Hjem

Universitetsbiblioteket

Forskingsdata

Universitetsbiblioteket kan gje råd og rettleiing om lagring og tilgjengeleggjering av forskingsdata og utforming av datahandteringsplanar.

Det vert stadig vanlegare at forskingsfinansiørar krev lagring og tilgjengeleggjering av forskingsdata. Fleire utgjevarar har også som føresetnad for publisering at grunnlagsdata knytt til publikasjonen vert gjort tilgjengeleg.

Datahandteringsplan

Noregs forskingsråd og EUs rammeprogram Horisont 2020 stiller krav om at prosjekt må ha ein datahandteringsplan. Det er ein plan for korleis data skal samlast inn, handterast og gjerast tilgjengelege, både undervegs og etter prosjektslutt. Planen må også kartleggje eventuelle sensitive data og nødvendige tryggleikstiltak og restriksjonar for deling.

Både Forskingsrådet og EU viser til verktyet DMP Online for utforming av datahandteringsplanar: https://dmponline.dcc.ac.uk. Ved å opprette ein konto, kan ein utforme datahandteringsplanar i samsvar med krav frå ulike forskingsfinansiørar (Forskingsrådet ligg diverre ikkje inne som val). Desse planane kan også delast og redigerast av andre.

Forskingsrådets retningslinjer for forskingsdata

Horisont 2020 sine retningslinjer for forskingsdata

Meir informasjon:

Ten Simple Rules for Creating a Good Data Management Plan

Example DMPs and guidance

Horizon 2020 DMP Compliance rubric

Lagring av forskingsdata

Det finst ei rekkje ulike arkivtenester for forskingsdata som oppfyller forskingsfinansiørane sine krav. To av dei mest sentrale aktørane i Noreg er NSD og Uninett. For nokre prosjekt finansiert av Forskingsrådet, vil det vere eit krav at data vert arkivert hjå NSD.

I tillegg finst det mange internasjonale alternativ, der mange vil vere knytt til spesifikke fagområde. På nettsida re3data.org får du tilgang til eit omfattande register over forskingsdataarkiv i heile verda.

Det er også mogleg å lagre og tilgjengeleggjere forskingsdata i UiBs opne forskingsarkiv, BORA. Les meir om det her.

Sensitive personopplysingar

Dersom eit forskingsprosjekt skal handtere personopplysingar, må det vurderast om prosjektet må meldast til personvernombodet for forsking. Les meir her.

IT-avdelinga ved UiB har ei eiga teneste for sikker tilgang til sensitive personopplysingar, SAFE.