Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i marinbiologi

Studieretningar:

Akvatisk økologi

Mål og innhald

Målet med programmet er å gi deg djup innsikt i, og oversikt over, fagområdet akvatisk økologi med vekt på individ og bestandar. Du som har gjennomgått programmet skal ha god kjennskap til akvatiske økologiske prosessar og mønster, innsikt i og erfaring med bruk av marinbiologisk metodikk i felt og i laboratoriet samt generelle metodar for å studere økologi. Du skal også ha fått opplæring i å gjennomføre ein sjølvstendig vitskapleg studie.

Moglege masteroppgåver kan omhandle mikrobiell økologi, dyre- og planteplanktonøkologi, fiskeøkologi, ferskvassøkologi og modellering.

Fagleg profil

Moglege masteroppgåver kan omhandle mikrobiell økologi, dyre- og planteplanktonøkologi, fiskeøkologi, ferskvassøkologi og modellering.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i marinbiologi - akvatisk økologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår

Frå og med hausten 2014 (med søknadsfrist 15. april 2014) blir dette programmet vidareført som ein studieretning under masterprogram i biologi. For å søke på marinbiologi vel du Masterprogram i biologi, studieretning marinbiologi. Skildring av den nye studieretninga finn du her: http://www.uib.no/bio/utdanning/master-ved-bio

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande i for eksempel biologi, molekylærbiologi, havbruk, kystsoneforvalting, matematikk eller kjemi. Det er ein fordel om du har tatt BIO213 (MAR210) Akvatisk økologi eller BIO217 (MIK202) Mikrobiell økologi som ein del av bachelorgraden.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på
http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram

Meir informasjon

Ta kontakt med studierettleiar:
studie@bio.uib.no

telefon 55 58 33 45

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i marinbiologi - Akvatisk økologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår

Frå og med hausten 2014 (med søknadsfrist 15. april 2014) blir dette programmet vidareført som ein studieretning under masterprogram i biologi. For å søke på marinbiologi vel du Masterprogram i biologi, studieretning marinbiologi. Skildring av den nye studieretninga finn du her: http://www.uib.no/bio/utdanning/master-ved-bio

Mål og innhald

Målet med programmet er å gi deg djup innsikt i, og oversikt over, fagområdet akvatisk økologi med vekt på individ og bestandar. Du som har gjennomgått programmet skal ha god kjennskap til akvatiske økologiske prosessar og mønster, innsikt i og erfaring med bruk av marinbiologisk metodikk i felt og i laboratoriet samt generelle metodar for å studere økologi. Du skal også ha fått opplæring i å gjennomføre ein sjølvstendig vitskapleg studie.

Moglege masteroppgåver kan omhandle mikrobiell økologi, dyre- og planteplanktonøkologi, fiskeøkologi, ferskvassøkologi og modellering.

Læringsutbyte

  • Definere og forklare sentrale omgrep og teoriar og teoriar inne akvatisk økologi.
  • Beskrive sentrale strukturer og prosesser i det akvatiske økosystemet frå små- til storskala, og mellom individ, populasjon og samfunn.
  • Forklare dynamikk og mønstre i akvatiske økosystem på bakgrunn av samverknadar mellom sentrale fysiske, kjemiske og biologiske prosesser.
  • Planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig forskings-/utgreiingsstudie gjennom å kunne: formulere og konkretisere ei problemstilling, velje metodar, reiskapar og strategiar for datainnsamling, opparbeide og analysere data, presentere og drøfte resultat, og skrive ei vitskapleg avhandling om studiet.

 

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande i for eksempel biologi, molekylærbiologi, havbruk, kystsoneforvalting, matematikk eller kjemi. Det er ein fordel om du har tatt BIO213 (MAR210) Akvatisk økologi eller BIO217 (MIK202) Mikrobiell økologi som ein del av bachelorgraden.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Obligatoriske emne

Masterprogrammet i akvatisk økologi omfattar emne eller spesialpensum på til saman 60 studiepoeng. Dei obligatoriske emna er: BIO211 Marin floristikk og faunistikk (10 stp), BIO300 Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett (10 stp), BIO310 Marine metodar (5 stp) og BIO213 Akvatisk økologi (10stp) eller BIO217 Mikrobiell økologi (10 stp). Dei resterande emna vel du i samråd med rettleiaren.

Eit masterprogram med start om hausten ser slik ut:

1. H BIO300 BIO211 BIO310 BIO213/BIO217

2. V BIO211 Valemne Valemne

3. H Oppgåve Oppgåve Oppgåve

4. V Oppgåve Oppgåve Oppgåve

 

 

Omfang masteroppgåva

I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng, men du kan også skrive ei oppgåve på 30 studiepoeng. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse og lage ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva. Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Tema i oppgåva kan veljast innan forskingsområda til dei aktuelle rettleiarane.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.

Undervisningsmetodar

I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.

Grunnlag for videre studium

Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.

Relevans for arbeidsliv

Mange biologar arbeider innan natur-, miljø- og ressursforvalting, forsking, havbruk, skoleverk, industri, miljøorganisasjonar og i medie- og konsulentverksemder. I dei fleste tilfella opnar det seg langt fleire moglegheiter for dei som har fullført masterprogrammet. Studiet skal gi eit godt grunnlag for arbeid i offentleg forvalting, næringsliv og skoleverk og for vidare doktorgradsstudium innan akvatisk økologi og tilgrensande fagfelt.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for biologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost: studie@bio.uib.no

MAMN-MAR/Masterprogram i marinbiologi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Akvatisk økologi (krav: 120 SP)
Obligatorisk emne (krav: 40 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
BIO300 Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett 10 1-4 2
BIO310 Marine metodar 5 1-4 2
BIO211 Marin floristikk og faunistikk 10 1-4 2
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
BIO213 Marin økologi 10 1-4 1
BIO217 Mikrobiell økologi 10 1-4 1
Valfritt emne (krav: 20 SP)
Masteroppgåve i marinbiologi (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MAR399 Masteroppgåve i marinbiologi 60 3