Nyhet
07.12.2011

Skirbekk med ny bok

Boka Multiple Modernities: A Tale of Scandinavian Experiences er eit viktig bidrag i debatten om modernitetsomgrepet og ulike variantar av modernitet.

I boka diskuterer Skirbekk modernitetsomgrepet med utgangspunkt i den norske moderniseringsprosessen frå 1800-talet fram til i dag. Boka famnar om både teoretiske diskusjonar, vurderingar av moderniseringsprosessar og ein studie av grunnleggjande epistemiske og strukturelle utfordringar vi står ovanfor i vår tid. Boka er utgjeven av The Chinese University Press.

Les meir om boka her.