Hjem
Click

Karriereveier for samfunnsvitere

Rådgjevar i Husbanken

Sigbjørn Spurkeland fekk for alvor augo opp for samanliknande politikk etter det amerikanske presidentvalet i 2008. Han ville forstå korleis det politiske systemet fungerte, og i 2013 skreiv han masteroppgåva si om finansiering av amerikanske presidentvalg.

Delta i dei sosiale arrangementa, vær aktiv i ulike studentverv som fagutval, fadderveke og sampol-konferansen.

Kan du fortelje litt om arbeidet ditt? Kva er dei konkrete arbeidsoppgåvene dine?
Husbanken er ein statleg bank som står for gjennomføringa av regjeringa sin bustadpolitikk. Arbeidsoppgåvene går frå behandlingar av søknader om lån og tilskot, til å halde føredrag for kommunar og byggebransje, til utarbeiding av innspel til departementet og Statsbudsjettet.

 

Kva er det beste med jobben din - og det mest utfordrande?
Det beste er at det er varierte arbeidsoppgåver. Husbanken samarbeidar med mange, frå kommunar og byggebransje, til andre direktorater og departement. Dette gjev innsyn i korleis det statlege arbeider på alle nivå, frå Statsbudsjettet, lovgjeving og forskrifter ned til gjennomføringa i kommunane.

 

Korleis får du bruk for utdanninga di i jobben?
I hovudsak er det kompetansen på å kunne å gjennomgå fleire større dokument raskt og bruke dette i utredningar og andre strategiske dokument det eg får bruk for i kvardagen. Det å kunne lage strukturerte dokument som formidlar argumenta på ein god måte har også vore ein god lærdom frå sampol.

 

Hva var det som gjorde at du valde sampol ved UiB?
Eg såg på presidentvalet i 2008 då Obama vart vant for første gong, med stor interesse. Korleis det amerikanske politiske systemet, som var så ulikt det norske på mange måter, fungerte, fascinerte meg. Kva er ikkje meir riktig enn sampol når ein vil lære meir om dette?

 

Kva tenker du på som det beste ved studietida ved UiB?
Det sosiale miljøet både på bachelor- og masternivå var veldig godt. Eg hugsar ikkje lenger heilt korleis det politiske systemet i India er, hehe, men mange av mine gode vennar i dag har eg frå sampol-tida.

 

Har du nokre tips til nye studentar?
Delta i dei sosiale arrangementa, vær aktiv i ulike studentverv som fagutval, fadderveke og sampol-konferansen.

 

Bergen, 18. november 2016

Publisert av: Evelyn Myrå Holmøy