Gå til innhold
English A A A

Lånereglar


Reglar for utlån og bruk av Universitetsbiblioteket sine tenester



  • Universitetsbiblioteket i Bergen (UB) låner ut bøker og anna materiale, og gjev tilgang til informasjon i elektronisk form til studie- og forskingsbruk.

  • Lån av bøker og andre dokument krev lånekort ved Universitetsbiblioteket. Lånekortet gjeld ved alle avdelingsbiblioteka. Lånekortet er personleg. Tap av kort må snarast meldast til biblioteket. Lånar pliktar å sjå til at opplysningane om adresse, telefon, e-post m.m., er korrekte. Ein får lånekort mot framvising av gyldig legitimasjon med bilete. Studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen brukar eige studie-/id-kort som lånekort.

  • Universitetsbiblioteket brukar e-post eller sms til å senda melding til lånarane.

  • Normal lånetid er 4 veker. Lånetida må haldast. Ved reserveringslister kan lånetida kortast ned. For pensumlitteratur gjeld eigne reglar. Noko materiale er pålagd spesielle lånerestriksjonar. Bøker som blir kalla inn til bruk for andre, må leverast straks. Andre lån kan normalt fornyast. Ved lengre fråver skal utlånt materiale leverast inn. Vidarelån til andre er ikkje tillate.

  • Når utlånt materiale ikkje er innlevert etter to purringar, vil lånar ved utsending av innkalling tredje gong bli nekta vidare lån. For å få oppheva lånestopp, må lånar levera inn det utlånte materialet.

  • Lånar som ønskjer det, kan få kvittering for innlevert materiale.

  • Lånar må erstatta tapt eller skadd materiale. Understreking eller notering i bøker blir rekna som skadeverk. Tapsmeldt materiale som seinare kjem til rette, er framleis biblioteket sin eigedom. Erstatningssum, minus kostnader som biblioteket har hatt, kan refunderast mot framvising av kvittering for betalt erstatning.

  • Tidsskrift er normalt ikkje til heimlån. Det er høve til å kopiera frå tidsskrift. I alle utlånsavdelingane har lånar tilgang til kopimaskin for kopiering ved hjelp av ansattkort/studentkort eller ved kjøp av kopikort. Elektroniske tidsskrift og andre elektroniske dokument kan lesast på alle PC-ar knytte til Universitetet sitt nettverk.

  • Reglar for Biletsamlinga, sjå her.
    Reglar for andre spesialsamlingar, sjå her.

  • Utanbys lånar skal normalt låna via næraste bibliotek. Fjernstudent registrert ved Universitetet i Bergen kan ta kontakt direkte med Universitetsbiblioteket.

  • UB kan låna inn studie- og forskingsrelevant litteratur frå andre bibliotek for tilsette og studentar ved UiB.

  • For nokre tenester krev biblioteket gebyr frå brukar. Meir informasjon om dette finst her.

  • Brot på lånereglane kan føra til tap av rett til lån og andre tenester.

  • Det kan i særskilte høve bli gitt dispensasjon frå lånereglane.

 

Sist endret: 16.5.2011

    Les andre saker om tema:

  • Utlån