Masterprogram i prosessteknologi
Studieretningar:
- Kjemometri
- Separasjon
- Fleirfasesystem
- Sikkerheitsteknologi
Fleirfasesystem
Mål og innhald
Masterprogrammet i fleirfaseteknologi fokuserer på transportfenomen i fleirfasesystem, det vil seie strøyming og varme- og massetransport i dei. Målet er å gi deg innsikt i dei mikroprosessane som skjer i prosessapparatur som involverer fleire fasar, og at du skal kunne bruke denne innsikta i formulering av makromodellar. Kandidatar med ein mastergrad i prosessteknologi, med spesialisering i fleirfasesystem, vil vere eigna til å analysere dei komplekse problema som dominerer prosessindustrien i dag. Ettersom avansert programvare overtek dei meir tradisjonelle og rutineprega prosessteknologiske oppgåvene, fokuserer den industrielle prosessteknologien i stigande grad på komplekse oppgåver som er retta mot system som inneheld meir enn ein fase, og som ofte krev innsikt i ulike disiplinar.
Fagleg profil
Studiet er fokusert på å byggje forståingsbaserte makromodellar for fleirfasesystem ved å undersøke delprosessar på mikronivå. Oppgåver har normalt ein sterk tverrfagleg karakter og blir utførte i samarbeid med matematikk, fysikk eller kjemi. Ofte er det eit samarbeid mellom teoretikarar på den eine sida og prosessindustrien på den andre. Eit breitt spekter av eksperimentelle, numeriske og teoretiske verktøy blir tekne i bruk.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i prosessteknologi, fleirfasesystem. Studiet er toårig (120 sp).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Bachelor i petroleum- og prosessteknologi, fysikk, kjemi, matematikk, matematikk og statistikk eller enkelte ingeniørfag (som kjemi, energiteknologi, brann) eller tilsvarande.
Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. For interne programstudentar vil det si eit snitt på 3,0 i spesialiseringa (ut frå ein skala der A=5,0 og E=1,0). For studentar med en anna fagleg samansetning av bachelorgraden frå andre program eller institusjonar, kan fleire kriterium bli tatt med i vurdering av opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter opptaksgrunnlaget.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15.april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Meir informasjon
Ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.ppt@ift.uib.no
telefon 55 58 28 64
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i prosessteknologi - fleirfasesystem. Studiet er toårig (120 sp).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål / Innhald
Masterprogrammet i fleirfaseteknologi fokuserer på transportfenomen i fleirfasesystem, det vil seie strøyming og varme- og massetransport i dei. Målet er å gi deg innsikt i dei mikroprosessane som skjer i prosessapparatur som involverer fleire fasar, og at du skal kunne bruke denne innsikta i formulering av makromodellar. Kandidatar med ein mastergrad i prosessteknologi, med spesialisering i fleirfasesystem, vil vere eigna til å analysere dei komplekse problema som dominerer prosessindustrien i dag. Ettersom avansert programvare overtek dei meir tradisjonelle og rutineprega prosessteknologiske oppgåvene, fokuserer den industrielle prosessteknologien i stigande grad på komplekse oppgåver som er retta mot system som inneheld meir enn ein fase, og som ofte krev innsikt i ulike disiplinar.
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med mastergrad i flerfasesystem skal ha ein solid, forskingsbasert kunnskap og omfattande erfaring og forståing av prosessteknologisk forsking i det heile. Kandidaten har trening i å arbeide sjølvstendig i forhold til ei forskingsoppgåve. Dette arbeidet omfattar følgjande element:
- å setje seg inn i ei ny vitskapleg problemstilling ut frå litteraturen
- å formulere ein hypotese eller ei problemstilling som kan testast
- å gjere ei kritisk vurdering av det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og identifisere område som krev ny kunnskap eller forståing
- vurdere metodar og velje ein metode som kan gje ny kunnskap
- gjennomføre arbeidet
- tolke resultata i høve til problemstillinga
- presentere forskingsarbeidet skriftleg og munnleg innanfor ramma av vitskapelig formidling
Kandidaten vil ha omfattande kunnskap som kvalifiserer til sjølvstendig arbeid vidare innan dette forskingsfeltet, både i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning.
Opptakskrav
Bachelor i petroleum- og prosessteknologi, fysikk, kjemi, matematikk, matematikk og statistikk eller enkelte ingeniørfag (som kjemi, energiteknologi, brann) eller tilsvarande.
Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. For interne programstudentar vil det si eit snitt på 3,0 i spesialiseringa (ut frå ein skala der A=5,0 og E=1,0). For studentar med en anna fagleg samansetning av bachelorgraden frå andre program eller institusjonar, kan fleire kriterium bli tatt med i vurdering av opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter opptaksgrunnlaget.
Obligatoriske emne / spesialisering
Masterprogrammet omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 studiepoeng og emne eller spesialpensum på til saman 60 studiepoeng sett saman slik:
- PTEK241 Introduksjon til fleirfasesystem
- Minst 10 SP vald blant emna: MAT234, MAT235, MAT252, STAT200, STAT220, KJEM214, PHYS206, PHYS225, PTEK205 og PTEK354.
- Emne eller spesialpensum valt i samråd med rettleiaren din slik at det blir til saman 60 studiepoeng
Eit masterprogram med start om hausten kan sjå slik ut:
1. s Valemne Valemne Valemne
2. s Oppgåve Valemne PTEK241
3. s Oppgåve Oppgåve Valemne
4. s Oppgåve Oppgåve Oppgåve
s= semester sp=studiepoeng
Omfang masteroppgåva
Oppgåvene innanfor fleirfasesystem er ein kombinasjon av eksperimentelt arbeid og teoretisk forsking. Masteroppgåva tar for seg praktiske problemstillingar, men samtidig blir det sikta mot fundamental forståing av dei underliggjande prosessane og teoretiske skildringar av desse, ofte i samarbeid med teoretikarar på den eine sida og prosessindustrien på
den andre. Eit breitt spekter av eksperimentelle, numeriske
og teoretiske verktøy blir tekne i bruk.
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.
Undervisningsmetodar
Metodar inkluderer:
- Bruk av diverse eksperimentelle fysiske og (elektro-) kjemiske metodar for karakterisering av fleirfasesystem, også på mikronivå
- Dataanalyse, bruk av statistiske metodar
- Numeriske simuleringar, CFD
- Molekylær simulering, MD
- Teoretisk modellformulering og løysing, bl.a. stokastiske prosessmodellar
Kompetanse for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Yrkesvegar
Kandidatar som har spesialitet i fleirfaseteknologi, vil kunne få arbeid i prosessindustrien, spesielt i industri som blir dominert av fleirfasesystem, slik som utvinning, behandling og foredling av olje og naturgass, næringsmiddelindustri, farmasøytisk og metallurgisk industri. Du kan også få jobb i rågjevande ingeniørfirma.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Fleirfasesystem (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne i graden (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Emnene kan inngå i enten bachelor- eller mastergraden. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| PTEK241 | Introduksjon til fleirfasesystem | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Valfritt emne (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Minst et av emnene skal inngå i graden (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Minst et av emnene skal inngå i graden | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT341 | Differensialgeometri | - | 1-4 | 1 | ||||||||
| PTEK205 | Numeriske metodar for prosessteknologi | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| PTEK354 | Støveksplosjonar i prosessindustrien 1 | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| MAT234 | Partielle differensiallikningar | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| MAT235 | Vektor- og tensoranalyse | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| MAT252 | Kontinuumsmekanikk | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| PHYS206 | Statistisk fysikk og termodynamikk | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| PHYS225 | Måleteknologi | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| STAT200 | Anvendt statistikk | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| STAT220 | Stokastiske prosessar | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| KJEM214 | Overflate-og kolloidkjemi | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Masteroppgåve i prosessteknologi (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PRO399 | Masteroppgåve i prosessteknologi | 60 | 3 | |||||||||