Hjem

Universitetsmuseet i Bergen

Nyheter

Tre artar av snøklokker i Bergen

Eit av dei sikre vårteikna på Vestlandet er snøklokkene- allereie i januar , om det er milde vintrar, kjem dei første blomane fram, og stive og ranke kan blada stå sjølv om snøen kjem. Det er tydeleg at dei har mykje frysevæske.

snoklokke1.jpg

Galanthus woronowii ved Arbeiderboligen på Minde i Bergen. D.O.Ø foto  2017
Galanthus woronowii ved Arbeiderboligen på Minde i Bergen. D.O.Ø foto 2017
Foto:
Dag Olav Øvstedal , 2017

Linné kalla slekta Galanthus, det tyder « den mjølkekvite blomsten».  Slekta veks i det søraustlege Europa og austover, til Kaukasus og Iran. Nordover er det meir usikkert , avdi vanleg snøklokke, G. nivalis, er planta inn i midt- og sørvest-Europa og naturalisert der. Dei fleste av dei 20 artane veks rundt Svartehavet og på øyane i Egeerhavet. Det vert år om anna funne nye artar.

Alle artane har to blad, og ein viktig karakter er korleis dei to blada er orientert mot kvarandre,: flattliggande mot kvarandre, innrulla i kvarandre eller flattliggande med tilbakebøygde kantar.  I våre dagar har DNA-teknikkar  ført til at ein skjønar meir av slektskapet mellom artane. Blomsten har seks blomsterblad i to kransar, og på dei innerste, som er kortare enn dei ytre, er det eit eller to grøne merka.
Fargen på blada er og viktig, frå  grågrøn til klargrøn.


Bergen er full av snøklokker, både i nye og gamle hagar.  Det aller meste er vanleg snøklokke, G. nivalis. Men turar gjennom byen på seinvinteren og våren 2016 gav som resultat at det vart funne to andre artar  i byen: G. woronowii og G. plicatus. Vanleg snøklokke, G. nivalis, har smale, grågrøne blad, og eit grønt merke. Storleiken og forma på det grøne merket kan variera, og fargen kan vera meir gulaktig.  Ei fylt form er også ikkje uvanleg. Spesielt i England har det utvikla seg ein heil interesseorganisajon rundt snøklokker- galathophiles- som har årbøker, og samlingar i hagar med stort utval av former.Snøklokkene på Vestlandet er nokså homogene, og dei spreier seg i gamle hagar, ved sidelaukar og truleg også ved frø.  Humler vitjar ein sjeldan gong snøklokker.

G. woronowii er kjend, under ulike namn, frå lang tid attende i hagar i Bergen.  Det er ein art med relativt breie blad, og dei er klårgrøne, veldig ulike dei hos G. nivalis. Eit grønt merke på dei indre blomsterblada.  Eg har funne han 3-4 stader i småhagar i Bergen. Arten kjem frå  det nordaustlege Tyrkia austover til det sentrale Kaukasus, og har ingen problem med Bergensklimaet. G. plicatus veks og i nokre få småhagar og grøntområde i Bergen. Det er ein art med grågrøne, breie blad, og med to grøne merke på dei indre blomsterblada. Det er ein langsgåande fald på blada. Arten kjem frå kystområde ved Svartehavet, inklusive Krimhalvøya.

Men er G. plicatus ein gamal bebuar av hagane i Bergen , på same måte som G. woronowii ? Svaret på det trur eg at eg fann då eg såg G. plicatus til sals i ein blomsterforretning i sentrum , Omtrent alt som vert seld i blomsterforretningane i våre dagar kjem frå Holland, og det er opplagt at G. plicatus er ganske ny i handelen. Folk kjøper han , og har han som stueplante, og når han er avblomstra vert løkane planta ut. Arten har problem i frostperiodar,  innhaldet av frysevæske er nok ikkje det same som i dei to andre artane. Truleg kan vi venta oss fleire snøklokkeartar i handelen i åra framover.