Hjem

Universitetsbiblioteket

Språksamlingane

Fagleg leiar for Språksamlingane er tilsett

Peder Gammeltoft er tilsett som fagleg leiar for Språksamlingane. Han tiltrer den nyoppretta stillinga ved Universitetsbiblioteket i Bergen den 1. november 2017. Gammeltoft har ph.d.-grad frå universitetet i Århus, og arbeider i dag ved Afdeling for Navneforskning på Nordisk forskningsinstitutt, Københavns Universitet. Han har røynsle frå bevaring, oppbygging og utvikling av samlingar og arkiv, og ønskjer no føre vidare arbeidet med Språksamlingane som digital infrastruktur.

Språksamlingane er viktige ressursar både for forskinga, utdanninga og for det allmenne publikumet. Peder Gammeltoft vil få ei overordna fagleg leiarrolle for heile Språksamlingane, samstundes som han vil tilføre Språksamlingane ekspertise på det namnefaglege feltet. Ved Universitetsbiblioteket i Bergen og ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er vi glade for å få Peder Gammeltoft med på laget, uttalar bibliotekdirektør Maria-Carme Torras og instituttleiar Johan Myking.