Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i marinbiologi

Studieretningar:

Fiskebiologi

Mål og innhald

Målet med programmet er å gi deg innsikt i og oversikt over fagområdet fiskebiologi. Du som gjennomgår programmet skal få god kjennskap til marinbiologi og i tillegg spesialisere deg innan fysiologi og anatomi, fiskeåtferd, genetikk og systematikk eller larveøkologi.

Du skal også få opplæring i å gjennomføre ein sjølvstendig vitskapleg studie.

Fagleg profil

Moglege masteroppgåver kan omhandle fysiologi og anatomi, fiskeåtferd, genetikk og systematikk eller larveøkologi.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i marinbiologi - fiskebiologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Frå og med hausten 2014 (med søknadsfrist 15. april 2014) blir dette programmet vidareført som ein studieretning under masterprogram i biologi. For å søke på marinbiologi vel du Masterprogram i biologi, studieretning marinbiologi. Skildring av den nye studieretninga finn du her: http://www.uib.no/bio/utdanning/master-ved-bio

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande i biologi, havbruk eller molekylærbiologi.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på
http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram

Meir informasjon

Ta kontakt med studierettleiar:
studie@bio.uib.no

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i marinbiologi - Fiskebiologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Frå og med hausten 2014 (med søknadsfrist 15. april 2014) blir dette programmet vidareført som ein studieretning under masterprogram i biologi. For å søke på marinbiologi vel du Masterprogram i biologi, studieretning marinbiologi. Skildring av den nye studieretninga finn du her: http://www.uib.no/bio/utdanning/master-ved-bio

Mål og innhald

Målet med programmet er å gi deg innsikt i og oversikt over fagområdet fiskebiologi. Du som gjennomgår programmet skal få god kjennskap til marinbiologi og i tillegg spesialisere deg innan fysiologi og anatomi, fiskeåtferd, genetikk og systematikk eller larveøkologi.

Du skal også få opplæring i å gjennomføre ein sjølvstendig vitskapleg studie.

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande i biologi, havbruk eller molekylærbiologi.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.

Obligatoriske emne

Innan masterprogrammet i fiskebiologi kan du velje mellom tre spesialiseringar. For alle spesialiseringane er følgjande emne obligatoriske: BIO211 (MAR211) Marin floristikk og faunistikk 10 stp, BIO300 Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett (10 stp), BIO310 (MAR310) Marine metodar og BIO280 Fiskebiologi I Systematikk og anatomi. I tillegg kjem følgjande obligatoriske emnepakkar for dei enkelte spesialiseringane:

Fysiologi og anatomi: BIO291 Fiskebiologi II - Fysiologi

Fiskeåtferd: BIO213 (MAR210) Akvatisk økologi, BIO337 (MAR337) Fiskeåtferd

Larveøkologi: BIO213 (MAR210) Akvatisk økologi, BIO305 (MAR351) Marin yngelproduksjon, BIO338 (MAR338) Fiskelarveøkologi

 

Eit masterprogram med start om hausten ser slik ut:

1. H BIO300 BIO211 BIO310

2. V BIO211 BIO280 Valemne

3. H Oppgåve Oppgåve Oppgåve

4. V Oppgåve Oppgåve Oppgåve

 

 

Omfang masteroppgåva

I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng, men du kan også skrive ei oppgåve på 30 studiepoeng. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse og lage ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva. Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Tema i oppgåva kan veljast innan forskingsområda til dei aktuelle rettleiarane.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.

Undervisningsmetodar

I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.

Grunnlag for videre studium

Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.

Relevans for arbeidsliv

Mange biologar arbeider innan natur-, miljø- og ressursforvalting, forsking, havbruk, skoleverk, industri, miljøorganisasjonar og i medie- og konsulentverksemder. I dei fleste tilfella opnar det seg langt fleire moglegheiter for dei som har fullført masterprogrammet. Studiet skal gi eit godt grunnlag for arbeid innan offentleg forvalting, næringsliv og skoleverk og for vidare doktorgradsstudium innan fiskebiologi og tilgrensande fagfelt.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for biologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost: studie@bio.uib.no

MAMN-MAR/Masterprogram i marinbiologi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Fiskebiologi (krav: 120 SP)
Masterprogram i fiskebiologi (krav: 35 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
BIO211 Marin floristikk og faunistikk 10 1-4 2
BIO300 Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett 10 1-4 2
BIO310 Marine metodar 5 1-4 2
BIO280 Fiskebiologi I -Systematikk og anatomi 10 1-4 1
Valfritt emne (krav: 25 SP)
Masteroppgåve i marinbiologi (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MAR399 Masteroppgåve i marinbiologi 60 3