25 random things about stud.jur. Anne Beldo
Ho begynte som studentvakt ved Bibliotek for juridiske fag for tre år sidan fordi det var kort veg til jobben. No skal ho ta resten av studiet på King’s college i London. Men først skal ho berre vera trainee i eit par advokatfirma, ha sommarjobb som praktikant i Aust-Agder tingrett og ta eksamen i formuerett. Her er 25 tilfeldige ting om Anne Beldo:
Før trudde eg det var veldig kjedeleg å jobba på bibliotek, med mykje hysj og sånn...
- Anne Beldo
Jobb: Stud. jur.
Utdanning: På veg mot LL.M., Master of Laws. Bachelor i leiing og administrasjon.
Utvekslingssted: London
- Valde juss fordi det er allsidig og utfordrande og fordi ein med den bakgrunnen kan velja mange ulike yrke.
- Oppvaksen i Alta. 26 år.
- Drøymeyrke som barn: Veterinær.
- I oppveksten budde ca. 20 hundar av rasen Alaska Husky rett utanfor stovedøra til familien.
- I tillegg til hundar har ho eigd gullfiskar, mus, hest, fuglar og kaninar.
- Drøymeyrke som vaksen: Advokat. - Fordi eg trur det er eit spanande yrke der eg får jobba innanfor mange forskjellige område av jussen.
- Derfor har ho brukt biblioteket i studiane sine: - På biblioteket kan ein finna mykje nyttig tilleggslitteratur til pensum, spesielt til heimeeksamen.
- Har budd i seks forskjellige byar
- Vore i minst 15 land
- 369 vener på Facebook. - Og eg likar alle!
- Ho er ekstremt ryddig og ordentleg. Organiserer, administrerer, strukturerer... - Når ein har det ordentleg rundt seg, får ein meir tid til å bruka på andre ting.
- Last eller uvane? - Ryddinga og organiseringa kan ta litt overhand av og til...
- Beste bok: Stieg Larssons trilogi om Lisbeth Salander og Mikael Blomqvist. - Du klarer ikkje leggja den frå deg når du først begynner på den.
- Beste film: (ikkje overraskande) Menn som hater kvinner, fordi den byggjer på Stig Larssons roman med same tittel. - Underhaldande, og gode skodespelarprestasjonar.
- Beste låt: for tida ingen spesiell. Er altetande. - Red Hot Chili Peppers, viss eg må nemna eitt band.
- Favorittdings? - Ipoden min, som eg er avhengig av den når eg joggar.
- Kan skilta med ein 6. plass i NM i hundekjøring, Pasvik Trial, 2002.
- Syns at å vera studentvakt på Bibliotek for juridiske fag har vore ein ypparleg deltidsjobb ved sidan av studiet. Kort veg til jobben, lærerikt og nyttig. - Og ein får mange hyggelege kollegaer.
- Frå september 2009 til september 2010 skal ho frivillig lida seg gjennom 90 studiepoeng på King's College i London og oppnå graden LL.M., Master of Laws. - Det er eit prestisjefullt college, og eg trur eg lærer mykje av å ta siste del av utdanninga der. Pluss all engelsken som eg får på kjøpet, då...
- Men før ho reiser til London, skal ho berre vera trainee hos advokatfirmaet Haavind i Oslo, og deretter hos advokatfirmaet Kvale & Co, også i Oslo, ha sommarjobb som praktikant i Aust-Agder tingrett, og ta eksamen i formuerett.
- Yndlingsdrikken (utan alkohol) er espresso.
- Om bibliotek har ho dette å seia: - Før trudde eg det var veldig kjedeleg å jobba på bibliotek, med mykje hysj og sånn... Men Bibliotek for juridiske fag er ikkje eit stille bibliotek. Det er eit studentbibliotek, eit arbeidsbibliotek, der studentane har tilgang både til bøker og tidsskrifter og - ikkje minst - kan sitja ved PC-arbeidsplassar og jobba. Og så er det veldig god atmosfære her.
- Og om Bergen seier ho dette: - Første året eg var her, var det regn, regn, regn, og eg tenkte at eg aldri i verda kunne bli buande her. Men eg har blitt meir og meir glad i byen. No syns eg det er ein vakker by, og eg skjønar at folk vil bu her.
- Før ho begynte på juss hadde ho ein bachelor i leiing og administrasjon frå Universitet i Oslo
- Om Oslo meiner ho: - Oslo har meir å by på enn Oslo S og Karl Johan. Når du blir kjend med byen, ser du at det er ein fantastisk by.