Hjem
Click

Universitetsbiblioteket

Samfunnsvitskap

UB har tilgjenge til mange ulike søkemotorar og databasar. For mange er oria.no, erstattinga for BIBSYS Ask som vert stengt i november 2015, ei utfordring. Utan å gå i detalj om dette "oppdagingsverktyet" er hovudproblemet at oria.no søkjer i "alt" - i eit kunnskapsunivers på ein stad mellom 500 000 000 og 1 000 000 000 tilgjengeleg dokument. Av denne dokumentmassen er ikkje meir enn 5 % - ein bagatell av 50 millionar dokument - relevante for samfunnsvitskapane.I tillegg har "metadatakvaliteten", den informasjonen det vert søkt i, svært ujamn kvalitet.  Søking i oria.no er difor ein aktivitet som best kan samanliknast med "dumpster diving". Det finst brukande og interessante ting der. Men ikkje så mange i høve til alt det andre du finn, all "støyen" av irrelevant informasjon. Dette problemet er sjølvsagt størst for den som leitar etter internasjonal eller engelskspråkleg litteratur. Oria.no er heilt adekvat for søking etter norskspråkleg materiale.

Pålogginga til oria.no er den same som til MiSide. For å bestilla bøker og artiklar i oria.no må du vera pålogga. På sida di kan du også lagra faglege innstillingar som bestemmer rekkefølga i trefflistene du får. Du kan også lagra søk som har vist seg nyttige. Då vil oria.no autiomatisk oppdfatera trefflistebn med nye relevante dokument. Siste, men ikkje minst, du kan enrdra lengda på trefflistene dine frå 10 til 50 innførsler.

Beste søketeknikk i oria.no er søk på mest mogeleg fullstendige titlar som fraser ("i hermeteikn"). Vellukka emnesøking tek tid, krev tre relevante omgrep og mange rundar med nye søk i trafflista. Oria.no har eit godt utbygd system av filter. Einaste måten å læra det på er ved å bruka det. 

For emnesøking tilrår biblioteket bruk av datbasen ProQuest Samfunnsvitskap. Sidan dette er ein fagleg base har den ikkje same støyproblemet som oria.no. Den inneheld memllom anna artikkelindeksane EconLit og International Bibliography of the Social Sciences og den internasjonale doktoravhandlingsbasen ProQuest Dissertations and Theses i tillegg til fagdelte fulltekstbasar. Også i Proquest er det mogeleg å oppretta ein brukarkonto der søk, trefflister og lenker til interessante dokument kan lagrast. Det er også enkelt å eksportera treff til referansehandteringssystem som EndNote. Alle artiklar i ProQuest kjem med korrekte referansar. Og alt materialet er kvalitetssikra. Men nesten ingen ting av det som finst der er på norsk.

Den siste søkemotoren biblioteket tilrår er Google Scholar. I den finn du både meste av det du finn i oria.no i tillegg til rapportseriar, nettsider, ulovleg digitaliserte bøker og artiklar, nettidene til forskingsinstitujsonar osv som ikkje er i oria.no. Google Scholar er dessutan ulike mykje kjappare i bruk enn oria.no.