Masterprogram i petroleumsteknologi
Studieretningar:
- Reservoargeofysikk
- Reservoarkjemi
- Reservoarmekanikk
- Reservoargeologi
- Reservoarfysikk
Reservoargeofysikk
Mål og innhald
Studiet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk, matematikk og kjemi med geofysikk for å gi eit solid fagleg fundament for å arbeide med metodar for kartlegging av olje og gass i leite- og produksjonsfase. Studiet er særleg retta mot geometrisk avbilding av strukturar, reservoarbeskriving og overvaking av væskestraum. Målsetjinga med studiet er å utnytte forsking og ekspertise både frå universitetets fagmiljø og eksterne forskingsmiljø til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse som er veleigna for arbeid i oljeindustrien.
Fagleg profil
Når ein skal kartlegge førekomstar av olje og gass i den innleiande leitefasen, og seinare i produksjonsfasen, er geofysiske metodar sentrale. Gjennom geometrisk strukturavbilding kan ein beskrive reservoaret og førekomsten av olje og gass si utvikling over tid. Det gjer det blant anna mogleg å overvake væskestraumen i produksjonsfasen slik at ein undervegs kan sette inn tiltak for å sikre optimal utvinningsgrad.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i petroleumsteknologi, reservoargeofysikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Bachelor i petroleum- og prosessteknologi eller tilsvarande utdanning. Studentar med bachelor i andre realfagsdisiplinar kan vurderast dersom deira faglege bakgrunn i geofysikk blir sett på som tilfredsstillande for masteroppgåva. For å bli teken opp til studiretninga reservoargeofysikk må emna PTEK211 Grunnleggjande reservoarfysikk, PTEK212 Reservoarteknikk I og GEOV260 Petroleumsgeologi (til saman 30 sp) eller tilsvarande vere bestått, eller tilsvarande kunnskapar må dokumenterast.
Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. For interne programstudentar vil det si eit snitt på 3,0 i spesialiseringa (ut frå ein skala der A=5,0 og E=1,0). For studentar med en anna fagleg samansetning av bachelorgraden frå andre program eller institusjonar, kan fleire kriterium bli tatt med i vurdering av opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter opptaksgrunnlaget.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Meir informasjon
Ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.ppt@ift.uib.no
telefon 55 58 28 64
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i petroleumsteknologi - reservoargeofysikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål / Innhald
Studiet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk, matematikk og kjemi med geofysikk for å gi eit solid fagleg fundament for å arbeide med metodar for kartlegging av olje og gass i leite- og produksjonsfase. Studiet er særleg retta mot geometrisk avbilding av strukturar, reservoarbeskriving og overvaking av væskestraum. Målsetjinga med studiet er å utnytte forsking og ekspertise både frå universitetets fagmiljø og eksterne forskingsmiljø til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse som er veleigna for arbeid i oljeindustrien.
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med mastergrad i reservoargeofysikk skal ha ein solid, forskingsbasert kunnskap og omfattande erfaring og forståing av petroleumsteknologisk forsking i det heile. Kandidaten har trening i å arbeide sjølvstendig i forhold til ei forskingsoppgåve. Dette arbeidet omfattar følgjande element:
- å setje seg inn i ei ny vitskapleg problemstilling ut frå litteraturen
- å formulere ein hypotese eller ei problemstilling som kan testast
- å gjere ei kritisk vurdering av det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og identifisere område som krev ny kunnskap eller forståing
- vurdere metodar og velje ein metode som kan gje ny kunnskap
- gjennomføre arbeidet
- tolke resultata i høve til problemstillinga
- presentere forskingsarbeidet skriftleg og munnleg innanfor ramma av vitskapelig formidling
Kandidaten vil ha omfattande kunnskap som kvalifiserer til sjølvstendig arbeid vidare innan dette forskingsfeltet, både i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning.
Opptakskrav
Bachelor i petroleum- og prosessteknologi eller tilsvarande utdanning. Studentar med bachelor i andre realfagsdisiplinar kan vurderast dersom deira faglege bakgrunn i geofysikk blir sett på som tilfredsstillande for masteroppgåva. For å bli teken opp til studiretninga reservoargeofysikk må emna PTEK211 Grunnleggjande reservoarfysikk, PTEK212 Reservoarteknikk I og GEOV260 Petroleumsgeologi (til saman 30 sp) eller tilsvarande vere bestått, eller tilsvarande kunnskapar må dokumenterast.
Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. For interne programstudentar vil det si eit snitt på 3,0 i spesialiseringa (ut frå ein skala der A=5,0 og E=1,0). For studentar med en anna fagleg samansetning av bachelorgraden frå andre program eller institusjonar, kan fleire kriterium bli tatt med i vurdering av opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter opptaksgrunnlaget.
Obligatoriske emne / spesialisering
Masterprogrammet er sett saman av eit sjølvstendig vitskapelig arbeid (masteroppgåve) på 60 SP og emne eller spesialpensum til saman 60 SP sett saman slik:
- Emna PTEK212 Reservoartenikk I og PTEK213 Reservoarteknikk II viss dei ikkje vart inkludert i bachelorgraden
- Andre emne i fysikk, matematikk, kjemi eller geologi valt i samråd med rettleiaren, slik at det til saman blir 60 SP. Døme på emner: PTEK218, GEOV274, GEOV276 og GEOV371
Omfang masteroppgåva
Masteroppgåvene (60 studiepoeng) er nært knytte saman med forskingsaktivitetane ved Senter for integrert petroleumsforsking (CIPR) ved UiB. Oppgåvene blir ofte gitt i nært samarbeid med norske og utanlandske oljeselskap.
eller forskingsinstitusjonar som ofte inneber at studentar i periodar kan få høve til å opphalde seg ved forskingslaboratorium til slike samarbeidspartnarar.
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.
Undervisningsmetodar
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.
Kompetanse for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Yrkesvegar
Geofysikar, reservoaringeniør/forskar i oljeselskap eller serviceselskap, statlege styrings- og kontrollorgan, universitet eller forskingsinstitutt. Studiet legg også grunnlaget for eit doktorgradsstudium.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Reservoargeofysikk (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Vel emne i samråd med rettleiar | ||||||||||||
| Masteroppgåve i petroleumsteknologi (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| PTEK399 | Masteroppgåve i petroleumsteknolgi | 60 | 3 | |||||||||