Gå til innhold
English A A A

Kunnskapsportalen GRIND.no


Prosjektskildring/føremål

GRIND.no skal vere ein dynamisk og interaktiv kunnskapsportal på internett om natur- og kulturhistorie på Vestlandet: landskap og busetnad, arkitektur, byggeskikk, handverk, miljø og omgjevnader. Grunnlagsmaterialet i portalen er bøkene Naturhistorisk vegbok for Hordaland, Kulturhistorisk vegbok for Hordaland og Folgefonna og fjordbygdene. Dette materialet skal supplerast med nye artiklar, lenker til relevant materiale andre stader på web og det skal vere moglegheit for publikum til å ha interaksjon med bidragsytarane. GRIND.no skal byggje på kunnskap frå fagpersonar ved Universitetet i Bergen og andre sentrale fagmiljø på Vestlandet, og er meint å nå eit stort publikum i alle aldrar.

 

Deltakande institusjonar/samarbeidspartnarar

  • Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen
  • Det samfunnsvitskapelege fakultet, Universitetet i Bergen
  • Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Universitetet i Bergen
  • Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen
  • Bergen Museum, Universitetet i Bergen
  • Universitetsbiblioteket, Universitetet i Bergen
  • Hordaland fylkeskommune

 

Prosjektdeltakarar  frå Universitetsbiblioteket i Bergen

Ole Gunnar Evensen (medlem av fagredaksjonen), Irene Eikefjord (redaksjonssekretær)

I tillegg er Randi E. Taxt medlem av redaksjonsrådet.

 

Tidsramme

2008-2012

 

Finansiering/bidragsytarar

Universitetet i Bergen, Hordaland fylkeskommune, Statoil Hydro, Gjensidige og Sparebanken Vest har bidrege i fyrste fase av prosjektet. Dei deltakande institusjonane bidreg med eigeninnsats.

Prosjektet sine nettsider: http://www.grind.no/

 

Sist endret: 23.8.2010