Godkjenning av studieopphald i utlandet ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Alle studentar som skal reise på utveksling og studere samfunnsvitskaplege fag må søkje om førehandsgodkjenning av delstudiet før dei reiser.
Denne treng du anten du reiser ut gjennom ei utvekslingsavtale frå UiB eller du reiser ut på eiga hand. Lånekassa krev også at du har førehandsgodkjenning før du reiser. Førehandsgodkjenninga gir deg ein garanti for at det du studerer i utlandet kan inngå i den norske graden din.
-
Førehandsgodkjenning
Søknad om førehandsgodkjenning av delstudiar i utlandet skal skrivast på eige skjema. Det vert gitt to former for førehandsgodkjenning av delstudium ved utanlandske universitet.
-
Endeleg godkjenning/innpassing
Når du har avslutta studia dine, sender du karakterutskrifta i original frå vertsuniversitetet saman med søknad om endelig godkjenning av delstudiet frå utlandet på eige skjema til fakultetet.
-
Søknadsfrister
Den generelle fristen for søknad om utveksling er 1.februar.