Gå til innhold
English A A A

Søknadsprosessen


Detaljane i søknadsprosessen varierer etter kva avtale eller program du skal reise ut gjennom.


Likevel gjeld følgjande minimumskrav for alle avtalar og program:

  • Du må ha opptak til eit ordinært studieprogram ved UiB når du søkjer
  • Opptaket må vere gyldig i heile utvekslingsperioden
  • Du må ha bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før du reiser ut
  • I søknaden må du leggje fram ein plan for delstudiet ditt i utlandet og korleis det skal inngå som ein del av utdanninga di ved UiB
  • Delstudiet i utlandet må vere fagleg førehandsgodkjent som ein del av utdanningsplanen din ved UiB før du reiser ut. Det anbefales at du søker om forhåndsgodkjenning etter at du har søkt om, og er nominert til, utveksling.
  • Du må vere semesterregistrert ved UiB og betale semesteravgift i heile utvekslingsperioden

Studentar på årsstudium, etter- og vidareutdanning eller med poststudierett kan ikkje søkje om eller reise på utveksling.

Søknadsskjema
Søknadsskjema finn du til høgre på denne sida, i både norsk (begge målføre) og engelsk versjon. Skjemaet gjeld for alle utvekslingsavtalar og program.

Skjemaet fyllast ut og leverast til Informasjonssenteret ved SA.

Nordplus

Last ned og fyll ut søknadsskjemaet og lever det innan fristen. Vi vil seinare orientere deg om den vidare søknadsprosessen. Søknadsfristen for Nordplus kan vere fleksibel så lenge det er ledige plassar.

Det er du sjølv som søkjer opptak til ein annan lærestad som Nordplusstudent, men du må først nominerast av kontaktpersonen for det aktuelle Nordplussnettverket. Denne personen syter også for at du får stipend. Du kan berre få plass ved ein nordisk studiestad dersom det allereie er inngått ein avtale mellom fagmiljøet ved UiB og det universitetet du ønskjer å reise til.

På denne sida finn du informasjon om førehandsgodkjenning.

Erasmus

Last ned og fyll ut søknadsskjemaet og lever det innan fristen. Hugs å sette opp minst tre søkaralternativ. I løpet av to til tre veker etter søknadsfristen vil Studieadministrativ avdeling sende eit forslag til studieprogramma om fordeling av Erasmus-studieplassar. Kort tid etter det vil du motta ein e-post med melding om kva universitet du er innstilt til og informasjon om den vidare søknadsprosessen. Søknadsfristen for Erasmus kan vere fleksibel så lenge det er ledige plassar.

På denne sida finn du informasjon om førehandsgodkjenning.

Læringsavtale (Learning Agreement)
For Erasmus-studentar er det frå og med 2008 eit tilleggskrav at ein også har inngått ein gyldig læringsavtale (Learning Agreement).

Ein læringsavtale skal sikre at studenten får god informasjon på førehand om kva han eller ho skal studere i utlandet og at dette etterpå blir godkjent inn i graden.

Læringsavtalen skal helst vere på plass før utanlandsstudiet startar, men i nokre tilfelle vil det ta lengre tid. Dette får ingen direkte konsekvensar for Erasmusstatus og Erasmusstipendet, men ein læringsavtale må vere på plass før studiane er fullførte.

Det er studierettleiar og student som saman må sørge for at læringsavtalen blir fylt ut og får dei naudsynte underskriftene.

Ein standard læringsavtale finn du nederst på sida.

Meir informasjon og detaljert regelverk for Erasmus finn du på http://www.siu.no/erasmus/.

Bilaterale avtalar

Last ned og fyll ut søknadsskjemaet og lever det innan fristen. Dersom du blir innstilt til ein plass ved ein av UiB sine samarbeidsinstitusjonar må du gjennom ein ny søknadsprosess seinare. Du må vere budd på ein del papirarbeid i samband med søknaden til det utanlandske universitetet, men du vil få råd og hjelp frå oss undervegs i søknadsprosessen.

På denne sida finn du informasjon om førehandsgodkjenning.

Språktestar
UiB har i dei fleste tilfelle forhandla fram fritak for språktesting av studentar som reiser på utveksling gjennom dei bilaterale avtalane. Enkelte universitet krev dokumenterte språkkunnskapar, og i dei fleste tilfelle vil dette sei at ein viser til karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skule i Noreg. Nokre få universitet, særskilt i USA, krev at du tek ein TOEFL- eller IELTS-test. Dette er testar som måler engelskkunnskapane dine.

For nokre utvalde UiB-avtalar der ein må ha ein engelsktest, arrangerer Studieadministrativ avdeling eigne Institutional TOEFL-testar for dei UiB-studentane som får tilbod om utveksling via desse avtalane. Denne testen vert og arrangert for studentar som fekk karakteren 2 eller 3 i engelsk på vidaregåande og som er nominerte til universitet som godtek karakteren 4 frå vidaregåande eller Institutional TOEFL som dokumentasjon på engelskkunnskapar.

Studentar som søkjer om plass ved dei universiteta som ikkje godtek denne testen, må ta ein vanleg TOEFL- eller IELTS-test på eigenhand. Informasjon om eventuelle krav til språktest finn du på dei nettsidene som beskriv dei ulike utvekslingsalternativa.

Godkjenning

Delstudiet i utlandet skal kunne gå inn i graden din ved UiB, og godkjenning av utanlandsopphaldet er naudsynt for å unngå å verte forseinka i studiane. Utvekslingsopphaldet må difor vere fagleg førehandsgodkjent som ein del av utdanningsplanen din (opptaket ditt) på studieprogrammet før du reiser ut.

Også Lånekassen krev at du har ein slik førehandsgodkjenning frå fakultetet eller instituttet ditt for at du skal kunne få støtte for eit delstudium i utlandet.

Ei førehandsgodkjenning er ein garanti for at det du studerer i utlandet vil kunne gå inn i den norske graden din. Når du har gjennomført studia i utlandet, må du syte for å få endeleg godkjenning og innpassing.

Fakulteta og studieprogramma har ulik praksis for godkjenning. Ta kontakt med fakultetet, instituttet eller studieprogrammet ditt for nærare informasjon. Dei kan også hjelpe deg med å sette opp dei kursa du skal ta ved det utanlandske universitetet.

Sist endret: 8.2.2012

Last ned filer