Hjem
Senter for vitenskapsteori

Historikk

Senter for vitskapteori (SVT) vart oppretta i 1987 som er ein permanent interfaktultær institusjon ved Universitetet i Bergen.

Ida Bloms hus, side entrance
Foto/ill.:
Thor Brødreskift/UiB

Hovedinnhold

Fagfeltet vitskapsteori vart (i samsvar med Jeløya-konferansen 1975 i regi av Forskingsrådet) definert som filosofisk, historisk og samfunnsvitskapleg forsking på den rolla dei ulike vitskapane spelar i samfunnet og på kunnskapsteoretiske og etiske sider ved vitskapleg forsking og ved bruken av slik forsking.

Den første tida var senteret lokalisert i Allegt 32, og frå hausten 2008 vart senteret samlokalisert med Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) i Allegt. 34, vis a vis Realfagsbygget sør på Nygårdshøyden i Bergen. Frå 2018 har både SVT og SKOK halde til i Ida Bloms hus i Parkveien 9, rett ved studentsenteret.

Alt i alt har senteret i dag ein stab på nærmare tjue personar, med stipendiatar, postdok-kandidatar, fast fagleg tilsette og administrativt personell (dei sistnemnde i stor grad i samarbeid med SKOK).

I moderne vitskapsbaserte risikosamfunn er det eit påviseleg behov for kritisk refleksjon og konstruktivt samarbeid på kryss av ulike fag.  Senteret har, som andre vitskaplege institusjonar ved universitetet, arbeidsoppgåver knytte til forsking, undervisning og formidling. Senteret legg vekt på samarbeid med kollegaer i andre fag; også i denne forstand har senteret ein tverrfagleg profil.

Heilt frå første stund har senteret hatt som si særlege oppgåve å ta seg av doktorgradsopplæringa i vitskapteori og etikk overfor dei ulike fakulteta ved UiB.

I tillegg til samarbeid på regionalt og nasjonalt nivå har senteret eit omfattande internasjonalt samarbeid med kollegaer og nærskylde fagmiljø i Europa så vel som i Amerika og Asia.

Gå til denne lenka for ei utdjupande historisk skildring på engelsk.