Gå til innhold
English A A A
03.12.2009 Nye forskingsprosjekt

Solid resultat frå frie program

Forskarar ved fakultetet sine institutt har også i år gjort det godt i den harde konkurransen om frie forskingsmidlar. Dei unge forskarane gjer det skarpt i konkurransen om postdoktorstipend.

forside_thumbnail_Journalistikkgruppen_3[1].jpg

Gruppe for journalistikkforsking skal studera nye rammevilkår for journalistikk

arntsenhilde[1].jpg

Ny postdoktor: Hilde Arntsen. Ho skal analysera bruk av satireteikningar i politisk kommunikasjon. Foto: Silje Gripsrud

personbilde_Fagertun_Anette.jpg

Ny postdoktor: Anette Fagertun. Ho skal studera sosiale konsekvensar av rask økonomisk vekst på Bali.

Av totalt 11 innvilga nye frittståande prosjekt i samfunnsvitskap (FRISAM) gjekk tre til Det samfunnsvitskaplege fakultetet ved UiB. Eitt av desse er eit større forskarprosjekt og to er personlege postdoktorstipend. Fakultetet fekk eitt av totalt seks nye frittståande prosjekt innan miljø- og utviklingsforsking (FRIMUF) frå 2010. To av prosjekta er ved Institutt for informasjons- og medievitskap, eitt ved Institutt for geografi og eitt ved Institutt for sosialantropologi.

Frittståande prosjekt innan samfunnsvitskap (FRISAM)

Forskargruppa for journalistikkforsking ved Institutt for informasjons- og medievitskap fekk støtte til forskingsprosjektet Journalistic Reorientations: The Online Challenge to Journalistic Ontology, som skal analysera korleis nettet skapar nye og endra rammevilkår for å driva journalistikk og kva konsekvensar dette har for journalistikken. I budsjettet ligg det midlar til to postdoktorar og to ph.d.-stipendiatar. Les meir om prosjektet

Hilde Arntsen, Institutt for informasjons- og medievitskap, har fått innvilga personleg postdoktorstipend til prosjektet Cyber Satire and the Quest for Alternative Communicative Spaces - New Media in Zimbabwean Diasporas. I dette prosjektet skal Hilde Arntsen studera nye medier og korleis zimbabwarar i eksil brukar satireteikningar som politisk kommunikasjonsform. Les meir om prosjektet

Anette Fagertun, Institutt for sosialantropologi, har fått innvilga personleg postdoktorstipend til prosjektet Localizing Global dynamics through Labour: Class as a new regime of value in Bali, Indonesia. I dette prosjektet skal Fagertun studere korleis rask økonomisk vekst og endrande arbeidsmarknad skapar rom for framvekst av klasse, klassemedvit og nye typar av sosial mobilitet men også marginalisering, og korleis dette vert artikulert i eit samfunn der kaste tradisjonelt har vore det dominerande prinsippet for sosial differensiering og der ein i dag finn ei sterk revitalisering av Hinduismen.

Frittståande prosjekt innan miljø- og utviklingsforsking (FRIMUF)

Tildelinga frå FRIMUF gjekk til prosjektet Negotiating new political spaces: claims for redistribution and recognition in Chile and Bolivia. Prosjektleiar er professor Arnt Fløysand ved Institutt for geografi. Også i dette prosjektet ligg det inne eit postdoktorstipend.

Til saman gjev desse prosjekta minst fire nye postdoktorstillingar frå 2010.

Noreg - Global partnar (NORGLOBAL)

Frå Forskingsrådet sitt nye program NORGLOBAL fekk ei tverrfakultær forskargruppe ved UiB med professor Asun St. Clair ved Sosiologisk institutt som prosjektleiar, innvilga forskarprosjektet Climate Change Discourse, Rights and the Poor: Scientific Knowledge, International Political Discourse, and Local Voices. Også her ligg det inne ei postdoktorstilling. NORGLOBAL innvilga også ein søknad frå det tverrfakultære satsingsområdet Demokrati og rettsstat. Fagleg koordinator for satsinga, professor Henriette Sinding Aasen ved Det juridiske fakultetet, er prosjektleiar for Health promotion, dignity and human rights: improvement of maternal health, som har med forskarar frå ei rekkje fagmiljø ved UiB og CMI. Dette prosjektet skal ha to postdoktorstillingar.

Høg kvalitet, globale tema og flest kvinner

Dei nye tildelingane frå Forskingsrådet viser at fakultetet har forskarar og fagmiljø med svært høg kvalitet. Konkurransen om dei frie forskarprosjekta er hard, og berre om lag 7 % av søknadane vert innvilga.

Prosjekta som nådde opp denne gongen stadfestar at fakultetet har sterke fagmiljø innan globale og utviklingsrelaterte problemstillingar. Dei geografiske områda for dei nye prosjekta femnar om Zimbabwe, Indonesia, Chile og Bolivia, Sør-Afrika og Tanzania.

Kvinner er solid representert både som prosjektleiiarar og i forskarteama som står bak desse søknadene.

 

Sist endret: 18.12.2009