Hjem

Senter for vitenskapsteori

Reglement for SVT

Reglement for Senter for vitskapsteori

Vedtatt av Universitetsstyret 15.2.2007

1. Målsetting og oppgåver for Senter for vitskapsteori

Senter for vitskapsteori er ein tverrfagleg og interfakultær institusjon med ansvar for vitskapsteoretisk forsking, utdanning og formidling ved Universitetet i Bergen. Dette inkluderer mellom anna følgjande oppgåver:

  • Senteret skal drive forsking og forskarutdanning i vitskapsteori.
  • Senteret har ansvar for å gjennomføre den vitskapsteoretiske opplæringa i forskarutdanningane ved Universitetet i Bergen i samarbeid med fakulteta.
  • Senteret skal gi tilbod i vitskapsteori på forskarnivå, gjerne i samarbeid med andre fagmiljø.
  • Senteret skal bidra til at det blir ført debatt om vitskapsteoretiske spørsmål, og, i den grad ressurstilgangen tillet det, stå til teneste for andre fagmiljø ved Universitetet i Bergen i vitskapsteoretiske spørsmål, samt bidra til vitskapsteoretisk utdanning og formidling på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

2. Styringsstruktur, styringsorgan og leiing

Senter for vitskapsteori er administrativ lagt til Det humanistiske fakultet.*

Universitetets forskingsutvalg er høgste rådgjevande organ for hovudlinjene for den faglege verksemnda ved senteret, inkludert den vitskapsteoretiske opplæringa i forskarutdanningane. Senteret gjev årleg rapport til Forskingsutvalet om verksemda. Senteret har observatørrett i Forskingsutvalet i saker som gjeld vitskapsteoretisk opplæring i forskarutdanninga.

Senteret har

  • senterleiar
  • stabsmøte

Senterleiar er ansvarleg leiar for senteret i forhold til dagleg drift, strategiske val og prioriteringar, personale og ressursbruk. Vidare har senterleiaren det overordna ansvaret for dei faglege resultata, samt kompetanse til å gje innstilling i tilsetjingssaker. Utover dette vert senterleiaren sin kompetanse fastsett i instruks eller delegeringsvedtak frå styret ved Det humanistiske fakultet.

Senterleiar er ein vitskapleg tenestemann med høg forskingskompetanse i vitskapsteori, normalt på professornivå. Stillinga er ei åremålsstilling med fire års tilsetjing, med høve til forlenging som hovudregel etter ny utlysing. Samla tilsetjingsperiode som leiar kan ikkje overstige tolv år. Senterleiar vert tilsett av Universitetsstyret etter innstilling frå styret ved Det humanistiske fakultet. Ved tilsetjing av senterleiar skal dei tilsette ved senteret ta del i denne ved at Det humanistiske fakultet nemner opp inntil to tilsette ved senteret til å ta del i saksførebuingane i alle ledd. Forskingsutvalet skal ha hatt høve til å ta del i saksførebuingane og uttale seg før tilsetjing finn stad.

Senterleiar

Senterleiaren skal sjå til at tilsette og andre som har arbeidsplass på senteret eller på annan måte er knytt til senteret, vert høyrde og kan øve medbestemming i saker som kjem opp. Eit sentralt instrument for å oppnå slik medbestemming er stabsmøte.

Stabsmøte

Stabsmøte er eit rådgjevande organ for senterleiaren i saker som gjeld hovudlinjene for verksemda ved senteret og andre prinsipielt viktige saker, men også i saker som gjeld den daglege verksemda ved senteret. Stabsmøte skal fungere som informasjons- og kontaktorgan mellom senterleiar og dei tilsette og andre som har arbeidsplass ved senteret. Alle som er tilsette ved senteret eller som har arbeidsplass ved senteret, har møte- og røysterett. Senterleiar kaller jamleg saman til stabsmøte, og minst tre gonger i semesteret.

Stabsmøte kan handsame og uttale seg i saker som gjeld organisering og planlegging av verksemda, prinsipp for ressursbruken, budsjett og økonomi. Senterleiar kan elles be om at stabsmøtet uttalar seg i kva sak som helst.

Stabsmøte er ikkje eit rådgjevande organ for tilsetjingssaker og andre saker som gjeld enkeltpersonar.

3. Økonomi

Senteret vert finansiert av ei grunnløyving frå Det humanistiske fakultet, frå dei andre fakulteta i samband med fakultetsspesifikke tilsetjingar, prosjekt eller andre avtaler, og ved ekstern finansiering. For å sikre den økonomiske basisen og autonomien til senteret, kan Universitetsstyret i samband med ordinær budsjetthandsaming i tillegg øyremerke middel direkte til senteret.

4. Stemmekrets

Tilsette og engasjert med arbeidsplikt ved senteret har stemmerett ved det fakultetet der dei er tilsette.