Hjem

Universitetsmuseet i Bergen

Himmelsk klang

Universitetsmuseet i Bergen har gleda av å invitere til ein-dags symposium om produksjon og bruk av kyrkjeklokker, særleg då i mellomalderen.

Himmelsk klang

Himmelsk klang
OMVISNING: Det blir omvising og lytting til klokkene klokken 12:00, i Mariakirken.
Foto:
UM/UiB

Kyrkjeklokkene og lyden frå dei har i ca. tusen år vore viktige i det norske samfunnet, både i sakral og profan samanheng. Ein-dags symposiet «Himmelsk klang» handlar om produksjon og bruk av kyrkjeklokker, særleg då i mellomalderen.

Symposiet er organisert av mellomaldersamlingane ved Avdeling for kulturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen (Alf Tore Hommedal og Justin Kroesen). Symposiet er ein del av Mellomalderklynga ved Universitetet i Bergen.

Foredraga, på norsk eller engelsk, vert haldne ved den arkeologiske samlinga, Dreggsalmenning 3 (Bryggens Museum) etterfylgd av «himmelsk klang»-basert byvandring til kyrkjesamlinga, Haakon Sheteligs plass 10 (Historisk Museum).

Sett av tysdag 21. nov 2017 klokka 9-17 til tonar og tankar om Himmelsk klang i mellomalderen!

Påmeldingsfrist 10. november - Påmeldingskjema her

Program

09:00-09:15            Velkommen ved fagdirektør Henrik von Achen

Kyrkjeklokker

09:15-09:45            Justin Kroesen: Klokker som markør i liturgien                     

09:45-10:15            Terje de Groot: Norske middelalderklokker. Hva er bevart og hva vet vi?                            

10:15-10:30            Kaffi/te/frukt                                                                                                                                                                        

«Me fecit». Klokkestøyping i Noreg ut frå arkeologiske funn 

10:30-11:00            Alf Tore Hommedal: Ein heilag verkstad? Om klokkestøypinga i Sola kyrkje, Rogaland   

11:00-11:30            Julian Cadamarteri: Et klokkestøpingsverksted i sein-middelalderens Trondheim           

11:30-11:45            Spørsmål og diskusjon

11:45-12:15            Mariakirken, omvising og lytting til klokkene kl. 12:00 

12:15-13:00            Lunsj (Bryggens Museum)                                                                                                                              

Klokkeklang   

13:00-13:30            Alf Tore Hommedal: Det utvida kyrkjerommet. Det landskaps-messige lydbiletet i by og bygd                                          

13:30-14:00            Dick van Dijk: Himmelsk klang i ein europeisk kontekst                                        

14:00-15:00            Byvandring til Nygårdshøyden                                                                 

15:00-15:45            Kyrkjesamlinga, Historisk Museum                                                  

15:45-16:15            Kaffi/te /frukt. Oppsummering

16:15-16:25            Asbjørn Myksvoll: Klokkespelet i Johanneskirken                                                                                      

Avslutning               

16:40-17:00            Dick van Dijk: Klokkespelkonsert, Johanneskirken                                                                     

Avslutning       

16:40-17:00       Dick van Dijk: Klokkespelkonsert, Johanneskirken