Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Velferdsstaten og økonomenes prediksjoner

Forum for vitenskap og demokrati inviterer til debattmøte om velferdsstaten og økonomenes prediksjoner

Hovedinnhold

Innleiarar: Hallvard Bakke og Jan Erik Askildsen 

Møteleiar: Tor Halvorsen

 

Blir vi lurt av økonomane?  Alle ser ut til å meine at vi må arbeide meir, tene mindre per time og vere i arbeid til vi blir eldre om vi vil ta vare på velferdsstaten i framtida. Men er det slik? I ein artikkel i Klassekampen 26. april 2013 hevda Hallvard Bakke: ‘Det faktiske forholdet er at vi kan øke standarden i velferdsstaten med over 60 prosent, innføre sekstimersdagen, ha et statsregnskap i balanse, og samtidig doble vårt private forbruk i 2060. Velferdsstaten er til de grader bærekraftig’. Viss Bakke har rett, noko vi skal debattere, er spørsmålet for forskingsuniversitetet UiB: Kvifor er det ikkje meir forsking som kastar lys over desse argumenta?

Hallvard Bakke er tidlegare statsråd og stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, og i dag ein av våre mest profilerte offentleg intellektuelle.  

Jan Erik Askildsen er leiar ved Institutt for økonomi. Han er mellom anna kjend for si forsking om velferdsstat/trygd, og som ein sentral forskingspolitisk aktør ved UiB og Rokkansenteret