Masterprogram i prosessteknologi
Studieretningar:
- Kjemometri
- Separasjon
- Fleirfasesystem
- Sikkerheitsteknologi
Separasjon
Mål og innhald
Energiutveksling er det grunnleggjande i alle prosessanlegg. Ei grunnleggjande forståing av korleis desse energiutvekslingane heng saman med masseutveksling og strøyming er ein føresetnad for prosessane, anten det er prosessar som inneber fleire fasar og kjemiske reaksjonar eller endringar i tilstand for ein fase. Det er eit mål at kandidatar frå denne spesialiseringa skal kunne analysere ulike einingsoperasjonar med omsyn til energi- og strøymingsforhold og kunne setje saman prosessar i heilskaplege prosessanlegg for å tilfredstille gitte krav. Som ein del av denne målsetjinga blir det fokusert på estimering av termodynamiske data, fysikalske data og faseovergangar ved hjelp av industrielle metodar og meir fundamentale tilnærmingar som molekylære simuleringar og moderne teoriar frå statistisk mekanikk.
Fagleg profil
I denne studieretninga blir det lagt vekt på å gi studentane ei forståing av moderne teknologi for industriell separasjon i lys av grunnleggande fysikk og termodynamikk. Gjennom kunnskap om dei grunnleggande termodynamiske lover øvast evne til analyse av korleis ulike råvarar som til dømes olje og gass effektiv kan foredlast til gitte kvaliteskrav. I tillegg til prinsipp for design og optimalisering av prosessanlegg blir det også lagt vekt på prinispp for modellering av nødvendige termodynamiske egenskapar som er sentrale i industrielle prosessar men som kan være vanskeleg å måla. Masterstudentar knytt til separasjon arbeidar derfor enten med oppgavar i forskningsprosjekt (som i stor grad er finansiert eller delfinasiert av industri), eller med oppgavar direkte formulera i samarbeid med industri innan spesifikke utfordringar. Døme på tidlegere oppgavar er optimaliseringsstudier av ulike prosessanlegg på raffineri, effektive løsningsmiddel for fjerning av karbondioksyd og nye metodar for riskovurderingar av problem med vatn som følgjer olje/gass.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i prosessteknologi, separasjon. Studiet er toårig (120 sp).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Bachelor i petroleum- prosessteknologi, fysikk, kjemi, eller enkelte ingeniørfag som kjemiteknikk, ennergiteknologi eller tilsvarande.
Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. For interne programstudentar vil det si eit snitt på 3,0 i spesialiseringa (ut frå ein skala der A=5,0 og E=1,0). For studentar med en anna fagleg samansetning av bachelorgraden frå andre program eller institusjonar, kan fleire kriterium bli tatt med i vurdering av opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter opptaksgrunnlaget.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Meir informasjon
Ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.ppt@ift.uib.no
telefon 55 58 28 64
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i prosessteknologi - separasjon. Studiet er toårig (120 sp).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål / Innhald
Energiutveksling er det grunnleggjande i alle prosessanlegg. Ei grunnleggjande forståing av korleis desse energiutvekslingane heng saman med masseutveksling og strøyming er ein føresetnad for prosessane, anten det er prosessar som inneber fleire fasar og kjemiske reaksjonar eller endringar i tilstand for ein fase. Det er eit mål at kandidatar frå denne spesialiseringa skal kunne analysere ulike einingsoperasjonar med omsyn til energi- og strøymingsforhold og kunne setje saman prosessar i heilskaplege prosessanlegg for å tilfredstille gitte krav. Som ein del av denne målsetjinga blir det fokusert på estimering av termodynamiske data, fysikalske data og faseovergangar ved hjelp av industrielle metodar og meir fundamentale tilnærmingar som molekylære simuleringar og moderne teoriar frå statistisk mekanikk.
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med mastergrad i separasjon skal ha ein solid, forskingsbasert kunnskap og omfattande erfaring og forståing av prosessteknologisk forsking i det heile. Kandidaten har trening i å arbeide sjølvstendig i forhold til ei forskingsoppgåve. Dette arbeidet omfattar følgjande element:
- å setje seg inn i ei ny vitskapleg problemstilling ut frå litteraturen
- å formulere ein hypotese eller ei problemstilling som kan testast
- å gjere ei kritisk vurdering av det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og identifisere område som krev ny kunnskap eller forståing
- vurdere metodar og velje ein metode som kan gje ny kunnskap
- gjennomføre arbeidet
- tolke resultata i høve til problemstillinga
- presentere forskingsarbeidet skriftleg og munnleg innanfor ramma av vitskapelig formidling
Kandidaten vil ha omfattande kunnskap som kvalifiserer til sjølvstendig arbeid vidare innan dette forskingsfeltet, både i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning.
Opptakskrav
Bachelor i petroleum- prosessteknologi, fysikk, kjemi, eller enkelte ingeniørfag som kjemiteknikk, ennergiteknologi eller tilsvarande.
Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. For interne programstudentar vil det si eit snitt på 3,0 i spesialiseringa (ut frå ein skala der A=5,0 og E=1,0). For studentar med en anna fagleg samansetning av bachelorgraden frå andre program eller institusjonar, kan fleire kriterium bli tatt med i vurdering av opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter opptaksgrunnlaget.
Obligatoriske emne / spesialisering
Masterprogrammet i prosessteknologi/separasjon omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 studiepoeng og emne eller spesialpensum på til saman 60 studiepoeng. Ein viss del av desse kan brukast til å auke breidda og/eller supplere den generelle fagprofilen frå bachelorprogrammet. Ein vesentleg del av studiepoenga, normalt meir enn halvparten, skal brukast til støtte for forskingsprosjektet og kan vere kurs som byggjer opp under dette. Dette kan vere tilrettelagde kurs eller tilrettelagde sjølvstudium og studium i kollokviegrupper. Den totale samla fagpakken blir avtala i kvart tilfelle i samarbeid med rettleiaren i lys av den aktuelle forskingsoppgåva.
- Obligatorisk emne: PTEK 231
- Tilrådd emne: PTEK 232
- Døme på valfrie emne: MAT234, MAT252, KJEM214, PHYS206, PTEK211, PTEK213, KJEM220, KJEM221, MAT263.
Eit masterprogram med start om hausten kan sjå slik ut:
1. s PTEK 231 Valemne Valemne
2. s Valemne Valemne Oppgåve
3. s PTEK232 Oppgåve Oppgåve
4. s Oppgåve Oppgåve Oppgåve
s= semester
Omfang masteroppgåva
Normalt vil oppgåva vere ei nøye definert deloppgåve i tilknyting til eit forskingsprogram eller eit forskingsprosjekt i gruppa. Ho vil typisk omfatte eit litteraturstudium for kartlegging av internasjonalt vitskapleg nivå på området, etterfølgt av ein strategi for korleis målet med oppgåva kan oppnåast, dvs. val av metodikk. Konkret kan dette variere frå eksperimentelle målingar og tilhøyrande teoretisk beskriving, molekylsimuleringar og prosess-simuleringar.
Nokre døme:
- Eigenskapar for fleirfase hydrokarbonsystem og tilsvarande system med vatn til stades.
- Oppfanging av dråpar som følgjer gasstraum.
- Termodynamiske eigenskapar for komplekse væsker og væskeblandingar
- Avsetnad av hydrat og mineral i samband med lagring av CO2 i reservoar
- Utvinning av hydratreservoar ved CO2-injeksjon
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.
Undervisningsmetodar
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.
Kompetanse for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Yrkesvegar
Generell prosessindustri, engineeringselskap, rådgjevande ingeniørar samt innan forsking og utvikling.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Separasjon (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| PTEK202 og PTEK203 må være gjennomført og bestått i løpet av bachelor- eller masterstudiet. Emnet PTEK332 er anbefalt. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| PTEK231 | Olje/gass prosessering | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PTEK202 | Fluidmekanikk og varmeoverføring | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| PTEK203 | Masseoverføring og faselikevekter | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Valfritt emne (krav: 50 SP) | ||||||||||||
| Forslag til valgemner. Emnet PTEK332 er sterkt anbefalt i graden. | ||||||||||||
| Masteroppgåve i prosessteknologi (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PRO399 | Masteroppgåve i prosessteknologi | 60 | 3 | |||||||||