Nyhet
29.06.2011

Ledig stipendiatstilling ved SVT

Ved Senter for vitskapsteori, Universitetet i Bergen, er det ei ledig stilling som stipendiat. Stillinga vil bli utlyst via jobbnorge.no i slutten av august.

Stillinga er tematisk sett relativt åpen, men søkjaren må ha utarbeidd eit prosjekt som supplerer nokre av hovudlinene i forskinga ved senteret. Det vil bli lagt vekt på at forskingsprosjektet til stipendiaten kan inngå som del av og styrke SVT sin forskingsstrategi. Stipendiaten vil få hovudrettleiar blant dei fast vitskapelege tilsette ved SVT, og tema og fokus for hennar eller hans forskingsprosjekt må knytte seg til hovudrettleiaren sin forskingsaktivitet.

Søkjarar må ha master-/ cand.polit. - grad i samfunnsvitskap, filosofi, vitskapsfilosofi, etikk, sosiale / historiske vitskaps- og teknologistudiar, eller teknologivurderingar.  Ein ventar at den som vert tilsett har eit ønske om å arbeide i eit interdisiplinært forskingsmiljø. 

Ytterlegare informasjon om stillinga vert gitt i utlysinga på jobbnorge.no i slutten av august eller ein kan få det ved å vende seg til Senter for vitskapsteori i slutten av august, telefon: (+47) 55582705 eller epost: post@svt.uib.no.
Informasjon om senteret finst på nettsida: www.uib.no/svt