Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i marinbiologi

Studieretningar:

Marin biodiversitet

Mål og innhald

Målet med programmet er å gje ei oversikt over flora å fauna i karakteristiske marine norske habitat og kunnskap om organismane sitt innbyrdes samspel. Dessutan vil studenten få ei solid innsikt i klassisk marin innsamlings-, bestemmings- og klassifikasjonsmetodikk. Gjennom ein kombinasjon av praktisk feltarbeid og teori vil studenten oppnå ferdigheiter som gjer han/ho i stand til å kunne gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg prosjekt i eit utvalt emne innanfor marin biodiversitet.

Fagleg profil

Moglege masteroppgåver kan omhandle økologi, biogeografi og taksonomi.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i marinbiologi - marin biodiversitet. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår

Frå og med hausten 2014 (med søknadsfrist 15. april 2014) blir dette programmet vidareført som ein studieretning under masterprogram i biologi. For å søke på marinbiologi vel du Masterprogram i biologi, studieretning marinbiologi. Skildring av den nye studieretninga finn du her: http://www.uib.no/bio/utdanning/master-ved-bio

Opptakskrav

3-årig bachelorgrad eller tilsvarande, helst i biologi. Dersom bachelorgraden er i andre fag, må han innehalde relevante grunnemne i biologi. Det er ein fordel om du tek BIO212 (MAR212) Marin samfunnsøkologi - Organismar og habitat som ein del av bachelorgraden.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Meir informasjon

Ta kontakt med studierettleiar:
studie@bio.uib.no

telefon 55 58 33 45

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i marinbiologi - Marin biodiversitet. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår

Frå og med hausten 2014 (med søknadsfrist 15. april 2014) blir dette programmet vidareført som ein studieretning under masterprogram i biologi. For å søke på marinbiologi vel du Masterprogram i biologi, studieretning marinbiologi. Skildring av den nye studieretninga finn du her: http://www.uib.no/bio/utdanning/master-ved-bio

Mål og innhald

Målet med programmet er å gje ei oversikt over flora å fauna i karakteristiske marine norske habitat og kunnskap om organismane sitt innbyrdes samspel. Dessutan vil studenten få ei solid innsikt i klassisk marin innsamlings-, bestemmings- og klassifikasjonsmetodikk. Gjennom ein kombinasjon av praktisk feltarbeid og teori vil studenten oppnå ferdigheiter som gjer han/ho i stand til å kunne gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg prosjekt i eit utvalt emne innanfor marin biodiversitet.

Læringsutbyte

  • Kunne artsbestemme sentrale norske marine organismar.
  • Kjennskap til dei marine organismane sitt habitat og levevis.
  • Forståing av marine artar sine næringsopptakstrategiar og biologiske interaksjonar.
  • Kjennskap til styrkene og avgrensingane av marine analyser og innsamlingsmetodikkar.
  • Kunnskap til å på kvalifisert vis kunne forstå og diskutere marine biodiversitetspørsmål.
  • Formulere, planlegge og gjennomføre eit forskingsprosjekt og kunne framstille resultatet i ei munnleg og skriftleg form som svarar til den vitskaplege standard innan fagfeltet.

 

 

Opptakskrav

3-årig bachelorgrad eller tilsvarande, helst i biologi. Dersom bachelorgraden er i andre fag, må han innehalde relevante grunnemne i biologi. Det er ein fordel om du tek BIO212 (MAR212) Marin samfunnsøkologi - Organismar og habitat som ein del av bachelorgraden.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Obligatoriske emne

Masterprogrammet i marin biodiversitet omfattar emne eller spesialpensum på til saman 60 studiepoeng. Dei obligatoriske emna er: BIO211 Marin floristikk og faunistikk (10 stp), BIO300 Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett (10 stp), BIO310 Marine metodar (5 stp) og BIO212 Marin samfunnsøkologi - Organismar og habitat (10 stp). Dei resterande emna vel du i samråd med rettleiaren din.

Eit masterprogram med start om hausten ser slik ut:

 

1. H BIO300 BIO310 BIO211 BIO212

2. V BIO211 Valemne Valemne

3. H Oppgåve Oppgåve Oppgåve

4. V Oppgåve Oppgåve Oppgåve

 

 

Omfang masteroppgåva

I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng, men du kan også skrive ei oppgåve på 30 studiepoeng. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse og lage ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva. Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Tema i oppgåva kan veljast innan forskingsområda til dei aktuelle rettleiarane.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leverast innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.

Undervisningsmetodar

I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.

Grunnlag for videre studium

Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.

Relevans for arbeidsliv

Mange biologar arbeider innan natur-, miljø- og ressursforvalting, forsking, havbruk, skoleverk, industri, miljøorganisasjonar og i medie- og konsulentverksemder. I dei fleste tilfella opnar det seg langt fleire moglegheiter for dei som har fullført masterprogrammet. Studiet skal gi eit godt grunnlag for arbeid innan offentleg forvalting, næringsliv, skoleverk og for vidare doktorgradsstudium innan marin biodiversitet og tilgrensande fagfelt.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for biologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost: studie@bio.uib.no

MAMN-MAR/Masterprogram i marinbiologi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Marin biodiversitet (krav: 120 SP)
Obligatorisk emne (krav: 35 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
BIO300 Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett 10 1-4 2
BIO211 Marin floristikk og faunistikk 10 1-4 2
BIO212 Marin samfunnsøkologi - Organismar og habitater 10 1-4 2
BIO310 Marine metodar 5 1-4 2
Valfritt emne (krav: 25 SP)
Masteroppgåve i marinbiologi (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MAR399 Masteroppgåve i marinbiologi 60 3