Arkeologar avdekker produksjonsstad frå tidlig vikingtid
Særs gode bevaringstilhøve gjer at arkeologar ved Bergen Museum no kan avdekke eit omfattande arkeologisk funn i Lærdal.
Funnet på Bjørkum fortel at her har det vore ein omfattande husflids- og handverksproduksjon i tidlig vikingtid. Førstkomande laurdag 10. oktober er lærdølar, sogningar og alle andre interessert inviterte til open dag og orientering om det spanande funnet.
Her er det funn av mengder av beinmateriale, kvernsteinar og rester av tekstilar, vevlodd og spinnehjul som fortel at det antakeleg har vore ein husflids- og handverksproduksjon av mellom anna tekstilar, gjenstandar av bein, kammar med meir. Her er avdekka rundt 30 ulike type hus, både meir permanente stolpehus og hus for ulike typar av produksjon.
Kam med runeinnskrift
Eit interessant funn er gjort av ein kam med følgjande runeinnskrift; " Øystein (eller mann austanfra) gjorde denne (kammen)" Kammar hadde høg status i vikingtid og arbeidet med denne er utførd med kyndig hand. Runeinnskrifta tyder og på at dette var gjort av ein handverkar og spesialist. Kammen er mest sannsynleg frå 800-talet .
Førstkommande laurdag 10 oktober er det duka for open dag på Bjørkum i Lærdal. Her kan interesserte kome og få meir kunnskap om dette spanande funnet med omvisingar, orientering og framsyning av gjenstandar.
Dessutan kan du ta del i ei rekke aktivitetar som antakeleg og har funne stad på Bjørkum i tidlig vikingtid; både jernbogeskyting, produksjon av kammar og gjenstandar av bein og matlaging på vikingvis. Her blir både kokegroper, klebersteinskar teke i bruk og nystekt brød får du og, av korn malt med handkvern.
OPEN DAG - PROGRAM
Tid: laurdag 10. oktober , kl 1100 – 1500
Stad: Bjørkum i Lærdal
- Omvising
- Framsyning av gjenstandar
- Aktivitetar for born og vaksne:
- Skyting med jernalderboge
- Produksjon av kammar og gjenstandar av bein
- Matlaging i vikingtid:i kokegrop, graut klebersteinskar, maling av korn med handkvern, steiking av brød
Sist endret: 12.10.2009
Nyheter fra Universitetsmuseet i Bergen
- Vellykket «work-shop» på vestafrikanske bunndyr (15.07.2013)
- Sommerblomstene er på plass (28.06.2013)
- Ny publikasjon (15.06.2013)
- Dypere enn lyset tilbake på Universitetsmuseet (04.06.2013)
- Seminar om lav til ære for Per Magnus Jørgensen (31.05.2013)
Relaterte nyhetssaker
- University of the Witwatersrand (Wits University) (23.04.2013)
- Tonnevis av stein på flyttefot ( BT 13.4.13) (16.04.2013)
- Velkommen til Arkeologisk dag (11.03.2013)
- Forskningsseminar i arkeologi: Tingsteder på Vestlandet i vikingtid og middelalder (14.01.2013)
- Forskningsseminar i arkeologi: Grøntoft og Lyngsmose (14.01.2013)
- Arkeologi
Les andre saker om tema:
Last ned filer
- Omtale i Aftenposten 8.10.09 (PDF-fil, 231 Kb)