Hjem

Universitetsmuseet i Bergen

Fakta

Ja, me elskar Magnolia!

I siste halvdel av april og mai er det umogleg å unngå Magnolia-artane sin fargerike bløming.

img_0649.jpg

Magnolia
MEST VANLEG: Den arten som kjem tidligast os oss er Magnolia kobus. Dette treet kjem frå langt nord i Japan, og er det mest hardføre av Magnolia-artane hos oss. Står mange stader i Bergen, mykje planta av Parkavdelinga. Blomane kjem før blada.
Foto:
D.O.Øvstedal

I siste halvdel av april og i mai skjer det ein liten blomstereksplosjon i Bergen: Fleire Magnolia-artar blømer, med kvite, lyseraude eller aprikosfarga blomar. Det er mange artar og kultivarar som er planta i grøntområde eller privathagar.

Treslekta Magnolia har om lag 100 artar, som veks vill i Søraustasia, Nord- og Søramerika. Geologisk sett er det ei sers gamal slekt, ein har funne fossilar som er om lag 95 millionar år gamle. På den tida eksisterte ikkje humler og bier, og dei fekk difor biller som pollinatorar. Biller har god luktesans, og difor luktar magnoliablomane ofte sterkt. Slekta utgjer ei av dei første greinene i blomsterplantane sitt stamtre, og difor er blomane nokså primitive, med pollenberarar og fruktemne i spiral langs ein lang blomsterbotn. I fruktstadiet sit det ei rekkje belgkapslar på denne blomsterbotnen, dei er ofte mørkeraude, og frøa heng til slutt ut på ein lang frøstilk. Frøa er også raude, og vert etne og spreidd av fuglar.

Den vakre blømingen

Den arten som kjem tidligast os oss er Magnolia kobus. Dette treet kjem frå langt nord i Japan, og er det mest hardføre av Magnolia-artane hos oss. Står mange stader i Bergen, mykje planta av Parkavdelinga. Blomane kjem før blada.

Litt seinare kjem tre ulike Magnolia: M. x soulangeana, M. stellata og M aff. cylindrica.

M. x soulangeana har store, opptil 8 cm breie, oftast lyseraude blomar.  Det er ein hybrid mellom M. denudata og M. liliiflora. Vart framkryssa i Frankrike i 1820, av ein tidlegare general hos Napoleon. Står i Muséhagen. Fleire små tre med store lyseraude blomar finst fleire stader i Bergen, dei høyrer truleg til M. x soulangeana.

M. stellata er ei busk på 1-2 m, med stjerneforma, kvite blomar. Kjem og frå Japan, står fleire stader i Bergen.

M. obovata  er den største artan som veks her i byen av denne slekta. Det er eit tre som kan bli opptil 30 m høgt, med store blad som kan bli opptil 30 cm lange og kvite blomar som blir 15-20 cm breie. Dei luktar sterkt. Det står eit tre ved Geofysen på Florida, tidlegare sto det eit tre i Muséhagen. Kjem frå Japan.

M cf cylindrica er eit mellomstort  tre som står i Muséhagen. Mellomstore kvite blomar, med vond lukt. Arten kjem frå China.

Den siste arten som blømer hos oss er M. sieboldii. Liknar ein del på M. kobus, men blomane kjem lenge etter at  blada er sprunge ut. Arten kjem frå Japan. Står i Muséhagen og fleire andre stader i Bergen.