Hjem
Click

Universitetsmuseet i Bergen

Fakta

Cecile si snøstjerne - ei tragisk historie

Botanikar Pierre Edmond Boissier (1810-1885) namngav ei snøstjerne som var ny for vitenskapen etter kona Cecile. Ho døydde brått av ein infeksjon på ekspedisjon.

img_0635.jpg

Snøstjerne
Snøklokkenes tid er over, nå er det snøstjernene som regjerer.
Foto:
Dag Olav Øvstedal

I fleire parkar i Bergen står det ei vakker snøstjerne og blømer i mars-april.  Ho har det latinske namnet Chionodoxa luciliae, og bak dette namnet skjuler det seg ei tragisk historie. Han som namngav arten var den sveitsiske botanikaren Pierre Edmond Boissier, som levde frå 1810 til 1885. Han reiste mykje rundt i Midtausten og var den store autoriteten på floraen i dette området, med talrike publikasjonar om emnet, og han namngav ei mengd slekter og artar. På ein av turane hadde han med seg si unge kone, Cecile, og så døydde ho brått av ein infeksjon. Det var ein tragedie for Boissier, og då han på ein seinare ekspedisjon fann ei snøstjerne som var ny for vitenskapen namngav han ho etter kona, Chionodoxa ceciliae. Arten veks i fjella i Tyrkia.

Eit evig minne

Snøstjernene, Chionodoxa, står nær blåstjernene, Scilla, og skil seg ved nokre små detaljar i blomsten. Det er små vårlauk, med 1-12 blå blomster i blomsterstanden. Blomsten har oftast eit kvitt parti i midten, men dette er ikkje tydeleg hos C. luciliae. Nokre meiner at dei burde vore slått saman med Scilla i ei slekt. Her i landet har dei vore dyrka sidan frå om lag 1885. Taxonomien er litt uklår, mend det synest å vera fire artar som er dyrka her., C. luciliae, C. forbesii, C.siehei og C. sardensis. I alt er det kjend seks artar, alle frå det austlege Medelhavsområdet. Frøa har eiaiosom, eit lite fettfylt vedheng som maurane et, dei drar med seg frøa mot tua og spreier såleis frøa. Plantane produserar og sidelauk som verkar som spreiingsorgan.

C. luciliae står i fleire parkar og i Muséhagen, som eit evig minne om Lucile Boissier.

Ein annan art, C. siehei, veks i fleire privathagar og synest å spreia seg med frø. Arten kan etterkvart dominera heile hagen.