Masterprogram i petroleumsteknologi
Studieretningar:
- Reservoargeofysikk
- Reservoarkjemi
- Reservoarmekanikk
- Reservoargeologi
- Reservoarfysikk
Reservoargeologi
Mål og innhald
Studiet kombinerer dei klassiske realfaga kjemi, fysikk og matematikk med geologi for å gi eit solid fagleg fundament for å kunne arbeide med problem ein møter i samband med utvinning av olje og gass. Studiet er særleg retta mot mekanismar for utvinning av olje og studiar av fleirfasestrøyming i porøse medium. Målsetjinga med studiet er å utnytte forsking og ekspertise både frå universitetets fagmiljø og eksterne forskingsmiljø til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse som er veleigna for arbeid i oljeindustrien.
Fagleg profil
Bergartane som reservoaret består av legg vilkåra for om det kan vere olje- eller gassførekomstar der, og om dei i så fall kan utvinnas. Det er derfor viktig å kartleggje geologien i reservoaret. Det kan ein gjere ved å analysera stratigrafien og sedimentologien til dei geologiske formasjonane reservoaret inneheld. Ein kan også gjere laboratorieanalysar av dei sentrale reservoareigenskapane, som porøsitet og permeabilitet, for å seie noko om gjennomstrøyminga av olje og gass.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i petroleumsteknologi, reservoargeologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Bachelor i petroleum- og prosessteknologi eller tilsvarande utdanning. Du som har bachelor i andre realfags-disiplinar kan bli vurdert viss den faglege bakgrunnen din i geologi blir vurdert som tilfredsstillande for masteroppgåva.
For å bli teken opp til studieretninga reservoargeologi må følgjande emne vere gjennomførte og bestått i løpet av bachelorstudiet (eller tilsvarande kunnskapar kunne dokumenterast):
-GEOV104 Innføring i strukturgeologi og tektonikk
-GEOV107 Innføring i sedimentologi
-GEOV260 Petroleumsgeologi
-PTEK211 Grunnleggjande reservoarfysikk
-PTEK212 Reservoarteknikk I
Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. For interne programstudentar vil det si eit snitt på 3,0 i spesialiseringa (ut frå ein skala der A=5,0 og E=1,0). For studentar med en anna fagleg samansetning av bachelorgraden frå andre program eller institusjonar, kan fleire kriterium bli tatt med i vurdering av opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter opptaksgrunnlaget.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Meir informasjon
Ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.ppt@ift.uib.no
telefon 55 58 28 64
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i petroleumsteknologi - reservoargeologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål / Innhald
Studiet kombinerer dei klassiske realfaga kjemi, fysikk og matematikk med geologi for å gi eit solid fagleg fundament for å kunne arbeide med problem ein møter i samband med utvinning av olje og gass. Studiet er særleg retta mot mekanismar for utvinning av olje og studiar av fleirfasestrøyming i porøse medium. Målsetjinga med studiet er å utnytte forsking og ekspertise både frå universitetets fagmiljø og eksterne forskingsmiljø til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse som er veleigna for arbeid i oljeindustrien.
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med mastergrad i reservoargeologi skal ha ein solid, forskingsbasert kunnskap og omfattande erfaring og forståing for fagfeltet reservoargeologi, i tillegg til generell kunnskap om petroleumsteknologi. Kandidaten har trening i å arbeide sjølvstendig i forhold til ei forskingsoppgåve. Dette arbeidet omfattar følgjande element:
- kunne vurdere et reservoars geometri og strømningsegenskaper
- å setje seg inn i ei ny vitskapleg problemstilling ut frå litteraturen
- å formulere ein hypotese eller ei problemstilling som kan testast
- å gjere ei kritisk vurdering av det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og identifisere område som krev ny kunnskap eller forståing
- vurdere metodar og velje ein metode som kan gje ny kunnskap
- gjennomføre arbeidet
- tolke resultata i høve til problemstillinga
- presentere forskingsarbeidet skriftleg og munnleg innanfor ramma av vitskapelig formidling
Kandidaten vil ha omfattande kunnskap som kvalifiserer til sjølvstendig arbeid vidare innan dette forskingsfeltet, både i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning.
Opptakskrav
Bachelor i petroleum- og prosessteknologi eller tilsvarande utdanning. Du som har bachelor i andre realfags-disiplinar kan bli vurdert viss den faglege bakgrunnen din i geologi blir vurdert som tilfredsstillande for masteroppgåva.
For å bli teken opp til studieretninga reservoargeologi må følgjande emne vere gjennomførte og bestått i løpet av bachelorstudiet (eller tilsvarande kunnskapar kunne dokumenterast):
-GEOV104 Innføring i strukturgeologi og tektonikk
-GEOV107 Innføring i sedimentologi
-GEOV260 Petroleumsgeologi
-PTEK211 Grunnleggjande reservoarfysikk
-PTEK212 Reservoarteknikk I
Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. For interne programstudentar vil det si eit snitt på 3,0 i spesialiseringa (ut frå ein skala der A=5,0 og E=1,0). For studentar med en anna fagleg samansetning av bachelorgraden frå andre program eller institusjonar, kan fleire kriterium bli tatt med i vurdering av opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter opptaksgrunnlaget.
Obligatoriske emne / spesialisering
Masterprogrammet omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 SP og emne eller spesialpensum på til saman 60 SP:
- PTEK212 Reservoarteknikk I og PTEK213 Reservoarteknikk II må vere med viss dei ikkje blei inkludert i bachelorgraden
- Ellers andre emne i fysikk, matematikk, kjemi eller geologi valt i samråd med rettleiaren, slik at det til saman blir 60 SP. Døme på emne: GEOV361, GEOV364, GEOV366, GEOV367 og GEOV372.
Omfang masteroppgåva
Masteroppgåvene (60 sp) er nært knytte saman med forskings-aktivitetane ved Senter for integrert petroleumsforsking (CIPR) ved UiB og Institutt for geovitskap. Oppgåvene blir gitt innan reservoargeologi og reservoar-modellering. Avhengig av forkunnskapane dine i geologi, vil oppgåvene omfatte stratigrafisk og sedimentologisk analyse av formasjonar, laboratorieanalysar av reservoar-eigenskapar (porøsitet og permeabilitet) og sedimentær petrologi/geokjemi. Oppgåvene blir ofte gitt i nært samarbeid med norske og utanlandske oljeselskap eller forskingsinstitusjonar.
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.
Undervisningsmetodar
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.
Kompetanse for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Yrkesvegar
Reservoaringeniør/forskar i oljeselskap eller serviceselskap, statlege styrings- og kontrollorgan, universitet eller forskingsinstitutt. Studiet legg også grunnlaget for eit doktorgradsstudium.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Reservoargeologi (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Velg emne i samråd med rettleiar | ||||||||||||
| Masteroppgåve i petroleumsteknologi (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| PTEK399 | Masteroppgåve i petroleumsteknolgi | 60 | 3 | |||||||||