Masterprogram i petroleumsteknologi
Studieretningar:
- Reservoargeofysikk
- Reservoarkjemi
- Reservoarmekanikk
- Reservoargeologi
- Reservoarfysikk
Reservoarmekanikk
Mål og innhald
Studiet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk, matematikk og kjemi med geologi og gir et solid fagleg fundament for å kunne arbeide med problem ein møter i samband med utvinning av olje og gass. Målsetjinga med studiet er å utnytte forsking og ekspertise både frå universitetets fagmiljø og eksterne forskingsmiljø til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse som er velegna for arbeid i oljeindustrien og arbeid innan industri og forvalting som krev kompetanse i kvantitativ modellering. Sidan studiet er tverrfagleg, vil det gi eit godt grunnlag for arbeid i skolen.
Fagleg profil
Utvikling og analyse av matematiske/numeriske berekningsverktøy er viktig når ein skal lage simuleringsmodellar for fleirfasestraumar i eit reservoar. Simuleringsmodellane blir brukte i industrien når ein skal vurdere om reservoaret kan utvinnas kommersielt og korleis ein i så fall skal planleggje boringa etter førekomstane. Slike modellar kan lagast med eksisterande simulatorverktøy eller ved å utvikle eigen kode (for eksempel ved hjelp av Malab).
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i petroleumsteknologi, reservoarmekanikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi eller tilsvarande utdanning. Du som har bachelorgrad i andre realfagsdisiplinar, kan bli vurdert dersom matematikkbakgrunnen din blir rekna som tilfredsstillande for masteroppgåva. For å bli teken opp til masterprogrammet i petroleumsteknologi må emna PTEK211 Grunnleggjande reservoarfysikk, PTEK212 Reservoarteknikk I og GEOV260 Petroleumsgeologi (til saman 30 sp) eller tilsvarande vere bestått, eller tilsvarande kunnskapar må dokumenterast.
Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. For interne programstudentar vil det si eit snitt på 3,0 i spesialiseringa (ut frå ein skala der A=5,0 og E=1,0). For studentar med en anna fagleg samansetning av bachelorgraden frå andre program eller institusjonar, kan fleire kriterium bli tatt med i vurdering av opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter opptaksgrunnlaget.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Meir informasjon
Ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.ppt@ift.uib.no
teleson 55 58 28 64
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i petroleumsteknologi - reservoarmekanikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål / Innhald
Studiet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk, matematikk og kjemi med geologi og gir et solid fagleg fundament for å kunne arbeide med problem ein møter i samband med utvinning av olje og gass. Målsetjinga med studiet er å utnytte forsking og ekspertise både frå universitetets fagmiljø og eksterne forskingsmiljø til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse som er velegna for arbeid i oljeindustrien og arbeid innan industri og forvalting som krev kompetanse i kvantitativ modellering. Sidan studiet er tverrfagleg, vil det gi eit godt grunnlag for arbeid i skolen.
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med mastergrad i reservoarmekanikk skal ha ein solid, forskingsbasert kunnskap og omfattande erfaring og forståing av petroleumsteknologisk forsking i det heile. Kandidaten har trening i å arbeide sjølvstendig i forhold til ei forskingsoppgåve. Dette arbeidet omfattar følgjande element:
- å setje seg inn i ei ny vitskapleg problemstilling ut frå litteraturen
- å formulere ein hypotese eller ei problemstilling som kan testast
- å gjere ei kritisk vurdering av det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og identifisere område som krev ny kunnskap eller forståing
- vurdere metodar og velje ein metode som kan gje ny kunnskap
- gjennomføre arbeidet
- tolke resultata i høve til problemstillinga
- presentere forskingsarbeidet skriftleg og munnleg innanfor ramma av vitskapelig formidling
Kandidaten vil ha omfattande kunnskap som kvalifiserer til sjølvstendig arbeid vidare innan dette forskingsfeltet, både i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning.
Opptakskrav
Bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi eller tilsvarande utdanning. Du som har bachelorgrad i andre realfagsdisiplinar, kan bli vurdert dersom matematikkbakgrunnen din blir rekna som tilfredsstillande for masteroppgåva. For å bli teken opp til masterprogrammet i petroleumsteknologi må emna PTEK211 Grunnleggjande reservoarfysikk, PTEK212 Reservoarteknikk I og GEOV260 Petroleumsgeologi (til saman 30 sp) eller tilsvarande vere bestått, eller tilsvarande kunnskapar må dokumenterast.
Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. For interne programstudentar vil det si eit snitt på 3,0 i spesialiseringa (ut frå ein skala der A=5,0 og E=1,0). For studentar med en anna fagleg samansetning av bachelorgraden frå andre program eller institusjonar, kan fleire kriterium bli tatt med i vurdering av opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter opptaksgrunnlaget.
Obligatoriske emne / spesialisering
Masterprogrammet omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 SP og emne eller spesialpensum på til saman 60 SP sett saman slik:
- PTEK212 Reservoarteknikk I og MAT254 Strøyming i porøse medium dersom dei ikkje blei inkludert i bachelorgraden
- Eitt av emna: MAT234 Partielle differensiallikningar eller MAT252 Kontinuumsmekanikk
- MAT255 Reservoarsimulering
- Andre emne i fysikk, matematikk, kjemi eller geologi valt i samråd med rettleiaren, slik at det til saman blir 60 SP.
Omfang masteroppgåva
Masteroppgåvene (60 sp) er nært knytte saman med forskings-aktivitetane ved Senter for integrert petroleumsforsking (CIPR) ved UiB og Matematisk institutt. Oppgåvene blir gitt innan matematisk/numerisk modellering og simulering av fleirfase/fleirkomponentsstrauming i heterogene og anisotrope porøse medium. Inverse problem, fleirskalaproblem og reservoarbeskriving kan også vere tema for masteroppgåvene. Oppgåvene blir ofte gitt i nært samarbeid med norske og utanlandske oljeselskap eller forskingsinstitusjonar.
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.
Undervisningsmetodar
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.
Kompetanse for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Yrkesvegar
Reservoaringeniør/forskar i oljeselskap eller serviceselskap, statlege styrings- og kontrollorgan, forvalting, skole,
universitet eller forskingsinstitutt. Studiet legg også grunnlaget for eit doktorgradsstudium.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Reservoarmekanikk (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| MAT254 er obligatorisk i mastergraden dersom du ikke har bestått emnet som en del av bachelorgraden. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| MAT254 | Strøyming i porøse media | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| MAT255 | Reservoarsimulering | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT234 | Partielle differensiallikningar | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| MAT252 | Kontinuumsmekanikk | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Valfritt emne (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Tilrådde emne er PTEK213, PTEK214, PTEK218 og PTE313 | ||||||||||||
| Masteroppgåve i petroleumsteknologi (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PTEK399 | Masteroppgåve i petroleumsteknolgi | 60 | 3 | |||||||||