving) av medisinske 3D bilete, visualisering av luftstraumen rundt bilar og fly, og visualisering av hierarkiske datastrukturar som t.d. filsystem.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført masterstudiet i informatikk med studieretning innan visualisering skal studenten ha oppnådd følgjande læringsutbytte:

 

    • gjere greie for det grunnleggjande innanfor datagrafikk og visualisering
    • løyse grunnleggjande problem innan datagrafikk og visualisering
    • implementere gitte løysingar som krev ekspertise innan datagrafikk og visualisering
    • utføre problemløysing i samsvar med vitskapelege prinsipp
    • finne og vurdere liknande vitskapeleg arbeid
    • differensiere mellom grunnleggjande prinsipp innan 3D datagrafikk
    • generere passande eksemplar på visualiseringsløysingar
    • gjere greie for viktige prinsipp innan GPU ¿ programmering
    • arbeide med data av ulike slag
    • presentere og forsvare ei oppgåveløysing

Opptakskrav

Enten bachelorgrad i informatikk frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårlig bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk. Merk at det er eigne krav til informatikk, matematikk og fagsamansetjing i bachelorgraden i informatikk ved UiB. Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar. Studentar som tar bachelorgrad ved ein høgskule, bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak, matematikk er ikkje obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulene. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Obligatoriske emne / spesialisering

Studiet har to komponentar: kursdel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng, der masteroppgåva er på 60 studiepoeng.

Kursdelen er organisert som ei rekkje kurs i ei logisk rekkjefylgje. Det betyr at vidaregåande kurs byggjer på grunnleggjande kurs og at ein kan spesialisere seg i ulike retningar etter interesse.

 

5 emne er obligatoriske i mastergraden, mens det 6. kan veljast i samråd med rettleiar. Følgjande emne er ein obligatorisk del av bachelor- eller masterstudiet:

INF251 Grafisk databehandling

INF234 Algoritmar

INF252 Visualisering

INF319 Individuelt prosjekt

INF358 Seminar i visualisering

INF359 Utvalde emne i visualisering

 

INF251 Grafisk databehandling er ein føresetnad (det er mogleg for dei som ikkje har tatt dette kurset eller tilsvarande i bachelorstudiet, å ta det under masterstudiet, men dette gir eit suboptimalt opplegg). Kurset gir ein tekniske basis for studiet av visualisering. Studentane vil bli kjende med 3D datagrafikk, representasjon av grafiske data og grafikkmaskinvare.

INF252 Visualisering er kjernekurset i studieretninga. Kurset dekkjer persepsjonsaspekta av humant syn og prinsippa for omforming av digitale data til kunnskap ved bruk av datagrafikk og interaksjon. Kurset dekkjer eit breitt spekter av visualiseringsteknikkar basert på forma av digital informasjon som skal omformast. Normalt bør kurset takast i fyrste semester i masterstudiet.

For å få grunnleggjande praksis i utvikling av visualiseringsløysingar under nøye rettleiing er INF319 Individuelt prosjekt er viktig del av masterstudiet. Eit anna viktig kurs er INF358 Seminar i visualisering. Studentane vil få nær kontakt med stilen i vitskaplege arbeid. I kurset vil ein både studere vitskapleg litteratur, utføre og dokumentere eige arbeid skriftleg og presentera det munnleg.

Kurset INF359 Utvalde emne i visualisering byggjer på INF252 og vil presentere vidaregåande emne innan visualisering, spesielt emne opp mot forskinga på instituttet.

Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gje eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

 

 

Tilrådd progresjon:

2.vår

oppgåve

Oppgåve

oppgåve

2.høst

Valemne

Oppgåve

oppgåve

1.vår

INF319

INF359

oppgåve

1.høst

INF234

INF252

INF358

Studentar som har tatt INF252 i bachelorstudiet, bør ta INF319 i 1. haust.

Studentar som ikkje har tatt INF319 tidlegare, må ta det andre haust.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Det krev at studenten har tileigna seg solide kunnskapar innan fagområdet. I løpet av det første semesteret skal studenten ha funne seg ein rettleiar. Saman med denne skal han/ho bestemme eit tema for oppgåva og lage ei framdriftsplan med oversyn over kurs og milepælar i arbeidet med oppgåva. Masteroppgåva i visualisering skal vere lang oppgåve med ei arbeidsmengde tilsvarande 60 studiepoeng. Du vil normalt byrja å skrive på masteroppgåve i 2. semester, og jobbar meir og meir med denne utover i studiet. Siste semesteret arbeider du berre med denne. Vel du å skrive kort oppgåve skal denne gjennomførast i løpet av 6 månader. Då arbeider du berre med emne dei tre første semestra, og berre med oppgåva det siste semesteret.

Fristane for innlevering er:

Oppstart haust: 1. juni fire semester seinare

Oppstart vår: 20. november fire semester seinare

Merk også at det er utarbeidd eit utfyllande reglement for masterstudentar ved MN-fakultetet.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.

Delstudium i utlandet

Dersom du ønskjer eit utlandsopphald i masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.

Undervisningsmetodar

I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av aktuelle problemstillingar og implementering av nye løysingar.

Kompetanse for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanninga vert vanlegvis finansiert ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.

Yrkesvegar

Etter fullført mastergrad i visualisering vil studentane ha mange moglegheiter. Ein er vel budde for alt IT-relatert arbeid. Dei vil vere særleg vel skikka for FoU i visualisering og 3D-grafikk. Typiske jobbar er utvikling av system for CAD og GIS, utvikling av medisinske arbeidsstasjonar, design og utvikling av programvare for visuell analyse og utnytting av data frå industrien (t.d olje- og gassindustrien, fiskeri, bildesign). Kandidatane vil også ha kunnskap for utvikling av spel, utvikling av 3Dmodellering og forretningsgrafikk, programmering av grafikkmaskinvare, og brukargrensesnitt for alt frå mobiltelefonar til VR (virtual reality) omgivnader.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Fagansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet: studieveileder@ii.uib.no

MAMN-INF/Masterprogram i informatikk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Visualisering (krav: 60 SP)
Obligatorisk emne (krav: 50 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INF234 Algoritmer 10 1-4 1
INF252 Visualisering 10 1-4 1
INF358 Seminar i visualisering 10 1-4 1
INF319 Informatikkprosjekt II 10 1-4 2
INF359 Utvalde emner i visualisering 10 1-4 2
Valgfritt emne (krav: 10 SP)
Masteroppgåve (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INF399 Masteroppgåve i informatikk 60 3
Valemner på Høgskolen i Bergen
Valfritt
SP S A
Avansert programvareteknologi (HiB) - -
Moderne systemutviklingsmetoder (HiB) - -
Agentteknologier (HiB) - -
Utvalgte emner i programvareutvikling (HiB) - -
Modell-basert programvareutvikling (HiB) - -